Distriktsstyret

Medan lokalforeiningane er dei som driv direkte humanitær aktivitet, har distriktstillitsvalde ei overordna rolle som tilretteleggarar for slik humanitær aktivitet.

Distriktsstyret og distriktsråd i Sogn og Fjordane Røde Kors er valde på årsmøtet av delegatar frå lokalforeiningane, hjelpekorpsa, omsorgsavdelingane og ungdomen. Styret skal sjå til at handlingsprogrammet som distriktsårsmøtet vedtek, vert gjennomført,og at lokalforeiningane får hjelp til nødvendige ressursar for å utøve lokal humanitær aktivitet, basert på behova rundt i byane og bygdene.

Distriktsråd -Hjelpekorps, -Omsorg og Ungdom skal bidra med opplæring og anna tilrettelegging for lokalt arbeid innan søk og redning, besøksteneste, migrasjon, oppvekst og innan ung frivilligheit. Er representert i styret.
 
Beredskapsutvalet, som er samansett av deltakarar frå styret, råda og lokalforeiningane, skal hjelpe lokalforeiningane med planverk, avtaleverk, opplæring og øvingar innan beredskap.
 
Internasjonalt utval, som er samansett av deltakarar frå heile organisasjonen, skal forvalte vårt internasjonale distriktssamarbeid.
 
 

 

Synøve Sande
Distriktsleiar
E-post
sysande@enivest.net
Telefon
90726012

 

Arve Sandal
Nestleiar
E-post
arve.sandal@enivest.net
Telefon
481 67 060

Medlemmer i distriktsstyret:

Sigurd Strand, Olden
Marianne Loftesnes, Sogndal
Marit Kvalen, Luster
Per I. Rimmen, Flora
Ruth F. Fossen, Gaular
D-råd Omsorg; Berit Flæte Arntsen, Lavikdal
D-råd Hjelpekorps; Anita K. Vik, Stryn
D-råd Ungdom; Jon Atle Rise