Om Sogn og Fjordane Røde Kors

Sogn og Fjordane Røde Kors støttar våre 27 lokalforeiningar og nær 2000 frivillige i deira humanitære aktivitet innan søk og redning, oppvekst, migrasjon, sosial inkludering og beredskap.

Vi har distriktskontor i Førde med sju faste og to prosjektstillingar. Arbeidet er styrt av handlingsprogrammet, som årsmøtet, med sine gjennomsnittleg 100 delegatar frå lokalforeiningane, bestemmer. 

Distriktsstyret, med representantar frå Distriktsråd Omsorg og Hjelpekorps, står ansvarleg for den daglege drifta mellom årsmøta.

Den humanitære aktiviteten er i hovudsak plassert i lokalsamfunna, hjå lokalforeiningane. Sjå under våre aktivitetar kva distriktet gjer.

Les meir her: