Redningsskulen

Grunnopplæring i søk og redning på Nesholmen i regi av Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps.

Vil du vere med?
Kontakt ditt hjelpekorps!

– 9.1, dette er 2.7, seier Stine Senneset inn i radioen.
– Vi startar no på oppgåva. Slutt frå 2.7, seier ho. Senneset er lagleiar på søkelag sju på barmarkskurset i søk og redning på Nesholmen. Laget ho leiar har fått beskjed om å finne fram til eit punkt i skogen på Heimseta ovanfor Hyen. Der ventar det ei oppgåve.

Stine og Anja Senneset diskuterer kvar dei skal gå

– Kvar er vi no? spør mangeårig kursrettleiar Einar Helge Hansen. Gruppa han skal hjelpe byrjar frå scratch - dei skal orientere med kart og kompass til ein vanskeleg tilgjengeleg stad.
– Sjå dykk rundt, er det noko de finn att på kartet som de ser? spør han. Ved hjelp av nokre kraftlinjer, eit veggryss og nokre hus, får dei grunnlag nok til å ta ut ein kompasskurs til punktet som er målet.
– Har alle same tal på kompasset no? 80? Bra.

Snø, sol, bakkar og berg. Forhold leitemannskap må lære seg å takle.

Kvalifiserer til å leite

Den vesle gruppa beveger seg oppover med ein dagsrasjon mat, varme klede, førstehjelpsutstyr, godt mot og store forventningar. Denne helga skal dei kvalifisere seg til å søke etter sakna. Dei vert utfordra på å klare seg sjølve i naturen, finne sakna, ta seg av dei og få dei med seg heimatt.
– Eg ser posten! ropar Senneset. Etter tre kvarter med orientering mot ukjent mål ser laget ein plakat som heng i ei urete li. Då har lagleiar fått øvd seg på å ta styringa, og laget har øvd seg på å finne fram til gode vegval i fellesskap.
No står dei framføre sin første søketeig. Om ikkje lenge kan det vere eit levande eller dødt menneske dei er på leit etter. Alle konsentrerer seg og rettar merksemda mot rettleiar sine instruksar.

Søkelaget går sin første manngard

– No brukar vi merkeband slik at både vi og andre som kjem etter oss kan sjå kvar det er søkt, seier Hansen. Dei får beskjed om å gå med ei slik avstand at dei har kontroll på terrenget mellom seg, cirka 3 meter i dette terrenget. Og dei får beskjed om å snu seg jamleg, for det kan ligge ting på baksida som ein ikkje ser når ein ser framover.

Dei går på ei linje framover i terrenget. Kik etter spor frå ein mogeleg sakna. – Skal vi gå ovanfor eller nedanfor den store steinen? spør Anja Senneset. Dei har kome til ein stein på storleik med eit lite hus. Dei bestemmer seg for å sende to nedom steinen, for å få skikkeleg oversikt. Og der, under ei trevelte.
– Funn! er det ein som ropar. Laget stoppar og lagleiar går bort og undersøker. Eit spor?

Bratt og krevjande

Innfesting av sikringstau

Oppi skråningane og hamrane over Nesholmen leirstad er det nokon som held på med tau og taljer. Desse er ikkje nybyrjarar, dei held på å lære seg ein av Hjelpekorpset sine mest spesialiserte redningsmetodar. Dei skal fram der det må rep til for sikkert søk og redning.
– Vår metode har ei langsam framdrift, difor skal vi berre inn i små definerte område der det ikkje er mogeleg å gå. Det kan vere skrentar, hamrar eller liknande, seier Kjetil Høidal, fagleiar i krevjande lende.
Krevjande lende brukar ein viss type sikringsutstyr og metode som skal vere lik i heile Røde Kors, slik at ein lett kan samarbeide på tvers når fleire lag må løyse oppgåva saman. Eit taulag kan søke ein sektor på 50 – 100 meter, og så må dei kanskje halast opp att, og taua må flyttast før ein kan ta ein ny søketeig. Det tek fort ein halv time.

Fagleiar krevjande lende Kjetil Høidal

Eit lag består av to personar som delvis heng, delvis går, nedover med ei båre festa mellom seg. Taua er sikra i eit tre, og minst to personar slepp ut tau og sikrar ovanfrå. I tillegg kan laget ha ein lagleiar og gjerne ein som tek seg av samband.

Metoden krev mykje øving og grunnutrustinga kostar pengar. Mange oppdrag i fjellpartia våre er det berre desse hjelpekorpsarane som kan hjelpe til med, difor vert det satsa. Om lag halvparten av Hjelpekorpsa i fylket har denne kompetansen. No vurderer òg to av våre «brattaste» korps, Aurland og Lærdal, å starte opp.
– No ligg det ein pasient der nede, så de må ned med båra, seier Høidal til dei to som nett har knytt seg fast med klatresele og hjelm. No skal dei ned.
Dei løftar båra mellom seg, og går sakte baklengs mot «avgrunnen», ein 15 meter høg skrent. Dei to andre på laget gjev ut tau. Sakte lirkar litt skjelvande føter seg utfor kanten. Sakte.

Krevjande lende går ut på å redde folk der det er for bratt å bevege seg utan sikring

Kjappe redningar

Det fresar i motoren, som skyt den oransje RIB-båten bortover vassflata. Oppi sit det seks hjelpekorpsarar som held på å lære seg vassredning. Det vil seie at dei skal lære seg metodar for å finne og berge folk ved og i sjø eller vatn, og samtidig ivareta tryggleiken til seg sjølve og laget sitt.
Båten nærmar seg ein person som ligg i sjøen. Denne personen har overlevingsdrakt på seg, og det er ei øving. Like fullt, den vaksne karen skal ut av det fire grader varme vatnet og om bord i båten på ein effektiv og skånsam måte.

– Sakte, sakte. Ta tak i beina hans og styr han langsmed båtsida, seier lagleiar. Båtførar held eit fast grep om stikka, klar til å reversere. Mannskapet i båten har rulla ut eit redningsnett som dei smett under den som ligg i vatnet. Når han er ved sida tek alle tak og rullar han forsiktig over ripa, eller RIB-pølsa.

Båtlaget er deltakarar på kurs i vassredning. Det vil seie at dei står fremst når folk er sakna i strandsona og utanfor. Dei lærer å gå manngard på sleipe svaberg, dei lærer å bruke vasskikertar på grunna, dei lærer hurtige overflatesøk, om nedkjøling, å bruke kasteline og mykje meir.