Seksualopplysing

Seksualopplysingsprogrammet "Aktivt val" vert tilbudt ungdoms- og vidaregåande skular.

Røde Kors ser at ungdom sin kunnskap om spesielt eigne grenser og forståing av seksualitet er mangelfull. Vi har difor utvikla eit undervisningsopplegg som skal styrke ungdomsitt grunnlag for å ta gode val innan dette store området i livet.

Opplegget går over to skuletimar, og inneheld faktainformasjon, øvingar, diskusjonar innan alt frå kjønnssjukdomar og kondombruk til grensesetting og haldningar til ulike legningar.

Programmet vert gjennomført på forsommaren i samarbeid med sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, kontakt Thor Erlend Mehammer på 05003.

Les meir.