Ferie for absolutt alle

For 12. gong har frivillige ferievertar lagt til rette for ei ferieveke på Haugland som normalt ville vere uoppnåeleg for deltakarane.

Han snille med det kvite skjegget, Torleif, står og sorterer fiskestenger. Heidi prøver å vase opp ei klynge med hoppetau. Asbjørn har pakka ekstra niste til alle for turen i Kvernsteinparken. Katrin gjer alt klart til kubbespel. Dei 14 frivillige ferievertane legg seg i selen for at 81 spente deltakarar skal få sommarens høgdepunkt på Ferie for alle (FFA) i Fjaler.

For 12 gong

Det er 12. år på rad at Sogn og Fjordane Røde Kors inviterer barnefamiliar til ei veke gratis sommarferie i samarbeid med UWC Red Cross Nordic på Haugland.

Det er Nav, helsestasjon og andre tenester i kommunane i heile Sogn og Fjordane som prioriterer familiar for Røde Kors. Familiar dei ser har særskilte behov, og der eit avbrekk frå det daglege elles ville vere uoppnåeleg. Grunnlaget er Barnekonvensjonen, som understrekar at barn har rett til leik og fritid.

Verksemder bidreg

I år har vi fått hjelp av verksemdene Caverion og Melin Medical på frivilligsida. Dei har sett tre tilsette til disposisjon som ferievertar i ei veke kvar.

— I staden for julegåver til dei tilsette, har verksemda gitt 20 veker frivilligheit til Røde Kors nasjonalt. Eg var ein av dei som søkte på å få gjere det. Eg likar godt å vere med ungar. Dette blir min måte å bidra på, seier Heidi Eriksrød frå Bygstad og Caverion, som kan vente seg «arbeidsdagar» frå soloppgang til etter solnedgang ei veke til endes.


— Ungane sitra då dei kom. For dei er dette som leirskule, eit veldig bra tiltak. Det vesle avbrekket gjev ungane ei oppleving, også til å ta med tilbake til skulen etter ferien, seier Eriksrød, som anbefaler andre å gjere det same om dei får høve.

Mange involvert

Til saman har vel 200 personar delteke som frivillige ferievertar på dei 20 familieleirene Røde Kors i fylket har arrangert sidan 2004. Til saman har vel 1650 personar fått tilbodet, som har vore fullbooka med venteliste dei fleste åra.


— Har du fiska før? Spør Torleif Reksten, ein av dei frivillige «veteranane». Med bestemt ro får han med seg ein liten gjeng ivrige hender, munnar og føter om bord i det nye tilskotet FFA sin flåte, færingen «Espen». Dei ror utpå vågen med splitter nye fiskestenger for å finne ut om torsken bit.

Bortanfor står ferievert Sølvi Jane Andersen og held den andre farkosten, «Asbjørn», stabil ved brygga. Uvane føter skal over ei robåtripe for første gong.
— Uææh, skrik ei av jentene då det piplar fram noko vått under tilja.


— Det er berre vatn, ropar Andersen, og får plassert tre ungar med kvar si fiskestang med blenkande sluk på kvar si tofte. Andersen løyser frå, før ho let årene skuve den blikkstille fjorden.


Dei som er att på land og ikkje har reist til Kvernsteinsparken, har hobbyverkstad. Perlekjeder i metervis og girlander til fredagens bursdagsfest, då Ferie for alle har 15-årsjubileum i Norge. Ute står eit par familiar og kappast om å treffe kvarandre sine kubbar. Då spelet er slutt og familiane har trekt vidare til andre aktivitetar, ryddar ferievertane Katrin Eldevik og Håvar Horstad saman.


— No veit eg ikkje kva eg skal gjere, seier Håvar.
— Det tyder vel på at folk har det fint, seier Katrin.
Då er det berre å sjå fram til kvelden: kano med innlagt velting, såpesklie og fotball dersom det blir regn.