Leiing på liv og død

I Hjelpekorpset kan vala leiarane tek i ein aksjon, avgjere om nokon dør eller overlever. Bli med på leiaropplæring!

Det har snart gått eit døgn sidan nokon såg han. Småviltjeger Asle Bortevik var sist sett klokka tre dagen før ved Middagshaugane på Utvikfjellet. No er han meldt sakna. Politiet har bedt Røde Kors om hjelp.

— Hypotesen er at han har gått seg vekk, seier Sølve Kiviranta, fagansvarleg for kurset i lagleiing på Utvikfjellet. Han formidlar oppdraget - øvinga - til deltakarane. Dei er tre søkelag. Dei skal øve på å leie eigne lag, og øve på å samordne seg laga imellom.

—  Oppgåva dykkar er å søke igjennom området. De skal ha med førstehjelpsutstyr, ullteppe, mat for åtte timar. De må organisere transport ut til området. Vi brukar kanal seks på radioen. De får også med ein ettersøkshund og ei drone, seier Kiviranta. 

Leiarane for kvart lag samlar seg raskt. Fram med kart og blyant. Dei er nye som leiarar, men har lang erfaring frå Hjelpekorpset. Dei tre, pluss hundeføraren, er fort i gang med å diskutere kva områder dei skal prioritere å søke i, og kva lag som går kvar.

Med seg i bakhovudet har dei kunnskap om korleis sakna personar oppfører seg. Ein dement tek seg fram i terrenget annleis enn ein toppturløpar, annleis enn ein jeger. Dei ser etter naturlege linjer å følgje i terrenget, som stiar, dalar, elver, kraftlinjer. Erfaring, utstyr og påkledning til den sakna, i tillegg til været, fortel dei litt om kor mykje det hastar. Dei vurderer korleis dei skal få mest mogeleg ut av ressursane sine, søkelag, hund og drone. Til slutt har lagleiarane ein slagplan og går tilbake til kvart sitt lag.

— Vi er lag to og byrjar søket ved dette krysset her, seier lagleiar Morten Heggestad frå Luster og peikar på ein sti øvst på kartet. — Det er oppdraget så langt. De har pakka utstyr? Skal vi då hive oss i bilen?

Laga tek opp radioen og melder inn planane sine for KO, kommandosentralen. KO er litt slik som ei and som symjer. Roleg på overflata, men det kan gå rimeleg hektisk for seg under. To-tre personar leier aksjonen på taktisk nivå. Det kan vere Røde Kors operative leiar, frå politi, sivilforsvar, brannvesen, redningshundane. To personar bemannar sambandsrommet og snakkar med søkelaga og dei andre involverte via radio. Føl med på og plottar inn kvar dei beveger seg, kvar dei søker. Syt for at informasjonen flyt dit den skal.

Morten Heggestad stiller opp laget sitt på ein kolle. Peikar ut retning. Dei skal gå stisøk med flanke. Det vil sei at dei skal følgje ei naturleg ferdselsåre der dei trur jegeren kunne ha tatt vegen, og så leite nokre titals meter utfor stien på kvar side.

GPS er på, sambandet har dekning, drikkeposen er full, førstehjelpsutstyret lett tilgjengeleg og merkebandet ligg i lomma på Røde Kors-vesten. Alt er klart til søk.

— Då merkar de av yttergrensene av søket med merkeband, slik at vi veit kvar vi har vore, instruerer Heggestad.

— Klart til søk! Søk!

Søkekjeda beveger seg sakte på linje gjennom terrenget. Tek seg god til å runde steinar og kratt. Undersøke groper. Sjå etter spor eller mista gjenstandar. Dei held blikkontakten, sikrar at heile linja vert skikkeleg søkt, at ingen ting vert oversett.

— Kan du Øyvind og Oddbjørg søke gjennom det store krattet? Seier Heggestad. Dei andre stoppar og følgjer med, medan dei utpeikte baskar seg gjennom stikkande einer. Dei kan ikkje oversjå ein einaste kvadratmeter, for ein veit aldri kva som har skjedd.

— Ingen ting her!

— Klart til søk! Søk!

Dei må vere grundige. Grundig kan vere forskjell på liv og død, funn og ikkje funn. Samtidig kan tidsbruk, effektivitet vere like viktig. Den sakna kan vere hardt skadd – ein heilt anna stad. Det kan stå om minutt for folk som til dømes er nedkjølte eller blør. Det å leie ein søkekjede må difor innebere at ein må vege passe mengde nøyaktigheit og effektivitet, samtidig som mannskapet sikrar eigentryggleiken.

- Eg har funne spor! ropar florøværingen Torstein Pedersen Hindøy. Heggestad spring bort og undersøker spora i myra. Han melder inn til KO om dagsferske spor, slik at dei kan ta med informasjonen i sine taktiske vurderingar for vidare søk.

Etter nokre hundre meter stoppar dei opp og prøver å danne seg eit nytt inntrykk av terrenget. Kartet syner at dei er ganske nær ei hytte. Hytta er utanfor søketeigen, men vil vere fort gjort å få med. Folk som har gått seg vill og frys, tyr ofte til hytter. Difor er det viktig å undersøke hytta straks.

Medan dei går mot hytta, førebur dei seg på korleis dei skal handtere eit funn. Lagleiar luftar kven som tek dei ulike oppgåvene, basert på ulik kompetanse. I tillegg til at alle har lang hjelpekorpserfaring, er ein ambulansemedarbeidar, ein er halvveges psykolog, alle har sine spesialitetar. Dei fordeler kven som tek førstehjelp, kven riggar båre og slike ting.

— No har vi hytta framføre oss her. Oddbjørg held fram og søker der nede, så tek vi rundt hytta, seier Heggestad.

Så susar det i radioen. Det er KO som ber laget gå til ein posisjon der ein redningshund har markert. Dei kan nærme seg eit funn.  Benedicte Valberg Svardal tek over som lagleiar. Dei studerer kartet og tek ut ein kurs.

— Vi kan vere der om 6-7 minutt, melder Svardal tilbake. — Er alle klare?

Dei går tilbake i same spor. Ventar ved oppgitt posisjon. Ventar på oppdatering. Er det nokon som har funne han? Så kjem ei ny melding. Det er gjort eit funn, får dei vite, truleg «mors». Mors er latin for «døden». Nok ein gong peilar dei ut ein kurs. Kompassnåla syner raskaste veg gjennom eit lite skar og over ei myr, 600 meter. Seks minutt.

— Då må vi berre gønne på, seier Oddbjørg Nordal. Først ein liten time-out.

— Vi skal no inn til eit mors. No må de vere ærlege med meg, om de vil gå inn eller ikkje. Det kan vere krevjande. Når vi kjem opp no, skal vi transportere personen til næraste veg. Husk skjerming og prosedyre. Eitt spor inn, eitt spor ut, seier Svardal.

Dei går framleis på linje, men no småspring dei. Gps-en blinkar mot mål. Ei bjørkeli med blåbærlyng, høgt over Nordfjorden. Inni krattet skal det ligge ein død jeger. Duren av ei søkedrone frå Røde Kors vert sterkare.

Mellom nokre kvite stammar, ligg ein mann på magen. Svardal melder frå til KO om funn. Nordal tek tak i mannen, rullar han over på rygg, kjenner etter puls, klappar han på kjaken og seier høgt og tydeleg «Høyrer du meg?»

Det er ikkje teikn til liv (-seier øvingsinstruksen, det er ein levande markør). Det er ikkje meir å gjere for han. Dei dekker han til med tepper, får lagt under ein båreduk. Heng opp dukar som skjermar mot teleobjektiv og nysgjerrige turgåarar.

Medan Svardal går ut til resten av laget for å skaffe hjelp, sit Nordal att med «morset».

— Eg sit her eg, seier Nordal. Det er greitt at det sit nokon her og passar på. Berre for å vere her. Halde andre unna. Det er jo ein død person. Det er etisk rett at det er nokon her ved han, seier ho.

Laget organiserer fleire som kan bære, får laga ei båre av ein båreduk og fjellbjørk. Dei løftar han forsiktig opp på båra og ber han ut av skogen. Ut til vegen. Funnen. Ikkje i god behald.

Øvinga er over. Laget har hatt med seg Synnøve Giil Folkedal som observatør. Ho skal stille spørsmål ved vala som vart gjort. Gje tilbakemeldingar på samhandling og hjelpe til med evaluering. Slik er det i Hjelpekorpset - einaste måten å bli ein betre leiar på, er å øve, evaluere og prøve på nytt.