Vil stoppe mobbing

Røde Kors utfordrar skuleungdom til å ta stilling mot vald og mobbing.

— Kva er mobbing? spør Thor Erlend Mehammer i Røde Kors.

Elevane i 9. klasse ved Svelgen skule samlar seg i grupper for å leve seg inn i omgrepet mobbing. Dei skal skrive sine svar ned på gule lappar. Det tek ikkje mange minutta før gruppene har skrive ned 15-20 ulike måtar å oppføre seg dårleg mot andre på.



— Vi meiner mobbing er å plage nokon over lengre tid, melder den eine gruppa.
— Utestenging, til dømes om nokon ikkje blir invitert på ein fest, seier ei gruppe.
— Meiner du at ein alltid skal invitere alle i klassen på fest?
— Nei, men viss det alltid er den same som ikkje blir bedt, då er det utestenging og mobbing.  

Spreie rykter, baksnakke og lure folk. Skrive stygt om folk på sosiale medier. True, erte, terge og bruke negative kallenamn er også ein del av klassen si forståing av mobbing. Det same er å snakke stygt til folk og vere valdelege mot dei.

Når alle har fått det klart føre seg kva mobbing er, vert klassen utfordra til å ta stilling til nokre handlingar. Vise for heile klassen kva dei faktisk meinar.

— Den som er einig i at det er greitt at ein alltid vert valt sist på laget, stiller seg ved Jan, dei som meiner nei, stiller seg ved Jon og dei meiner kanskje, går bort til Josef.


Alle i klassen stiller seg straks rundt Jon – dei syner at ein slik måte å velje lag på, er utestenging og mobbing.

På spørsmål om ein skal godta eit klask på rompa, er svaret litt mindre eintydig. Fleirtalet går til Josef, kanskje. Dei meiner det kjem an på kven som gjer det. Nokre går til nei:
— Med mindre du har sagt ja på førehand, er det ikkje greitt.

Så gjev Thor Erlend Jan eit dunk på skuldra. Og kallar han Jan banan. Og ler.
— Vi er jo vener, så eg tykkjer dette må vere greitt, seier Thor Erlend, men får motstand frå klassen.
—Dette er ikkje snilt. Det må du slutte med! seier elevane.
— Eg er eigentleg einig, eg likar det ikkje, sjølv om vi er vener, seier Jan.

I mellomtida har Josef teikna ein illustrasjon på tavla, ein snirklete strek som illustrerer grensene til folk.
— Grensenen vil variere, seier han.
— Situasjon, venskap og mange andre ting gjer at grensene vil variere, seier Jan.

— Ja, vi er alle forskjellige. Det er svært viktig at vi respekterer denne ulikskapen, elles kjem vi til å slite i liva våre, seier Thor Erlend.

Så kjem ein ny tekning på tavla, av Maslovs behovspyramide.
— Mobbing kan gjere slik at ein ikkje kjenner seg trygg. Når ein ikkje får dekka det grunnlaggande behovet tryggleik, øydelegg ein mogelegheita for å få dekka dei andre behova i livet. Kjenner vi oss utrygge, vert det vanskeleg å vere sosial, få seg kjæreste, gjere noko vi kan bli respekterte for, realisere våre draumar.

Det er grunnen til at mobbing kan verer verkeleg farleg, seier Josef.


— Den einaste måten vi kan skape gode liv på, er å ta vare på kvarandre og ta avstand frå vald og mobbing. Kven er det her som tek avstand frå vald, spør Thor Erlend.

Etter tre kvarter med refleksjonar og diskusjonar om vald i klasserommet, ser det ut til at elevane har bestemt seg. Dei rettar handa i veret og tek avstand frå vald og mobbing.

"Stopp volden" er ei Røde Kors-leia kollokvie om vald og mobbing. Unge rødekrosarar besøker skulen og gjennomfører økter på ein eller to skuletimar med ung-til-ung-metodikk. Er dette aktuelt for dykkar skule eller klasse? Ta kontakt med Sogn og Fjordane Røde Kors på 05003 eller dk.sognogfjordane@redcross.no.