Medan lokalforeiningane er dei som utøver humanitær aktivitet, har distriktet ei overordna rolle som tilretteleggarar for slik humanitær aktivitet.

Distriktsstyret og distriktsråd i Sogn og Fjordane Røde Kors er valde på årsmøtet av delegatar frå lokalforeiningane, hjelpekorpsa og omsorgsavdelingane. Styret skal sjå til at handlingsprogrammet som distriktsårsmøtet vedtek, vert gjennomført,og at lokalforeiningane får hjelp til nødvendige ressursar for å utøve lokal humanitær aktivitet, basert på behova rundt i byane og bygdene.

Distriktsråd -Hjelpekorps og -Omsorg skal bidra med opplæring og anna tilrettelegging for lokalt arbeid innan søk og redning, besøksteneste, migrasjon, oppvekst og meir.
 
Beredskapsutvalet, som er samansett av deltakarar frå styret, råda og lokalforeiningane, skal hjelpe lokalforeiningane med planverk, avtaleverk, opplæring og øvingar innan beredskap.
 
Internasjonalt utval, som er samansett av deltakarar frå heile organisasjonen, skal forvalte vårt indternasjonale distriktssamarbeid, for tida med Brcko i Bosnia ogHerzegovina.
 

Distriktsleiar:

Synøve Sande, Svelgen-Bremanger
90726012
sysande@enivest.net

Nestleiar:

Arve Sandal
481 67 060
arve.sandal@enivest.no

Medlemmer i distriktsstyret:

Sigurd Strand, Olden
Harald Engevik, Florø
Anne Brit Sande, Førde
Marianne Loftesnes, Sogndal
Merete Mindresunde, Gloppen
D-råd Omsorg; Berit Flæte Arntsen, Lavikdal
D-råd Hjelpekorps; Stian Antonsen, Florø