Vik i Sogn og Fjordane. Vis bildetekst
Vik i Sogn og Fjordane.

Vik Røde Kors

Våre frivillige driv omsorgsaktivitetar og rednings- og beredskapsarbeid for å avdekkje, hindre og lindre naud i lokalsamfunnet. Med di hjelp kan me nå endå fleire.

Adresse
Postboks 46, 6891 VIK I SOGN
Telefon
41104713
E-post
post@rkvik.no
Leder
Janne Aalien
Nestleder
Reidunn Bolstad

Vårt mandat

Vik Røde Kors har som mål å gjere lokalsamfunnet tryggare og betre - for alle. Vil du vite meir om kva me driv med i det daglege, og om kva du kan bidra med? Les vidare og klikk deg gjennom aktivitetsmenyen under.

Noreg er verdsleiande på frivilligheit, og halvparten av befolkninga engasjerer seg i samfunnsnyttig, frivillig arbeid. Frivilligheit har ikkje berre ein positiv effekt på samfunnet. Menneske som arbeider frivillig, er beviseleg lykkelegare enn andre. Som frivillig i Vik Røde Kors kan du engasjere deg lokalt, og føle på gleda ved å hjelpe andre.

hjelpekorps
Illustrasjonsfoto: rodekors.no

Alternativt kan du bli medlem, og på den måten mogleggjere vårt arbeid gjennom di støtte. Det gjer godt, det òg. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg under 26 år.

Våre aktivitetar.