Bilde_til_CV-sak

Frivillige er lukkelegare og finn meir meining i livet.

Frivillige er lukkelegare og finn meir meining i livet. I tillegg gir det eit realt boost for CV-en. – Det er udelt positivt om ein søkar til ein jobb er frivillig i Røde Kors, seier bemanningsbyråa.

 - Oj! Seier me når me ser Røde Kors på CV-en til folk. Internt kallar me slike kandidatar heil ved, fortel avdelingsleiar i Manpower i Bergen, Veslemøy Selvik.

- Frivillig arbeid på CV-en er utelukkande positivt, og i nokre tilfelle kan det vere avgjerande for om ein får ein jobb

Veslemøy Selvik. Manpower Bergen

Å vere frivillig har mange frynsegode. I tillegg til dei ein kanskje tenker på fyrst, som å gjere noko for ei sak ein brenn for, å hjelpe andre og å få eit større sosialt nettverk, kan det ha mykje å sei for kor attraktiv ein er på arbeidsmarknaden. Ei spørjerunde blant dei største aktørane innan rekruttering viser at frivillig arbeid kan vere eit svært viktig tilskot på CV-en.

- Frivillig arbeid på CV-en er utelukkande positivt, og i nokre tilfelle kan det vere avgjerande for om ein får ein jobb, seier Selvik. Det er dagleg leiar i Bergen Bemanning, Alexander Havnnes Røed, einig i.

- Særskilt for yngre og nyutdanna kan dette vere den kompetansen som skil ein positivt ut frå mange andre med relativt lik erfaring eller utdanning.

Viktig for arbeidslause

I tillegg til at det seier noko om ein som person at ein gjer frivillig arbeid, kan det ifølge Selvik også vere avgjerande fordi ein har fått praktisk erfaring gjennom den frivillige innsatsen ein har gjort. Gjennom å jobbe saman med andre menneske, å ta ansvar og å kunne forplikte seg.

Me bur i ein region som tydeleg merkar den auka arbeidsløysa. Folk opplever å miste jobben, at kompetansen deira ikkje er relevant eller å ikkje komme i arbeid etter enda utdanning.

- 40 prosent av dei som søker jobb via oss, er arbeidsledige. Me tipsar dei om å jobbe frivillig for å vise engasjement og kapasitet, seier Selvik.

God arbeidstrening for unge

Frivillig arbeid kan også vere viktig arbeidstrening for unge, ein stad å praktisere språk og kultur for innvandrarar og eit arbeid å gå til for dei som av ulike grunnar ikkje har mogleg til å vere i løna arbeid. Men det kan også vere ei bru til arbeidslivet.

Frivillig arbeid kan gje verdifulle kontaktar gjennom dei folka ein møter. I Røde Kors er det frivillige frå alle deler av samfunnet, nokre kan kanskje opne moglegheiter på arbeidsmarknaden.

- Gjennom frivillige verv kan ein også opparbeide seg en god referanse som er gull verdt i en jobbsøkarprosess, seier Tatiana Pavlova i Adecco Bergen.

Kurs som tel

I Røde Kors har ein som frivillig ei rekke moglegheiter til å ta kurs i alt frå fyrstehjelp og beredskap, til organisasjonskunnskap, leiing og i å holde kurs og foredrag. Kompetanseheving som elles kan vere svært dyr og eit gode for dei i fast jobb. Ifølge fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes, kan dette vere det som skil ein ut i søkjarmengda.

- Slike kurs kan bety veldig mykje om dei er relevante for jobben ein søker, seier ho.

Pavlova peikar også på at kursa kan vere noko som er viktig for å få ein jobb, og gi ein fordel då ein ikkje treng gå gjennom nye kurs før ein byrjar i stillinga.

- Har ein oppdaterte kurs frå Røde Kors, er det veldig positivt. Det kan til dømes vere ein stor fordel å ha gyldig fyrstehjelpskurs om ein søker på ein jobb i barnehage eller liknande, seier ho.

Anne Bogsnes i NAV seier frivilligheit alltid er viktig for ein jobbsøkar, og kan vere den vesle skilnaden som gir deg jobb.

- Kurs og arbeidserfaring frå frivillige organisasjonar er viktig, det kan utgjere ein skilnad, og skilje kandidaten ut i søkarmengda.

I tillegg gir innslaget på CV-en arbeidsgivaren eit lite innblikk i korleis ein er som person.

-  Det gjev eit inntrykk av at du er ein aktiv, glad og samfunnsengasjert person, seier ho.

Frivillig i Røde Kors

  • Alle frivillige i Røde Kors får ved oppstart introduksjonskurs om organisasjonen, grunnkurs i psykososial fyrstehjelp og grunnkurs i fyrstehjelp.
  • Alle aktivitetane i Røde Kors har skreddarsydde kurs av høg kvalitet.
  • Røde Kors har også ei rekke kurs i organisasjon og leiing.
  • Som Røde Kors-frivillig har ein moglegheit til å vere med på regionale og nasjonale kurshelgar.
  • Frivillige som ynskjer det får utdanning i å holde kurs og brei erfaring i å holde foredrag og presentasjonar.
  • Meld deg som frivillig her.