Skap hjartevarme!

Vi er stolte over å ha fått direktør i Norec (Fredskorpset) Jan Olav Baarøy til å presentere deira vinkling innan frivilligheit på vårt arrangement «Skap hjartevarme!»

I Røde Kors er det rom for mange «typar» hjartevarme. På det opne gratisarrangementet «Skap hjartevarme!» tysdag 18. september, syner vi fram aktivitetar som dekker mange ulike humanitære behov i Førde, spesielt innan einsemd, migrasjon, redning og førstehjelp. Vi håpar du ser noko du også brenn for, ein aktivitet for deg å syne din hjartevarme i.

Velkommen til festsalen i Førdehuset tysdag 18. september kl. 19.00!

 

Skap hjartevarme
Program for kvelden. Vi opnar dørene i festsalen kl. 19.00. Velkommen!
Int. kor
Førde Internasjonale Kor opnar arrangementet med song

Møt våre gjester som presenterer frivilligheit med ulike innfallsvinklar

Jan Olav Baarøy
Direktør i Norec (tidlegare Fredskorpset) Jan Olav Baarøy vil gå inn på tema som: ulike former for frivilleg arbeid, og kva fredskorpset tenkjer på som «frivillighet»; samarbeid og poenget med gjensidigheit i internasjonalt samarbeid; konkrete eksempel på arbeid Røde Kors gjer i dag med støtte frå Fredskorpset.
Bente Nilsen
Bente Nilsen er 46 år og bur i Florø med familien og hunden Cindy. Ho har jobba i Sogn og Fjordane Røde Kors i 5 år som tilretteleggar for omsorg. I 2015 vart ho dagleg leiar i Flora Frivilligsentral som då var nyoppretta. Bente er også leiar i Flora Røde Kors Omsorg og frivillig besøksvenn med hund. Ho vil snakke generelt om aktiviteten Besøksvenn med hund og gje ei oversikt over kva opplæring dei frivillige treng og korleis dei kjem i gang med aktiviteten.