Foto: Gloppen Røde Kors. Vis bildetekst
Foto: Gloppen Røde Kors.

Gloppen Røde Kors

Våre frivillige driv omsorgsaktivitetar og rednings- og beredskapsarbeid for å hjelpe, trygge og støtte medmenneske i lokalsamfunnet. Bli med du òg, så gjer me Gloppen endå betre - saman.

Adresse
Grandavegen 16, 6823 SANDANE
Telefon
473 03 240
E-post
mmindresunde@gmail.com
Nestleder
Johannes Nedrebø
Leder
Merete Mindresunde
Gloppen Camping (2)
Tilstades på Gloppen Camping under NRKs Sommeråpent i 2019. Foto: Gloppen Røde Kors.

Vårt mandat

Røde Kors er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å avdekkje, hindre og lindre naud. I Gloppen Røde Kors tar me dette ned på lokalplan ved å forebygge og respondere for å redde liv, og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det. Vil du vite meir om kva det inneber i praksis? Les om dei ulike aktivitetane våre i menyen under, eller besøk vår Facebook-side.

Mykje av det vi tar for gitt her i landet er bygd på frivilligheit, og det gjeld i høgste grad også Gloppen Røde Kors.
Me treng frivillige. Me treng deg! Bli ein del av fellesskapen vår, og kjenn på gleda ved å hjelpe andre.

Fellesskapet (2)
Frå kurs på Nesholmen. Foto: Gloppen Røde Kors.

Alternativt kan du bli medlem, og på den måten mogleggjere vårt arbeid gjennom di støtte. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg under 26 år.

Våre aktivitetar