Om Sogn og Fjordane Røde Kors

Sogn og Fjordane Røde Kors støttar 27 lokalforeiningar i fylket og nær 2500 frivillige i deira humanitære aktivitet innan søk og redning, oppvekst, migrasjon, sosial inkludering og beredskap.

 

2019-03-31 årsmøte (217)
Synøve Sande og Arve Sandal er leiar og nestleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Distriktsstyret, med representantar frå Distriktsråd Omsorg, -Ungdom og -Hjelpekorps, står ansvarleg for den daglege drifta mellom årsmøta.

Vi har distriktskontor i Førde. Dei ni tilsette si hovudoppgåve er å legg til rette for lokal, frivillig, humanitær aktivitet. Arbeidet er styrt av handlingsprogrammet som fylkesårsmøtet bestemmer, behov hjå lokale ledd og distriktsstyret sine disposisjonar.

Sogn og Fjordane Røde Kors driv også humanitære aktivitetar sjølv, og har ansvaret for ein del arrangement.

Vi forvaltar også eigedomen Haugland i Fjaler, som sysselset over 100 personar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter og Røde Kors Nordisk United World College.

Les handlingsprogrammet!


Post og besøksadresse:

Sogn og Fjordane Røde Kors
Langebruvegen 28
6800 FØRDE

e-post: dk.sognogfjordane@redcross.no
telefon: 5772 3130

Organisasjonsnummer: 983198422
Bankkonto: 3700.20.27616

Les meir her:

Medan lokalforeiningane er dei som driv direkte humanitær aktivitet, har distriktstillitsvalde ei overordna rolle som tilretteleggarar for slik humanitær aktivitet.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler