Årsmelding 2016

Årsmelding 2016

Omveltningar gjev ny kraft.

I vårt arbeid med å stille opp for dei som er på flukt frå krig og konflikt, har Røde Kors styrka seg ved å mobilisere nye frivillige og starte ny aktivitet. Ny aktivitet og nye frivillige har vi også fått innan andre områder.

Aldri før har det vore arrangert fleire møteplassar i Sogn og Fjordane der ein høyrer språk frå Midtausten og Nord-Afrika. Språkkafear, internasjonal kafe, you name it, Røde Kors har lagt til rette for mange av dei , i samarbeid med frivilligsentralar og andre aktørar. Vi har også kopla flyktningguidar med frivillige, sendt fleire hundre på tur, vi har laga mat, lokale og innflyttarar i lag.

På tampen av året klarte vi her i fylket, å samle inn mest per innbyggar i årets TV-aksjon, som gjekk til Røde kors sitt arbeid med flyktningar frå krig og konflikt.

Trendar utfordrar oss

Friluftslivet verkar å vere meir aktivt og meir utfordrande enn nokon gong. Fleire feilreknar. Det er noko av årsaka til at Hjelpekorpsa aldri har hatt fleire oppdrag i dette fylket enn i 2016, mange av dei kompliserte. Samtidig har vi heller aldri hatt fleire som har hatt godkjent opplæring og fått testa kunnskapen sin. Så i 2016 har redningstenesta i fylket styrka seg med både erfaring og mann skap.

Sjå årsmeldingsfilmen her

Firbeinte vener

Når tal eldre no har byrjar å auke, styrkar vi også innsatsen for dei eldste. I 2016 har vi byrja å utvikle besøkstenesta med besøkshundar. Hundane har ein eigenverdi for dei vi besøker, og styrkar kontakten mellom menneska. Vi har også brukt 2016 til å løfte dei aller yngste av oss, barnehageungane, inn i eit spor der dei ser at det er viktig å ta ansvar, hjelpe og vise omsorg om nokon skadar seg. Henry førstehjelpssett for barn er tilbudt dei fleste barnehagane i fylket og er i full bruk.

Ressursar hjå dei unge

I denne årsmeldinga kan du også lese om korleis vi arbeider for at også barn i barne- og ungdomsskulen skal kunne hente fram sine humanitære ressursar. Vi utviklar lågterskel tilbod i stadig fleire kommunar i fylket, der barna kan få innsyn i eigne evner og få erfaring i korleis dei kan bruke dei i humanitær samanheng.

Les kva vi har oppnådd innan dei ulike innsatsområda:

 

Les heile årsmeldinga i pdf


Les Røde-Kors-avisa på nett:
Røde Kors-avisa nr 1-2016
Røde Kors-avisa nr 2-2016