Attvald som visepresident

Hanne-Marie Heggdal frå Innvik er vald til visepresident i Norges Røde Kors for tredje gong. Saman med nyvald president Robert Mood skal ho leie Norges Røde Kors dei tre neste åra.

Hanne-Marie Heggdal(1)
Hanne-Marie Heggdal frå Innvik er vald som visepresident i Norges Røde Kors for tredje gong.

– Eg er glad for at landsmøtet ga meg fornya tillit, seier Heggdal.

Ho gjekk mellom anna til val på den rolla den lokale frivillgheita i Røde Kors har, då det er der Røde Kor sin kjerneaktiviet om å avdekke, hindre og lindre naud ligg.

- Eg ser fram til å jobbe med Heggdal i det nye landsstyret, seier nyvald  president i Norges Røde Kors, Robert Mood.

På landsmøtet i Haugesund 6.-8. oktober, hadde Sogn og Fjordane Røde Kors landets nest største delegasjon, men nær 40 deltakarar. Fleire hundre delegatar fra heile landet deltok for å stake ut ny kurs for Røde Kors de neste åra. Landsmøtet er det høgste styrande organ i Norges Røde Kors i den tre år lange perioden mellom to landsmøter.

Sogn og Fjordane Røde Kors fekk også inn Stian Antonsen frå Florø i Landsrådet for Hjelpekorps, som representant for region vest (Hordaland og Sogn og Fjordane). I tillegg kom Odd Erik Loftesnes, tidlegare distriktsleiar i Sogn og Fjordane, inn som medlem i Røde Kors kontrollkomité. Distriktsleiar Synøve Sande er vara til landsstyret frå Det sentrale råd.