Røde Kors har spelt ei viktig rolle i mange dramatiske hendingar i Sogn og Fjordane Vis bildetekst
Røde Kors har spelt ei viktig rolle i mange dramatiske hendingar i Sogn og Fjordane, både med evakuering, brannsløkking, samband og naudstraum.

– Stor beredskapsutfordring utan frivillige

Frivilligheita har spelt viktige roller i dramatiske hendingar i fylket. Fylkesberedskapssjefen støttar Røde Kors sitt arbeid for å styrke samhandlinga innan beredskap med kommunane.

Flaum i Flåm og Utvik. Orkanen Dagmar. Brann i Lærdal. Katastrofar som råkar lokalsamfunna er ikkje ukjente for oss her i Sogn og Fjordane. Røde Kors og andre frivillige organisasjonar har stått side om side med naudetatar, kommunar og sivilforsvar for å hjelpe og avgrense skadane under desse hendingane.

Røde Kors jobbar for å betre samarbeidet om beredskap med kommunane før katastrofa råkar, for å få betre utbyte av våre ressursar. 

– Røde Kors og frivillige organisasjonar bør ikkje bli ringt og etterspurt midt opp i ei hending, det bør vere samvirke også under planlegging og førebuing til uønskte hendingar. Det handlar mellom anna om at vi er nøydd til å kjenne folk, nøydd til å kunne snakke med folk, etablere nettverk for at det skal fungere, seier mangeårig fylkesberedskapssjef, no for Vestland fylke, Haavard Stensvand.  

2019-01-12_leiarsamling_Stensvand_salen
Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand var invitert til Sogn og Fjordane Røde Kors si leiarsamling for å snakke om beredskap og samhandling.

Beredskapssejefen støttar Røde Kors sitt arbeid med å få på plass avtalar om beredskap med kommunane, og syner til regjeringa si stortingsmelding «Risiko i et trygt samfunn». Der rår ein aktørane til å ha eit heilskapeleg syn på beredskapsressursane, utvikle gode samarbeidsformer og løyse ting saman.

Til no har 13 av 27 lokale Røde Kors-foreiningar i Sogn og Fjordane ei slik avtale om beredskap med kommunen sin. Den skal sikre eit godt samvirke mellom partane før, under og etter hendingar, ved til dømes å sei noko om utveksling av beredskapsplanar, øvingar, opplæring og økonomi.  

– Når vi er ute hjå kommunane, snakkar vi med dei om korleis dei kan bidra til å stimulere aktiviteten i dei frivillige organisasjonane. Det ville by på store utfordringar for både store og små kommunar om ein skulle miste dei i beredskapsarbeidet, seier Stensvand, og syner til ein avisartikkel i Fjordenes Tidende om rekrutteringssvikt i Sjøredningsselskapet og Hjelpekorpset i Vågsøy.

Han peikar på økonomiske stimuli som viktige, men at også det å bli sett og anerkjent, å bli dratt med, er viktig for frivilligheita. Stensvand syner til ordførar i Stryn, Sven Flo, som han meiner er eit døme på ein god ambassadør for frivilligheita.

Beredskapsutfordringar

Det vert rekna som trygt å bu i Sogn og Fjordane, men i risiko- og tryggleiksvurderingar som er gjort på regionnivå, er beredskapen retta spesielt mot:

  • Naturhendingar (ekstremvêr)
  • Svikt i kritisk infrastruktur
  • Helseberedskap
  • Store ulykker
  • Uønskte hendingar innan jordbruk og fiske
  • Uønskte hendingar med konsekvens for natur og miljkø
  • Uønskte hendingar på sjøen
  • Tilsikta hendingar

Bør bli med på råd

Eit anna verkemiddel for godt samvirke, er dei kommunale beredskapsråda. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap rår alle kommunar til å ha eit slikt råd for å samordne beredskapen mellom mange viktige samfunnsaktørar. Ikkje berre naudetatar og kommune, men frivillige organisasjonar, kyrkja, næringslivet, forsvaret og verksemder som har ansvar for kritisk infrastruktur.

Også her varierer det kor mykje kommunane inkluderer Røde Kors. Stensvand oppfordrar organisasjonen til å halde fram med å ikkje vere beskjedne, og banke på kommunale dører og invitere seg med.

– Sist eg lufta beredskapsråd med kommunen, vart det vist til at vi har eit politiråd, men det føler eg ikkje er godt nok, seier leiar i Eid Røde Kors, Are Haavard Fagerli.

–  Eg trudde det var sjølvsagt med beredskapsråd i alle kommunar. Som leiar i Førde Røde Kors, vert eg kalla inn to gonger i året. Det trudde eg var heilt vanleg, seier Norvall Nøringset.

– Det er fint at du seier det er heilt naturleg at slike forum og dialogar eksisterer. Vi prøver å vere sterke talsmenn for at kvar kommune har eige beredskapsråd. Mange har det nok, men om det er slik at de ikkje er invitert inn til kommunane, då har dei det ikkje. Eit beredskapsråd utan frivillige organisasjonar er ikkje noko beredskapsråd. I frivilligheita er nok Røde Kors i ei særstilling, de bør vere med, seier Stensvand.

2019-01-12_leiarsamling (44)
Fylkesleiar Synøve Sande i Sogn og Fjordane Røde Kors takka fylkesberedskapssjef for Vestland, Haavard Stensvand, for at han deltok på leiarsamlinga.

Øve for viktige avklaringar

Eit tredje område som kan vere avgjerande med å lykkast når det verkeleg gjeld, er at ein øver. Røde Kors øver ein del sjølv, men dei fleste ønskjer og treng å øve meir.

– Når fylkesmannen lagar øvingar, inviterer de Røde Kors med? No hadde de ei øving om atomberedskap i kommunane, der vi lokalt i Røde Kors i Luster ikkje var invitert. Eg tenkjer at de må ta eit ansvar,  sa leiar i Luster Røde Kors Hjelpekorps, Ove Fortun.

– Dykkar rolle lokalt er nok først og fremst knytt til kva den kommunale kriseleiinga treng ute. Frå staten si side er vi nøydd til å ha respekt for det kommunale sjølvstyret og korleis kommunane organiserer sin kriseorganisasjon og handterer krisehendingar. Så kan vi oppfordre kommunane til å tenkje på frivilligheita i alt dei gjer, seier Stensvand.  

Han fortel at øvingane beredskapsavdelinga hjå fylkesmannen organiserer, er på eit overordna strategisk nivå i kriseleiing. Samtidig oppmodar han om å diskutere lokalt om ein skal øve saman. Til dømes bruke kommunalt beredskapsråd som forum for øvingar. Der kan ein til dømes ha viktige rollediskusjonar.

– Øvingar skal planleggast, det kostar tid og pengar, men vi ser mange gonger at det gjev ein verdi i seg sjølv å ha til dømes ei diskusjonsøving, seier Stensvand.

Beredskapsorganisasjonen

Norges Røde Kors er i kongeleg resolusjon utnemnd til støtteaktør for norske styresmakter på det humanitære området. Beredskapsarbeidet er grunnleggande for oss. Vi har eigne beredskapslanar, vi samarbeider med styresmaktene, vi øver.

Først og fremst driv vi organisert, humanitær aktivitet i det daglege rundt i lokalsamfunna, slik at vi raskt skal kunne trå til om det er behov for bistand om noko dramatisk skulle skje i vårt lokalsamfunn. Det gjeld både naudetatane og omsorgsoppgåver.