tobbilde_1600_P3100180

Bratt beredskap

Frå dei første randonee-skia flyt over pudderet i november, til dei ivrigaste turgåarane fjernar klisteret etter pinsehelga, er hjelpekorpsa budd på harde tak til fjells. Les korleis dei førebur seg!

Det knirkar i snøen under dei grove vinterskoa til Hans Kristian Sæta i Luster Røde Kors Hjelpekorps. Han står framfor eit 20-tals godt innpakka hjelpekorpsarar frå Luster og Hafslo Røde Kors. Dei er på Turtagrø, på dørstokken til 5000 kvadratkilometer Breheim og Jotunheim. 

– Då vil eg ønskje velkomen til øving og kjentmannstur i Breheimen. Vi må ta nokon sjekkar før vi reiser. Er vi nok beskytta mot kulda i andletet? Vi sjekke at alle har innstilt sendar-mottakar rett. Er skuterane fylt opp med drivstoff og alt er pakka og klart? spør han  

IMG_1960
Sognefjellet og Jotunheimen

I dag skal dei gjere ein av dei viktigaste førebuingane hjelpekorpset kan gjere før påskeutfarten, nemleg kjentmannstur med innlagt skredøving. Turen og øvinga er så viktig at dei har fått spesialløyve av Breheimen nasjonalparkstyre, politiet og grunneigarane til å køyre gjennom dei mest bruke fjellområda mellom Sognefjellet og turisthytta Sota sæter i Skjåk 

Påskeberedskapen 2018

Mål om å bli betre budd
– Vi skal bli enno betre budd om uhellet skjer. Tid er avgjerande for om vi kan hente folk ut i live eller ikkje, seier Sæta.  

Hovudmålet med turen er difor å kartlegge kvar det er framkomeleg for snøskuter. Kvar kan dei ha ein trygg og mest mogeleg effektiv ferdsel for å hjelpe folk i naud. Dette endrar seg frå vinter til vinter. Erfaringane dei får i dag, kan i ytste fall avgjere om dei klarar å redde nokon, eller ikkje. 

IMG_2020
Geir Ove Optun og Ove Fortun i Luster Røde Kors Hjelpekorps.

Det andre store målet for dagen, er å øve på å finne sakna i eit snøskred, langt ute i villmarka. Fagansvarleg skred, Geir Ove Optun i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps, står og lesser utstyret dei treng til øvinga, over i ein slede.   

Det er gjenstandar leitemannskapa sitt søkeutstyr kan finne, seier han.  

Høgteknologiske hjelpemiddel
Det er s
endarar som skredsøkarar reagerer , brikker til Recco-søkar (ein slags snøradar) eller helikopteret sitt varmesøkande kamera. Det er også utstyr som kan måle treff frå søkestenger. Og så er det eit par fylte kjeledressar som skal gravast ned 

Snart knatrar det i hissige totaktsmotorar. Åtte skuterar med mannskap skal inn i fjellet. Kvar skuter har pulk eller slede bak, med ulikt redningsutstyr, ekstra varme klede, ekstra drivstoff. Før dei legg ut på dei 120 kilometerane, får dei ei siste melding frå Sæta. 

IMG_2360
Redningshelikopteret frå CHC brukar varmesøkande kamera.

– Vi køyrer i to puljar, så det ikkje skal bli for overveldande å møte på oss. Viss de ser reinsdyr, skal de passere dei på minst 500 meter avstand på lesida. Går ikkje det, skal de snu, seier han. 

Så byrjar ein ti timar languthaldsprøve i det enorme fjellområdet. Skuterførarane har rett nok nokre titals hestekrefter under seg, men turen byr mest på snødekte knausar, fonner, skrentar, bratte brear, skråhellingar og nedtappa, islagte vatn. Det betyr hardt arbeid og konsentrasjon. Og det når kulissane 2000 høgdemeter, med namn som Fanaråken, Hestbreapiggan, Dumhøe,Store Smørstabbtinden, Kniven, Saksa, Kalven, Storebjørn og Tverråddalskyrkja, er nok til å ta pusten frå ein.  

Eg vil bli hjelpekorpsar!

Villrein observert
Eit lite stykke inn på Sognefjellet gjer dei sin første observasjon. Det er spor etter at ein reinflokk har passert ei hei i det fjerne. Dei noterer i loggen. Dette skal rapporterast til naturoppsynet. Villreinstammane er sårbare, og vert overvaka av ulike interessentar. 

IMG_2402
Utslag på skredsøkaren. No gjeld det å grave fort.

Utpå føremiddagen nærar dei seg Nørdstedalsseter. Det kjem ei øvingsmelding om at det har gått eit "skred" litt lenger inne. Det skal gå skuterspor inn i skredet, men ikkje ut. Det vert slått full skredalarm. Snart er redningshelikopteret på veg. Det plukkar opp førsteinnsatsfolk frå Røde Kors Luster Sogn skredgruppe frå Haukåsen i Sogndal. Skuterpatruljar frå Luster, Hafslo, Lom og Skjåk er også på veg. I denne øvinga er jamvel politi frå Lom og Sogn på staden for å hauste erfaringar    

10-15 aksjonar
Luster Røde kors Hjelpekorps har 10-15 aksjonar i vinterfjellet per år. Og det er ein aukande trend. Årsaka til veksten er truleg at det er mykje meir folk ute i fjellheimen no enn før. Toppturbølgja og randonee-skia er noko av forklaringa til det.  

– Eg vil ikkje sei at dei er uvørne, men det er så mykje meir folk no enn det var før, så då vert det fleire hendingar, seier Sæta  

IMG_2234
Redningshelikopteret frå CHC Helikopterservice landar.

Då helikopteret landar på ein knaus i underkant av "skredet", hoppar det ut eit knippe godt førebudde personar frå skredgruppa. Dei skal utøve førsteinnsats i skredet. Aller først må fagleiar skred Per Odd Grevsnes forsikre seg om at det er trygt å sende dei inn. 

Når området er rekna som sikkert, vert fire personar med skredsøkar sendt inn. Dei får beskjed om å dekke skredet så raskt dei klarar.  Skredsøkarane reagerer dersom dei sakna har på seg tilsvarande utstyr med sendaren slått på. Dette er vanleg utstyr for fjellfolk som meiner alvor, og er også avgjerande for å drive kameratredning i skred

Signal frå skredet
– Vi har to positive signal på sendar-mottakar. Eg trur vi skal finne dei ganske kjapt, seier Grevsnes
til aksjonsleiinga etter nokre få minutt.  

Det får han rett i. Etter kort tid, pip det meir og meir, og dei finn først ein, så to sakna personar. Men er det alt? Kva viser Recco-søkaren? Den fungerer som ein radar, som vert reflektert i ei lita brikke som dei som då er sakna, må ha som del av sitt utstyr. Og det er det ein del av etter kvart. Det avdekker ikkje fleire, men kan ein likevel vere sikker på at det er alt?  

Når førsteinnsatsen med skredgruppa er over, slepp dei fleire inn i området. No er det meir mannskapskrevjande søketeknikkar.  

IMG_2333

– De kan gjennomføre eit grundig overflatesøk, seier ein anna falgeiar skred, ein med kamera på hjelmen.Veit de kva det inneber? spør han, og ber hjelpekorpsarane med avstand fingerspiss til fingerspiss, og leite etter tause vitne, gjenstandar i snøen. Tomlar som stikk opp, ein skistav.  

Snart er heile raset søkt gjennom, øvinga vert avslutta. Det er tid for evaluering og ein matbit. Helikopteret parkerer. Det vert stille.  

– Eg er stor tilhengar av å øve. Eg høyrer i oppsummeringa de har hatt, at sjølv om de er profesjonelle, så har de lært mykje. Eg vil gratulerer øvingsleiinga og alle som har vore med her, seier president Robert Mood i Norges Røde kors, som har vore med for å bli kjent med hjelpekorpset og dei andre etatane. 

IMG_2436
Evaluering av øvinga

 

Deretter er Sota sæter i Oppland neste mål. Og då er er turen halvvegs. Returen til Sogn går stort sett samanhengande, men det blir eit par stopp. Eit par stopp berre for å beundre det storslagne i det lilla kveldslyset. Fjerne rekkjer med oransje taggar som snart skal stigast med breie ski og glis.  

Då følgjet svingar sakte nedover den bratte Sognefjellsvegen mot Turtagrø, forbi ei einsleg lyspære som skin på den vinterstengde dassen, har det blitt mørk vinternatt. Og hjelpekorpsa har fått eit litt betre grunnlag for å lykkast, om uhellet skulle vere ute.

P3100180