Inger Johanne Brekke Vis bildetekst
Inger Johanne Brekke, Eid Røde Kors, får Bry deg-prisen 2018.

Inger Johanne Brekke får Bry deg-prisen 2018

Inger Johanne Brekke i Eid Røde Kors har fått til mykje for sårbare menneske i Eid og Sogn og Fjordane. I sitt daglege virke som frivillig for Røde Kors, legg ho ned ein stor innsats for å motvirke einsemd og sosialt utanforskap.

2019-03-31 årsmøte (47) Inger Johanne Brekke_1000
Inger Johanne Brekke tok imot Bry deg-prisen for 2018 på årsmøtet i Sogn og Fjordane Røde Kors 30. mars 2019.

Eid Røde Kors Omsorg, som Brekke leiar, har mellom anna lykkast med å få til ein til ein-besøk i Besøkstenesta. Dette er av ulike årsakar krevjande å organisere, men i god dialog med omsorgstenestene i Eid kommune, har dei lukkast der. Det betyr at einsame som treng nokon å snakke med, kan kontakte Eid Røde Kors og bli kopla med ein frivillig som stiller opp. Les reportasje om Astrid, som får besøk av Aud.

internasjonal kafe_inger johanne brekke 2014_utsnitt
Inger Johanne Brekke er pådrivar for Internasjonal kafé på Nordfjordeid. Faksimile frå Røde Kors-avisa 2-2014.

Inger Johanne Brekke har vore ein pådrivar for integreing av migrantar i Eid. Mellom anna har ho stått på for å ha ein møteplass, der folk frå ulike nasjonar kan møte kvarandre og norske - vere saman og prøve å snakke norsk. Les artikkelen om internasjonal kafe her, og få innblikk i ein enkel nøkkel til inkludering.

Inger Johanne Brekke har også engasjert seg for barn som lever i familiar med varig svak inntekt, der ho har brukt fritida si som frivillig ferivert på våre humanitære ferietilbod.

Inger Johanne Brekke_beredskap_2016_DSC09417
Inger Johanne Brekke er ein pådrivar for beredskapsarbeidet i omsorgsavdelinga til Røde Kors. Her deltok ho på signering av beredskapsavtale med Eid kommune og ordførar Alfred Bjørlo, saman med Are Fagerli og Unni Kiviranta.

Bry deg-prisen

Bry deg prisen 2018 går til Inger Johanne Brekke for det mangfaldige arbeidet med sosial inkludering.

Bry deg prisen vert delt ut av Sogn og Fjordane Røde Kors som ei påskjønning til ein person som har utmerka seg på ein måte som fell innanfor Røde Kors sine grunnidear og prinsipp.

Prisen er ein messing-lysestake med inskripsjon og ein sjekk på 5 000 kroner. Pengane skal nyttast til eit veldedig føremål. 

Juryen si grunngjeving:

Juryen er Sogn og Fjordane Røde Kors arbeidsutval

Den som får prisen for 2018 er og har vore særs aktiv og hatt – og har fleire tillitsverv i Røde Kors. Prisvinnaren har leiarverv i sitt lokale ledd, og har hatt verv i distriktsleddet. I fleire periodar. Vedkomande bryr seg verkeleg.

Det gjeld spesielt om dei aktivitetane og fagområda som vedkomande er engasjert i. Men òg om dei andre frivillige som er engasjert i desse aktivitetane.

På distriktsnivå har prisvinnaren mellom anna vore med som frivillig på Ferie for alle, på barne- og ungdomsleiren, og vore leiar for prosjektgruppa for omsorg under internasjonalt utval.

Og prisvinnaren har vore ein pådrivar for inkludering av migrantar lokalt. Mellom anna har prisvinnaren stått på for å ha ein møteplass, der folk frå ulike nasjonar kan møte kvarandre og norskingar - vere saman og prøve å snakke norsk.

Prisvinnaren vert framheva av lokale frivillige som ein flink og merksam leiar, både i høve andre frivillige og i høve deltakarar i aktivitet. Ho har tidlegare vore engasjert i nettverkskafè. No får ho mykje ære for at dei har det kjekt, får det til og det fungerer i besøkstenesta lokalt.

Og det er spesielt kjekt å sjå at dei synes å ha knekt koden for ein til ein-besøk. Det har dei fått til. På Eid.

Og den som får Bry deg prisen 2018, er – Inger Johanne Brekke.