Jorunn Ringstad

Jorunn Ringstad til minne

Den utløysande replikken for gode vedtak i distriktsstyret, lande krevjande forhandlingar utanlands, leie ordskiftet på landsmøte. Jorunn Ringstad var ein trygg, sakleg og kunnskapsrik hjørnestein.

Vår kjære nestleiar og internasjonale pådrivar over mange år, Jorunn Ringstad, er gått bort. Det er eit stort tap for Røde Kors i Sogn og Fjordane og dei Røde Kors er til for.  

Det var kort tid etter at ho gav seg på Stortinget, at vi var så heldige å få Jorunn Ringstad frå Askvoll inn i styret til Sogn og Fjordane Røde Kors. Frå 2008 vart ho vald til nestleiar. Samtidig tok ho eit viktig linjeval for sin innsats for organisasjonen: å leie internasjonalt utval.  

Jorunn Ringstad_DS_2013_IMG_0297
Jorunn Ringstad sat i Sogn og Fjordane Røde Kors' distriktsstyre frå 2006 til 2014, frå 2008 som nestleiar. Her med Odd Erik Loftesnes som leiar i 2013.

Ho sette straks i gang med å bygge ein organisasjon som skulle etablere eit samarbeid med eit Røde Kors-distrikt i eit anna land. I 2009 fall valet på Brčko distrikt i Bosnia-Hercegovina. Jorunn brukte si lange erfaring med internasjonale relasjonar til å legge godt til rette for eit samarbeid som skulle gje stor utteljing for begge partar. I dag har Brčko Røde Kors bygd opp ei redningsteneste som tener som modell i sitt land. Mange titals frivillige her i fylket har fått erfaring med internasjonalt samarbeid, vi har styrkt oss som organisasjon. I sitt kondolansebrev skriv leiarane i Brčko at Jorunn aldri slutta å imponere dei med sin inspirasjon og utømmelege energi.

Les reportasje frå ein av turane vi hadde saman med Jorunn Ringstad til samarbeidsdistriktet Brčko Røde Kors i Bosnia-Hercegovina. Denne gong for å møte flaumråka.

Hennar gode innsats var nok også utslagsgjevande for at ho vart trekt inn som ein ressursperson då ein nasjonalt jobba med å utvikle råmevilkåra for framtidige internasjonale distriktssamarbeid. 

Jorunn Ringstad_redningsbåt_ND7_6698
Her er Jorunn Ringstad på besøk til samarbeidsdistrikt Brčko Røde Kors i Bosnia-Hercegovina, mellom anna for å formelt overrekke ein redningsbåt som Sogn og Fjordane Røde Kors var med å finansiere i eit samarbeid med den norske ambassaden og lokale styresmakter. På bildet er også Einar Målsnes (t.v.), som representerte internasjonalt utval, Kåre Morten Strand (t.h.) hjelpekorps, Bente Nilsen og Henning A. Hellebust distriktskontoret.

Jorunn var også ein pådrivar for å utvikle samarbeidet mellom Røde Kors og Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler. Gjennom sitt engasjement mellom anna i kontaktgruppa mellom Røde Kors og RKNUWC la ho vekt på at elevane der skulle få eit grunnlag for å gå ut av skulen som ambassadørar for Røde Kors seinare i livet.      

Som nestleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors frå 2008 til 2014 var det tydeleg at Jorunn ønskte å gjere ein innsats for Røde Kors og våre verdiar. Ho var ei kjelde til orden og ryddigheit i prosessar. Var alltid tydeleg på at om grunnlaget for vedtak var for dårleg, ja, så måtte det bli betre. Vi skulle ikkje komme i den posisjonen at vedtaka ikkje skulle stå seg. Opplevinga til dei som jobba tett med ho i styret, er at Jorunn var svært seriøs og grundig. Når ho landa på ein konklusjon, var han godt forankra i tilgjengelege fakta. På same vis stilte ho store krav til andre: at sakene var godt førebudde. At ein heldt seg til sak, at ein leverte innanfor det som var bestemt.  

111007_Jorunn Ringstad_landsmøtet
Jorunn Ringstad var møteleiar under Røde Kors' landsmøte i 2011 og 2014. Ho har også leia ei rekke distriktsårsmøte.

Jorunn var ordstyrar på dei fleste årsmøta til Sogn og Fjordane Røde Kors i denne tida og fram til 2016. Ryktet om hennar evne til å ha ro og oversikt i viktige stunder, gav ho også tilsvarande rolle på to landsmøte for Røde Kors.  

I 2016 vart Jorunn Ringstad tildelt Norges Røde Kors fortenestemedalje for sitt langvarige og viktige arbeid for Sogn og Fjordane Røde Kors og dei Røde Kors er til for.    

Vi minnest Jorunn med djup respekt.

Jorunn Ringstad_Havreneset_2016_1600_DSC09105
Jorunn Ringstad og Internasjonalt utval tok med seg samarbeidspartane frå bosnisk Røde Kors for å sjå kva Florø Røde Kors fekk til i 2016.