Over 800 barn mottek ei juleglede frå Røde Kors i år.

Rekordmange får julegleder

I år vil over 800 barn i Sogn og Fjordane få ei juleglede frå Røde Kors. Aldri før har så mange barn fått ei slik støtte i Sogn og Fjordane.

I år vil over 800 barn i Sogn og Fjordane få ei juleglede frå Røde Kors. Aldri før har så mange barn fått ei slik støtte i Sogn og Fjordane.

Ei juleglede er ei gåve i form av gåvekort, opplevingar eller innpakka gåver. Den går til barn i familiar som er i låginntektsgrupper, på krisesenter og/eller flyktningmottak. Målet er at dei som lever i ein krevjande livssituasjon skal få komme nærare å oppleve "ei heilt vanleg jul". Ei julegåve eller ei juleoppleving kan gjere ein forskjell for dei som ikkje har råd til noko ekstra i jula.

For å treffe målgruppa, får lokalforeiningane i Røde Kors hjelp av NAV, barnevern, asylmottak og/eller krisesenter for å finne dei som treng slik hjelp aller mest. Til no i år er 19 av 26 kommunar med, men utsiktene for at alle vil opne opp for julegleder er historisk sett gode. Utdeling av julegåvene skjer anonymt, mange av barna veit ikkje sjølv at dei får julegåve frå Røde Kors.

Julegleder er finansiert av Gjensidigestiftelsen og Sogn og Fjordane Røde Kors. Nasjonalt får 13.000 barn delta på eit julegledearrangement eller får ei julegåve.

Vil du vite meir om aktiviteten, kontakt distriktsrådsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Omsorg:
Berit Flæthe Arntsen på mobil 481 28 842