Chokatauri Røde Kors Vis bildetekst
På besøk hjå Chokatauri Røde Kors i Georgia. Nia Burtikashvili frå Georgisk Røde Kors overset samtalene.

På samarbeidsturné i Georgia

Lokalet til Chokhatauri Røde Kors er heilt fullt av folk. Ballongar, kart over Norge og det norske flagget dekorerer veggene. Sogn og Fjordane Røde Kors er så absolutt venta.

– Velkomen til senteret vårt. Her har vi kjærleik og godheit alle stader, seier leiar for Chokhatauri Røde Kors-senter, Tamar Koroshinadze.

Hovudutfordringane ho og Røde Kors står ovanfor i Georgia, er ulike konsekvensar av fattigdom, spesielt hjå dei eldste. Senteret stiller opp med ei lang rekke sosiale aktivitetar, og bidreg med ulike tilbod som mat, klesvask og helsehjelp. Den største gruppa av frivillige, er ungdomar, skuleelevar.

– Noko av det eg likar best, er å samle inn mat og dele ut til eldre og fattige barnefamiliar. Folk vert veldig glade når vi kjem, nokon grin. Dei treng det verkeleg. Det gjer meg glad, og det er bra for lokalsamfunnet vårt, seier frivillig Tamar Tedoradze, som er 16 år.

Turbulent historie

– Vi har veldig mykje å lære over alt. Spesielt når det gjeld aktivitet for eldre og rekruttering og frivilligheit hjå ungdom, seier Anne Brit Sande.

Ho leier den omreisande delegasjon på åtte frå Sogn og Fjordane Røde Kors. Oppdraget er å besøke seks lokalforeiningar i landet, for å finne aktivitet å jobbe med i eit framtidig samarbeidsprosjekt.

2019-02-19 Meri Ukleba-2
Meri Ukleba er fast gjest på Kutaisi Røde Kors sitt eldresenter, ho omtalar det som sin familie. Her syng dei, spelar brettspel, driv handarbeid som dei sel, les aviser, får hjelp til praktiske ting, helseoppfølging og til tider servering av mat.

Sett vekk frå geografisk likskap med fjell, elver og små lokalsamfunn i tronge dalar, er mykje annleis i Georgia. Då landet vart sjølvstendig etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991, vart Georgia kasta ut i politisk kaos og borgarkrig. Påfølgande revolusjonar, lausrivingskrigar med Abkhasia og Sør-Ossetia, naturkatastrofar og høg arbeidsløyse, har ført til at halvanna millionar georgiarar har reist frå landet. Dessutan er 289.0000 internt fordrivne.

Draumebyen

– Ja, eg er svært nøgd med behandlinga eg får her, smiler Eter Khozrevanidze og nikkar energisk, medan ein lækjar måler blodtrykket hennar.

2019-02-22 georgia batoumi Dream city (9)-2
Røde Kors sin omreisande klinikk er det einaste helsetilbodet Eter Khozrevanidze i Batumi har tilgong på. Tilbodet er gratis.

Dei sit ved eit bord i eit rom på tre gonger tre meter. I ei feltseng på golvet bak dei, ligg ein mann som får festa elektrodar på brystkassen. Folk går inn og ut medan undersøkingane skjer.

Vi er i «Dream city», ein bydel i utkanten av bade- og kasinobyen Batumi ved kysten av Svartehavet. Her har heimlause og internt fordrivne over fleire år bygd sine eigne små hus av tilfeldige bygningsmateriale. Området er utan kloakksystem, men det er tilgang på straum. Ein reknar med at det bur åtte tusen personar der.

– Innbyggarane her har ingen helsetilbod. Oppdraget vårt er å gje ein gratis helsesjekk, seier Natela Tamazashvili, leiar for Røde Kors sin omreisande helseklinikk.

2019-02-22 georgia batoumi Dream city (71)
Abashidze Darejani står i døropninga til huset ho og sonen har bygd. Som heimlaus såg ho mogelegheita til å sette seg opp eit hus i «Dream city», eit økenamn på ein bydel i Batumi, som minner mykje om ein flyktningleir.

Utanfor eitt av dei enkle husa, står Abashidze Darejani. Ho inviterer delegasjonen frå Norge inn i den 25 kvadratmeter store heimen sin.
– Nei, nei, ikkje ta av dykk skoa! insisterer ho.

Det er fargerike gardiner, på bordet ligg det ein duk med raude hjarte. Det heng eit ikon og eit ur på veggen, klede til tørk på ei snor. Ein liten vedomn, ein vask utan kran, fjernsynet står på.

– Her bur eg med den hjartesjuke sonen min, kona hans og deira dotter, fortel ho.

Ho og dei andre som bur der, er der fordi dei av ulike årsaker har mista alt. Utfordringa er å få seg jobb. Denne vesle familien lever på om lag 800 kroner per månad, som dei mottek i sosiale ytingar. Det rekk knapt til det mest nødvendige.

Møtet med denne djupe fattigdomen, gjorde sterkt inntrykk på delegasjonen frå Sogn og Fjordane.

– Det er ganske sjokkernade, og minner mykje om ein flyktningleir. Dei som bur her treng heilt basis støtte. Skal vi bidra her, blir det å g gjennom å styrke det lokale Røde Kors i Batumi, seier Anne Brit Sande. 

2019-02-22 georgia Khulo (148)
Khulo består av små tettstader og grendar som ligg rundt i dalar og fjellsider i Adjara, Georgia.

Skjøre lokalsamfunn

Nokon område i Georgia liknar på Vestlandet, med høge fjell, lange, tronge dalar og små bygder. Men mange av desse stadene har få jobbmogelegheiter. 

– Utviklinga er dårelg, unge må flytte for å få utdanning eller jobb. Og dei kjem ikkje tilbake. Så vert dei eldre att, og dei treng verkeleg støtte frå andre, mange kjem seg ikkje ut av heimen. Difor ønskjer vi oss mobile helseklinikkar som kan dra rundt og diagnostisere i heimane, seier Nodar Kedeladze, leiar i Khulo Røde Kors.

2019-02-22 georgia Khulo (108)
Nodar Kedeladze er leiar i Khulo Røde Kors, her saman med Anne Brit Sande.

Her slit dei også med krevjande naturhendingar som store jordskred, som fjernar livsgrunnlaget for heile familiar og grender. Nokon av dei såkalla ekomigrantane vi møtte i "Dream city", sa at dei kom frå dette området. Infrastrukturen er skjør, og dårlege vegar kan ofte gjere det vanskeleg å hjelpe folk.

– Vi har naudetatar, men utfordringa er førsterespons ute i dei mange, små lokalsamfunna. Det gjeld førstehjelp, søk og redning, brannslokking. Vi treng å kunne respondere før dei profesjonelle rekk fram, seier Kedeladze.

2019-02-22 georgia Khulo (95)
Jon Atle Rise tek selfie med dei ungdomsfrivillige i Khulo. Engasjementet deira er stort, men mange drøymer om å reise til hovudstaden Tibilisi når dei skal vidare på skule. Keti Abuladze (nummer to frå venstre) ønskjer å hjelpe folk der, men at ho ønskjer seg til Tibilisi ho også, fordi der er potensialet til å vekse, større.

Vil starte opp Røde Kors

Det siste besøket delegasjonen gjorde, var til fjellbyen Borjomi. Her har ei gruppe ressursterke personar samla seg for å starte opp Røde Kors på grunn av store, humanitære utfordringar i lokalsamfunnet. Fleire av dei jobba i tilknytning til mediesenteret i byen, her var lærarar, rektor og helsearbeidarar. Mange delte av eigne erfaringar dei har gjort i yrkeslivet sitt.

2019-02-23 georgia Borjomi (152)
Borjomi

– Her er høg arbeidsløyse, med ei svakt landbruk som har lite utvikling. Det blir produsert lite og dårleg mat, og det går ut over helsa. Mange er underernærte, seier Dali Kasashvili, ei av initiativtakarane.

Fleire snakka også om mangel på grunnleggande helsetilbod, også innan psykisk helse. Eit anna problem dei var opptatt av, var vald i heimen, ømtoleg å ta opp for mange. Mobbing på skulen var også noko dei ønskte å ta tak i.

2019-02-23 georgia Borjomi (44)
Nia Burtikashvili og Sogn og Fjordane Røde Kors i møte med initiativgruppa som ønskjer å starte Røde Kors i Borjomi. Khatuna Bagauri (i kvit skjorte) leier initiativgruppa.

– I Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom har vi workshops mot vald og mobbing, og vi jobbar med psykisk helse, seier Jon Atle Rise, og skapte stort engasjement.

– Her er mange utfordringar, samansette behov. Røde Kors vil absolutt kunne spele ein rolle her og vere med å hjelpe mange. Eg kan tenkjer eg at vi kan bidra med å støtte opp lokallaget. Det er eit lokalsamfunn som til ein viss grad liknar på vårt landskap  med naturskapte utfordringar. Førstehjelp og hjelpekorps kan difor også  vere aktuelt å jobbe med, seier Anne Brit Sande.

2019-02-20 ozurgeti (27)-2
Anne Brit Sande fortel om Sogn og Fjordane Røde Kors i møte med Ozurgeti Røde Kors, der også guvernør i regionen og viseordførar er på plass for å høyre kva mogelegheiter eit samarbeid med Røde Kors frå eit Europeisk land kan by på. I Ozurgeti er Røde Kors nystarta etter å ha lagt nede nokre år.

Viktig å knyte seg til Europa

Demokratisk styresett, store sosiale reformer og god økonomisk vekst dei siste åra til trass, reisa synte delegasjone at det er mykje for Røde Kors å bidra med i landet. Georgisk Røde Kors håpar at eit samarbeid med representantar frå Europa, vil styrke Røde Kors sin posisjon i høve styresmaktene i landet. Både lokalt, regionalt og nasjonalt. Difor var også ordførarar, lokale ministrar og guvernørar inviterte til møta.

– Vi må hjelpe lokalt Røde Kors å posisjonere seg for finansiering og partnarskap. Når styresmaktene får innsyn i eit mogeleg samarbeid med dykk, og ser at vi har ei internasjonal rørsle i ryggen, vil det styrke lokalt Røde Kors sine mogelegheiter, seier Nia Burtikashvili, visegeneralsekretær i Georgia Røde Kors.

Fakta Georgia

  • Georgia er ein demokratisk republikk mellom Russland og Tyrkia, aust for Svartehavet.
  • Landet har eit uttalt ønskje om Nato- og EU-medlemsskap.
  • Har ei sterk Georgisk-ortodoks kyrkje, som truleg vart etablert på 300-talet.
  • Språket er Georgisk, og har eit eige alfabet.
  • Det bur 3,7 millionar innbyggarar i Gerogia, 1,5 millionar har dratt frå landet dei siste åra og det er om lag 289.000 internt fordrivne.
  • Etter oppløysinga av Sovjetunionen og sjølvstende i 1991, har landet vore igjennom borgarkrig, og det har vore lausrivingskrigar med Abkhasia og Sør-Ossetia, seinast i 2008.

 

Arbeidet vidare

På grunnlag av erfaringane frå denne reisa, vedtok Sogn og Fjordane Røde Kors sitt årsmøte den 31. mars 2019, at distriktet kan gå vidare med å etablere eit samarbeid med Røde Kors i Georgia. Det er Internasjonalt utval med Anne Brit Sande i spissen, som leier prosjektet. Framover no, vil utvalet jobbe med å konkretisere kva samarbeidet skal innehalde.

Dersom du er ønskjer å følgje med på arbeidet framover, kan du be om få få bli medlem i Facebookgruppa "Internasjonalt distriktssamarbeid med Georgia". Om du ønskjer å engasjere deg, gjer du det gjennom å kontakte leiaren i din lokalforeining. Har du spørsmål, kan du kontakte sekretæren i Internasjonalt utval, Pål A. Dahl, ved distriktskontoret i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Collage med gruppebilder av alle seks lokalforeiningar.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler