Årsmøtet Sogn og Fjordane Røde Kors

Styrka innsats for psykisk helse og demensråka

Den neste treårsperioden vil vi styrke innsatsen for menneske med demens og dei som har psykiske lidingar og samtidig oppretthalde den viktige satsinga på oppvekstfeltet.

Vi har store oppgåver, som beredskapsorganisasjon, i søk og redning, i oppvekst, sosial inkludering og migrasjon, og ikkje minst som talspersonar for utsette grupper. Samtidig som vi held fram dette arbeidet, må vi styrke nokon områder.  Grunnlaget for det, kjem frå erfaringar vi gjer oss i det daglege og rapporten Sosial puls, utforma for Røde Kors av Statistisk Sentralbyrå i 2017.

Rapporten viser ei alvorleg og tydeleg historie om menneske som lir. På kort sikt er det store behov for å hindre overdosedødsfall, sjølvmord, mobbing, overgrep og vald mot barn, liding blant mindreårige asylsøkarar på mottak, alvorleg psykisk sjuke, og eldre på sjukeheim.

Vi ser ei kraftig auke i tal born som veks opp i fattige familiar. Stadig meir kunnskap og fleire studiar stadfestar at fattigdom, psykiske lidingar, arbeidsledigheit, rus og auka dødsrate er tett knytt til oppvekstvilkår.

Vidare viser rapporten kor viktig oppveksten er. Halvparten av behova er direkte knytt til barn og unge, og ytterlegare tre behov er knytt til rus, psykisk sjukdom og sosialhjelps-mottakarar - tre utfordringar som ofte har sitt opphav i oppvekst.

Les handlingsprogrammet!

Årsmøtet har konkludert med at det viktigaste grepet for å hindre lidingar i Sogn og Fjordane er ei vidareføring av satsinga på oppvekstfeltet. Ein god barndom varer heile livet – på same måten som tidleg liding og sosial naud kan henge med og prege livet ein får som vaksen.

Årsmøtet har konkludert med at vi skal gjere meir for eldre med demens. Hjelpekorpsa melder at auken i søk og aksjonar dei siste åra i stor grad kan knytast til personar med demens og til psykiske lidingar. Utviklinga er negativ og stigande. Då er det kome for langt.

Det vil vere ei langsiktig utfordring for alle i Røde Kors å bidra til at trenden snur. Som beredskapsorganisasjon, i søk og redning, i oppvekst, sosial inkludering og migrasjon, og ikkje minst som talspersonar for utsette grupper, har vi mange viktige oppgåver.

Dette er vår felles utfordring i den komande tre-års-perioden; at vi går saman om å gje betre dagar for dei som er direkte og indirekte råka av demens og psykisk liding!

Sogn og Fjordane Røde Kors Årsmøte
Balestrand 8. april 2018