Skredøving med skredsøkar og søkestang

Fleire vil hjelpe i vinterfjellet

Rekordmange hjelpekorpsarar får opplæring i søk og redning i vinterfjellet.

Den 3. til 5. februar reiser 40 hjelpekorpsarar til fjells i Sogn for å lære seg grunnleggande søk og redning i vinterfjellet.

- Dette er staden å vere for dei som likar å vere ute, samtidig som dei får kompetanse til å gjere noko viktig for andre, seier kursansvarleg Ove fortun i Luster Røde Korps Hjelpekorps.

Friluftsliv i vinterfjellet har auka dei siste åra. Røde Kors har svart med å opprette ei skredgruppe i Indre Sogn. Desse har spesialisert seg på søk og redning i skred. No jobbar ein vidare med å styrke den generelle grunnopplæringa i søk og redning vinterstid.

 - At så mange blir med og lærer seg grunnleggande vinterredning, gjer at vi har mykje meir å spele på når det er trong for oss. Vi vert betre rusta til å ta krevande oppdrag. Slik vert vinterberedskapen styrka, seier korpsleiar Ove Fortun i Luster Røde Kors Hjelpekorps.

Vil du vite meir om Hjelpekorpset?

Kurset kombinerer teoriundervisning med trening, instruksjon og øvingar til fjells. Søndag vert det storøving, der Skredgruppa tek regien, og representantar frå redningsetatane vil delta.

RKA16-1 skredøving Hafslo_øystein_600

Det er medlemmer frå Luster, Hafslo og Sogndal Røde Kors Hjelpekorps som dominerer, med til saman 32 deltakarar. Høyanger/Vadheim har seks, Førde og Aurland ein deltakar kvar.

Detaljar om kurset

Mediekontakt for kurset er kursleiar,
korpsleiar i Luster Røde Kors Hjelpekorps,
Ove Fortun, telefon 915 34 180.