bark_stryn_2018

Eg fann, eg fann!

Den store redningsbåten legg frå kai i plaskregnet i Strynebukta. Åtte ungar er med ut på oppdrag. Dei skal finne ei "dukke" i blå kjeledress.

To store karar i raude  seglardressar  står ved brua ned til småbåthamna i Stryn. Eit knippe ungar i regnklede og redningsvest nærmar seg. Ei held litt att, neven til Pappa er veldig trygg.
– Kos, Pappa, kooos, ropar ho, før ho slepp den sterke handa og spring etter ho også. Kanskje ho grugleder seg? Ho skal på tokt i redningsbåten til Hjelpekorpset.

Barnas Røde Kors Stryn 2017 (6)
Steffen Svarstad, Arne Reme og Thomas Svarstad i Stryn Røde Kors Hjelpekorps er klare til å ta imot lærevillige ungar.

Når ein kjem litt nærare dei raudkledde hjelpekorpsarane, ser dei eigentleg ganske snille ut. Dei set seg til og med ned på huk når dei snakkar.
– Første bod er at ingen går ned på brygga før vi har sjekka vestane, seier Thomas Svarstad, medan ungane står i ein tett halvsirkel.

Thomas forklarer at dei lause stroppane skal under beina og festast framme. At reima på magen skal vere festa og at snøra rundt kanten skal vere knytte. Dei som ikkje kan knyte enno, får hjelp.

Barnas Røde Kors Stryn 2017 (13)
Thomas Svarstad hjelper Patrick og Jonas med redningsvestane.

– Her, på denne sida av vesten har alle ei fløyte, seier Thomas, og finn fram ei lita, oransje fløyte.

Nett idet alle skal til å prøveblåse, poeng­terer han med tydeleg stemme at
– Den er veldig bra å bruke viss ein dett i vatnet, for då kan vi lettare vite kvar per­ sonen er henne. Bles ein i fløyta, er det eit rop om hjelp. Då brukar vi ikkje den med mindre vi må, understrekar han. Fløytene vert putta forsiktig tilbake til vestane.

ALLE SKAL VERE TRYGGE
Så går alle i ei lang, lang rekke ned på flyte­ brygga. Ein og ein hoppar dei om bord i hjelpekorpset sin vassredningsbåt. Set seg ved sidan av kvarandre og lyttar til kva dei vaksne har å sei.
– Då vil eg ikkje ha nokon som dett i vatnet eller noko slikt, så alle må sitte i ro med mindre eg seier noko anna. Det er veldig viktig, seier Thomas.
– Skal vi køyre raskt, er det ein av ungane som spør.
– Nei, vi køyrer fint, svarer Steffen Svar­ stad, den andre hjelpekorpsaren. Alle skal vere trygge.

Barnas Røde Kors Stryn 2017 (14)
Steffen Svarstad har med seg John-Atle, Peder, Kaja, Emma og Heven ut i redningsbåt.


I mellomtida er Benedicte Sundgot Grei­dung på parkeringsplassen og finn fram ter­ mosar med pølser, pølsebrød, steikt løk og ketchup. Det er ho som er initiativtakar til aktiviteten Bark, Barnas Røde kors i Stryn.
– Eg var nytilflytta i Stryn, og melde meg som frivillig. Så kom dette  forslaget  opp, og det var nett noko slikt eg hadde håpt på, seier barnevernspedagogen. Så no samlar ho 20­-30 ungar i barnesku­lealder ein gong om månaden for å ta dei med på eventyr og lære dei Røde Kors­ verdiar og ­ferdigheiter.

Barnas Røde Kors Stryn 2017 (11)
Mat høyrer med i Barnas Røde Kors. Heven får ei pølse til av Benedicte.

– Det er kjempeviktig at det er eit tilbod til ungar utanom idretten. Det er ikkje alle som likar den slags aktivitet. Då kan ein få med alle, seier ho.
Programmet i haust er å besøke Røde Kors­hytta, køyre redningsbåt, besøk av ambulansen og skøyter i Loen. Her er alle gode nok, ingen må prestere. Ein treng ikkje ha dyrt utstyr. Tilbodet er gratis for alle, og ein får låne det utstyret ein ikkje har sjølv. Til dømes hodelykter, skøyter, redningsvestar.

TESTAR VASSKIKKERTEN
Ute i Strynebukta har båten stoppa opp. Ungane ser seg rundt. Kva skjer?
– Av og til skjer det at folk dett ut av båtane. Det kan vere høg sjø, eller nokon manglar redningsvest. Då ringer politiet oss og ber oss om å komme å hjelpe til å leite, seier Steffen Svarstad.
I dag har dei stelt i stand eit lite uhell, der dei skal finne ein person som har dotte ut  av båten sin. Det er ei dukke som dei har kledd i ein blå kjeledress.
– Då er det godt at vi har med mange auge som kan sjå til alle kantar. I tillegg har vi med oss dette utstyret til å hjelpe oss
med. Det er noko ein kallar ein vasskikkert, seier Thomas.

Barnas Røde Kors Stryn 2017 (15)
Steffen syner Kaja vasskikkerten.

– Viss det er nokon under vatn, korleis får vi dei ut, spør ein gut i blå regnklede og hue.
– Då må vi få hjelp av dykkarar, seier Thomas, og styrer mot land.
Så køyrer dei sakte langs med strandlinja, medan dei ser etter nokon med kjeledress. Hjelpekorpsarane løfter dei store vasskik­ kertane over ripa og ned i vatnet, så ein og ein får sjå om dei ser noko på botnen.
– Ser de, med vasskikkert kan de sjå tang
og tare og steinar på botnen. Ser de noko meir, spør Steffen.


REDDE DEN SOM KAN
Så, så er det ein som ropar høgt.
– Der! Eg ser han! Eg fann han!
Alle ungane reiser seg samtidig og peikar mot land.

Barnas Røde Kors Stryn 2017 (8)

– Då må de setje dykk i båten, så vi kan køyre bort og sjå. Då må du som sit fremst passe på at vi ikkje køyrer på noko stein, og så må du halde armen strakt fram og peike ut kursen for meg, sier Thomas.
Og der, der ligg det ein kjeledress i steinrøysa med beina i vatnet. Ungane strekkjer seg over ripa, alle vil vere med å redde.
Men i dag er det berre den vaksne som får gå ut av båten.
– Du må ta han opp så han ikkje ligg i vatnet og frys medan den andre gruppa leitar, krev ungane.
Sjølv om det berre er ein kjeledress som er stappa full med bobleplast, lever ungane seg inn i det. Og når den første gruppa er ferdig, slepp dei neste til. Alle skal få vere med, alle skal få høve til å få fram empatien og livreddaren i seg.

Barns humanitære behov

I Røde Kors rapport «Sosial puls», der vi har fått hjelp frå Statistisk sentralbyrå til å å undersøke kva dei største humanitære behova i Norge er, er barn direkte eller indirekte råka i fleirtalet av dei åtte områda rapporten framhevar.

Det er mange barn som er spesielt sårbare fordi dei er utsett for vald, mobbing eller utestenging, det er mange barn som lever i familiar med svak økonomi over tid, det er mange barn som lever med alvorleg psykisk sjuke foreldre eller rusproblem, det er mange barn frå flyktningfamiliar med traumer eller uavklart status.

Barnas Røde Kors er ikkje ein aktivitet spesielt for barn med slike vanskar, det er ein fristad som er gratis, der alle kan bli med, bli inkludert, meistre og finne tilhøyre. Barnas Røde Kors er førebygging mot utanforskap.