Årsmøtet blir på Thon Hotel Skei i Jølster

Årsmøte Sogn og Fjordane Røde Kors

Vi ønskjer alle delegatar, observatørar og gjester velkomne til å ta ut Røde Kors-kursen for 2019 på Skei  29.-31. mars!

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane Røde Kors 2019. Årsmøtehelga vert halde på Thon Hotel Jølster på Skei 29. til 31. mars.

Arrangementet byrjar med eit uformelt opningsprogram fredag kveld. Laurdag før lunsj vert det valmøter for distriktsråd omsorg og hjelpekorps, og eigne møter for ungdom og lokalforeiningar. Deretter følgjer sjølve årsmøtet fram til sundag ettermiddag. Her kan du lese heile programmet (PDF). 

Sjå alle årsmøtedokument!

Kvart lokalråd kan delta med både leiar og nestleiar (to delegatar) i dei respektive valmøta til distriktsråda. I årsmøtet kan lokalforeiningane vere representert med inntil fire delegatar; ein frå lokalforeininga og ein frå kvart lokalråd. Lokale ledd kan ha med observatørar til alle møte. Les "Bestemmelser for valg" (pdf).

Påmeldingsskjemaet er stengt. Ta kontakt med distriktskontoret dersom du vil melde deg på.

Måndag 11. mars er påmeldingsfrist til årsmøtet.

Avtalt pensjonspris med hotellet for buande gjestar (pr. person):

  • fredag kveld (inkl. program og middag) - søndag (inkl. lunsj) i enkeltrom: kr. 2860,-
  • fredag kveld (inkl. program og middag) - søndag (inkl. lunsj) i dobbeltrom: kr. 2295,-
  • laurdag morgon (rundstykke ved ankomst) – sundag (inkl. lunsj) i enkeltrom: kr. 1930,-
  • laurdag morgon (rundstykke ved ankomst) – sundag (inkl. lunsj) i dobbeltrom: kr. 1650,-

Prisar for ikkje buande (pr. person):

  • Dagpakke laurdag med kaffipausar og lunsj kr. 450,-
  • Dagpakke laurdag med kaffipausar, lunsj og festmiddag kr. 925,-
  • Dagpakke sundag med kaffipausar og lunsj kr. 450,-

Distriktsstyret ser fram til eit aktivt og gjevande årsmøte. Velkomen!

Beste helsing
Distriktsstyret
v/Synøve Sande, leiar

Har du spørsmål?  Kontakt distriktskontoret her.