Velkomen til "nye" Kveik på Skei 20.-22. oktober. Kveik er ei årleg inspirasjons- og læringshelg for alle frivillige i Røde Kors i Sogn og Fjordane. I år i ei litt ny form. Kom og bli kveika!
Er du frivillig i Røde Kors og ynskjer fagleg påfyll og inspirasjon? Vi har kanskje endra på oppsettet, men essensen er den same som tidlegare år.
Å få kveik tyder å få ny kraft, nytt mot, eller verte oppglødd.
Temaet for felleskveiken i år er demens. Forfattar og reklameguru Ingebrigt Steen Jensen kjem og vil fortelje om livet og sin kvardag med Alzheimers sykdom. I ei samtale med vår eigen Arve Sandal vil vi få innblikk i angsten og tanken på å dø, men også håpet om å leve eit godt liv.
Kurs, inspirasjon og fellesskap
På Kveik vil du få fagleg påfyll, møte likesinna frå heile distriktet, ta del i diskusjonar og eit triveleg fellesskap. Det er opp til deg om du vil delta heile helga, ein dag eller ein kveld, du er hjarteleg velkomen uansett!
Fredag kveld tilbyr vi 10 parallelle kurs, og du kan velge det kurset du ynskjer eller treng. Det vert kurs frå dei fleste av Røde Kors sine aktivitetsområde. Saman skal vi lære, utvikle og gjere oss sjølv og Røde Kors enda sterkare og betre - til det beste for dei som treng oss.
Laurdag vert det fagsamlingar for frivillige som er aktive innan Ung og Omsorg, og innan Søk og redning. Nytt av året vil du få høve til å velge mellom ulike kurs også denne dagen. Til dømes kan du ta Startkurs fredag og Psykososial førstehjelp laurdag, eller ein anna kombinasjon.
Søndag vert det felleskveik med tema demens. Vi vil lære meir om kva det innebere å ha demens, korleis ein skal møte folk med demens. Omsorg og Søk og redning vil dele sine erfaringar. Dagen avsluttast med samtale mellom Ingebrigt Steen Jensen og Arve Sandal, der vi får eit innblikk i Steen Jensen sitt liv med Alzheimers sjukdom.
Påmelding finn du nederst på sida.
Finn meir informasjon om dei ulike programpostane under.
Program:
Fredag:
18:00-21:00: Parallellkveik Velg mellom 10 ulike kurs. (Sjå under).
21:00: Middag
Trykk på plussteikna for detaljar.
Kurstilbod fredag 18.00 – 21.00
Startkurset skal motivere og engasjere nye frivillige og bidra til ein god start på reisa som frivillig. Her vil du få introduksjon til Røde Kors, grunnkurs i førstehjelp og grunnkurs i psykososial førstehjelp.
Når vi no tilbyr dette kurset på Kveik, er det ei god moglegheit for nye frivillige til å både få unnagjort obligatorisk grunnopplæring samstundes som ein blir betre kjent med andre frivillige frå heile fylket.
Målgruppe er alle nye frivillige i Røde Kors.
Målet med kurset er å bidra til å gjere deltakarne trygge i rolla som hjelparar for ramma i timane og dei første dagane etter at ei krise, ulukke eller katastrofe har skjedd.
Etter kurset skal deltakarane mellom anna ha fått kunnskap om korleis kriser, ulukker og katastrofer kan ramme, kunnskap om korleis ein kan lytte merksamt med ei aktiv og støttande haldning og forståing for korleis ein best kan møte ramma sine ulike kjenslemessige reaksjonar.
Målgruppe: Alle frivillige og tilsette i Røde Kors.
Kurshaldarar er Anita Leirvåg og Malene Ask Svelling.
Et verktøy til dykk som skal jobbe med målretta rekruttering av nye frivillige. Kan nyttast til å rekruttere nye frivillige og aktivitetsleiarar i ein bestemt rekrutteringsperiode.
CIM-varslingssystem:
Grunnopplæring for alle som skal nytte seg av CIM i forbindelse med infomelding, møteinnkalling, aksjon og anna beredskapsvarsling lokalt og på distriktsplan.
Alle deltakara må ha med eigen PC for å delta på kurset og det er kun medlemmar med leiarverv som i utgangspunktet har tilgang til varslingssystemet.
Kurshaldar er Espen Rysjedal
Sar 2.0:
Sar 2.0 er det nye systemet for SAR-rapportering ifm. søk og redning, samt at det erstattar «gamle» GP1440 for innsending av refusjonskrav. De vil få ein times innføring i systemet av Bjørn H. Winge
Kurset tek for seg bruk av SARTopo i aksjonsleiing og praktisk bruk på nettbrett for mannskap i felt. Du vil få innføring i dei ulike funksjonane og korleis nytte systemet i felten. Det blir lagt opp til ei lita runde ute for praktisk bruk på nettbrett. Dersom korpset ikkje har nettbrett sjølve har Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps dette disponibelt. Deltakerane bør og ha med PC for første del. Retningslinjer og veileder for SARTopo vil bli sendt ut til påmeldte deltagere før samling
Målgruppa er frivillige som er/skal bli brukarar av SarTopo.
Dette kurset vil innehalde opplæring i dei ulike digitale hjelpemiddel som blir brukt i Røde Kors. Vi skal innom Korsveien, Teams, Office 365, DiBa og "Mitt Røde Kors". Det blir praktiske oppgåver og moglegheit til å stille spørsmål og komme med utfordringar de treng hjelp med. Hugs å ta med PC eller nettbrett og mobil.
Å vere synleg er viktig både i lokalmiljøet og i sosiale medium. Å vere synleg i sosiale medium bidreg til å sikre godt omdøme, det kan bidra til nye frivillige, til nye medlemmar, til nye samarbeidspartnerar og til støtte. På same tid kan det bidra til å halde på frivillige og til å få ut bodskap til dei som deltek på våre aktivitetar.
Godt innhald er det viktigaste for å lykkast i sosiale medium. Bli med på kurs og få nokon nyttige tips om korleis ein på ein enkel måte kan ta gode bilete og lage korte videosnuttar med mobilen, til bruk for sosiale medium.
Du vil også få tips til kva som engasjerar følgarar og korleis ein i større grad kan nå ut med innhald og bodskap. Ein vil også få ei innføring i Røde Kors sine retningslinjer og tips til korleis det er lurt å organsiere seg knytt til sosiale medium.
Ta med mobil eller nettbrett.
Eit kurs der ein får god innføring i mediearbeid og trening som intervjuobjekt. Talspersonrolla er ein først og fremst ei leiaroppgåve og er ein viktig del av leiarfunksjonen, men det kan vere andre personar som får denne rolla i eit styre. Gjennom bruk av rollespel vil ein få høve til å trene seg som talsperson.
Litt førebuing, nokre enkle køyrereglar for gjennomføring, og litt etterarbeid, så har du lagt grunnlag for eit godt møte. Kva og korleis? Kom og få nokre tips!
Korleis snakke i konflikt eller for å unngå konflikt? Bli med på kurs i dialog- og konflikthandtering og lær nokon nyttige triks og køyrereglar.
Hensikten med kurset er å bidra til økt kompetanse i å forebygge og håndtere konfliktsituasjoner og gjennom dette bidra til å skape gode og trygge relasjoner.
Målet med kurset er å gjere dei frivillige tryggare og motiverte i det flerkulturelle arbeidet i Røde Kors, og bidra til å gjere Røde Kors sitt arbeid på dette feltet mer synleg, velfungerande og mangfoldig. Kurset skal gje deltakerne forståing for Røde Kors sitt ansvar og rolle i dette arbeidet.
Kurshaldar: Bente Nilsen
Temakurset om Besøkstenesta gjev frivillige besøksvener forståing for Røde Kors sitt arbeid med menneske i sårbare livssituasjonar – spesielt dei som opplever einsemd og sosial ekskludering.
Kurset skal heve kunnskapen til frivillige om korleis det er å vere ein bes
øksven gjennom oppgåver og refleksjon kring rolla, målgruppa og praktisk gjennomføring. Kurset skal forberede og motivere dei frivillige til kva det innebere å vere besøksven.
Distriktflygesjefen, Ola Apalset, tek deg igjennom tre fascinerande timar med informasjon om drone, og korleis drona vert nytta i Røde Kors.
Her vil du få grunnleggande forståing for beredskap.
Laurdag:
Sjå detaljert program ved å trykke på plussteikna under.
09:00 - 10:00: Morgonkveik med Bjørn Vollstad
10:10 - 17:00: Fagsamling Søk og redning
10:10 - 13:00: Fagsamling Ung og Omsorg
10:10 - 11:30: To parallelle kurs
11:40 - 13:00: Eitt kurs
14:00 - 17:00: Tre parallelle kurs
19:00: Middag
20:30: Qveik. Quiz av og med Lavik sin store quizkonge og kontoret sin einaste waliser, Tom «Thomas» James.
22:00: DJ Strøm - rytmisk hjartestarter.
Trykk på plussteikna for detaljar.
Fagsamlingar og kurs laurdag
Morgonkveik med Bjørn Vollstad: Røde Kors som leverandør av gode opplevingar.
Korleis skape gode opplevingar i frivilligheita?
Leiar for Distriktsråd Omsorg, Arne Dale, og leiar for Distriktsråd Ung, Marte Heggestad, med sine respektive d-råd, inviterer til samling med aktuelle tema og informasjon om noko av det som rører seg innan Omsorg og Ung i Røde Kors.
10:10 – 10:45 Ferie for alle, kva er det, og kvifor skal du bli frivillig?
Målet er å skape ein god dialog og bli betre kjent med vårt eige ferietilbod, i tillegg til å spele kvarandre gode og førebu oss til leirane i 2024.
10:45 - 11:00 Pause
11:00 – 11:45 Workshop rekruttering
Korleis kan lokale tillitsvalde og frivillige bidra med å rekruttere frivillige til ferieleirar, samt rekruttere kurshaldarar.
11:45 - 12:00 Pause
12:00 – 13:00 Sosial puls
Humanitære utfordringar blant dei mest utsette i samfunnet.
Frå kl 10.10 til 17.00 inviterer Distriktsråd Hjelpekorps, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshundar til fagsamling innan søk og redning. Fagsamlinga vert ein viktig del i samhandling i distriktet. Det planleggast for å vere både inne og ute.
Samlinga vil ha eit variert innhald frå NRH, RS, NSF og RKH. Det vert mellom anna informasjon frå dei ulike felta, tabletop-øving, praktiske postar, demonstrasjonar, samt mykje god meiningsutveksling og nettverksbygging.
Målet er å bli enno betre kjent med kvarandre og samøve slik at vi er godt rusta når vi møtast i felt.
Prosjektet som denne fagsamlinga er ein del av, er eit samarbeid mellom FORF i Sogn og fjordane, støtta av Gjensidige.
Timeplan Fagsamling
10.00 Velkommen
10:05 Presentasjon av FORF Sogn og Fjordane med fokus på samarbeid med FORF familien.
Røde kors 5 min -
Norsk folkehjelp 15 min – Kristian Lien
Norske Redningshunder 15 min – Helene Sæterdal
10:40 Kort innføring spesialgrupper i RKH, diskusjon korleis nytte desse tverrfagleg i FORF?
Informasjon om elveredningsgruppene 10 min – Kay Thomas
Informasjon om skred 10 min – samarbeid med kvarandre – Per Odd
Vannredning 10 min – Torbjørn
11:10 Redningsselskapet, video – informasjon 30 min
11:40 Pause
12:00 Nytt aksjonsstøtte verktøy – informasjon og demonstrasjon – Sondre Langenes
13:00 Lunsj
13:45 Demonstrasjonar ute:
Drone – Ola Apalset
Open post
KO vogn Luster / Nettbrett i praksisk – Are/Bjørn/Jonny
1.hjelp – Margrethe Skåden/ Søk med hund – Helene Sæterdal
Hypotermibag – Norsk Folkehjelp v/ Kristian Lien
15:15 Pause
15:30 Tabletop øving – inne. Sonja, Are, Bjørn, Johnny og Arne
17:00 Avslutning
Litt førebuing, nokre enkle køyrereglar for gjennomføring, og litt etterarbeid, så har du lagt grunnlag for eit godt møte. Kva og korleis? Kom og få nokre tips!
Dette kurset vil innehalde opplæring i dei ulike digitale hjelpemiddel som blir brukt i Røde Kors. Vi skal innom Korsveien, Teams, Office 365, DiBa og "Mitt Røde Kors". Det blir praktiske oppgåver og moglegheit til å stille spørsmål og komme med utfordringar de treng hjelp med. Hugs å ta med PC eller nettbrett og mobil.
Meir informasjon kjem.
AVLYST
Startkurset skal motivere og engasjere nye frivillige og bidra til ein god start på reisa som frivillig. Her vil du få introduksjon til Røde Kors, grunnkurs i førstehjelp og grunnkurs i psykososial førstehjelp.
Når vi no tilbyr dette kurset på Kveik, er det ei god moglegheit for nye frivillige til å både få unnagjort obligatorisk grunnopplæring samstundes som ein blir betre kjent med andre frivillige frå heile fylket.
Målet med kurset er å bidra til å gjere deltakarne trygge i rolla som hjelparar for ramma i timane og dei første dagane etter at ei krise, ulukke eller katastrofe har skjedd.
Etter kurset skal deltakarane mellom anna ha fått kunnskap om korleis kriser, ulukker og katastrofer kan ramme, kunnskap om korleis ein kan lytte merksamt med ei aktiv og støttande haldning og forståing for korleis ein best kan møte ramma sine ulike kjenslemessige reaksjonar.
Målgruppe: Alle frivillige og tilsette i Røde Kors.
Kurshaldarar er Anita Leirvåg og Bente Høiland.
Eit gammalt ordtak seier at i krig og kjærleik er alt tillete. Men det stemmer ikkje. Det finnasst klare reglar for når krig er tillatt, og kva som er lov og ikkje lov når eon krig har brote ut. Reglane som gjeld i krig kallast internasjonal humanitærrett (IHR), eller krigen sin folkerett. Her får du høve til å bli kjent med og prøve Røde Kors sitt læringsopplegg og spel Angrip 2.0.
Søndag:
Felleskveik:
10:00 - 10:45: Kva er demens
Merete Dale vil snakke om dei vanlegaste demenssjukdommane og om symptom som kan komme i tillegg til demenssjukdommen. Merete Dale er utdanna sjukepleiar og er no pensjonist. Ho har dei siste åra arbeida som førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet. Merete har gjennomført forsking omkring demens, og bidrege i fagbok. Ho var pårørande til mor som fekk demenssjukdom i tidleg alder.
10:45 - 11:00: Pause
11:00 - 11:35: Erfaringsdeling knytt til demens: Søk og Redning
11:35 - 12:10: Erfaringsdeling knytt til demens: Omsorg
12:10 - 12:30: Pause
12:30 - 13:30: Før jeg forsvinner, ei samtale mellom Ingebrigt Steen Jensen og Arve Sandal.
NB!! Hotellet er no fullt. Om du ønskjer å delta på dagtid, ta kontakt med rune.rajendram@redcross.no, eller ring 92426255 for påmelding.
Prisar Kveik
Kurs og foredrag vert dekte av Sogn og Fjordane Røde Kors. Det vil seie at du (eller lokalforeininga di) berre betaler for mat og overnatting.Det går også an å melde seg på deler eller heile Kveik utan å overnatte.
Deltaking utan overnatting:
Utan middag fredag: 0,-
Med middag fredag: 400,-
Dagpakke inkl. lunsj laurdag: 550,-
Dagpakke inkl. lunsj og middag laurdag: 1000,-
Dagpakke inkl. lunsj sundag: 550,-
Deltaking med overnatting:
Dobbeltrom inkl. måltid fredag-laurdag: 1600,- (eksl. middag laurdag kveld) pris pr. person