Distriktstreff Røde Kors Ungdom

Fylkestreff for unge

Velkomen til seinsommarens største høgdepunkt!

Røde Kors Ung i Sogn og Fjordane arrangerar ei kjekk og spennande helg på Nesholmen 9. til 11. september. Det er ope for alle frå 13 år og oppover. 

Påmelding

Program

Fylkestreff er sjølvsagt fellesskap, opplevingar, moro og meistring. Det blir eit sosialt og spennande program med situasjonsøving med brannvesenet, sambandsopplæring òg førstehjelpsopplæring. Det blir katastrofesminking, capture the flag, bålpanne, vassaktivitet i kano og båt, bading, fotball og korleis lage spjelk.

På kveldane er det bli-kjent-aktivitetar, NEONPARTY, kareoke, musikk, dans, film og brettspel.

475A0970
Kva har skjedd her? På Fylkestreffet vil du lære å legge katastrofesminke.

Program

Praktisk informasjon om treffet:

Stad: Nesholmen leirstad ligg i nærleiken av Hyen (Gloppen), om lag 50 minutt unna Førde. Ein kan ta av ved Storebru mellom Naustdal og Eikefjord. (https://nesholmen.no/)

Tid: Fredag 9. september kl. 18.00 til søndag 11. september kl. 14.00

Alder: frå 13år +

Overnatting: Du søv innandørs på eige rom. Det er ulikt tal senger på kvart rom. Alt mellom 2 og 9 senger. Ein sover på rom med andre av same kjønn.

Pris: Arrangementet er gratis, og vi dekkar billigsaste reise.
Transport: Om behov blir det sett opp fellesbuss frå Førde. Det kjem meir informasjon om dette etterkvart.

Tryggleik

Det er vaksne frå Røde Kors til stades heile helga.

Fire ungdomar spring ut i vatn
Hugs å pakke badeklede til fylkestreffet!

Kontakt

Kontakt Sogn og Fjordane Røde Kors på thor.mehammer@redcross.no eller irene.groneng@redcross.no om du har spørsmål. Du kan også sende sms til Thor Erlend Mehammer på 90682381, eventuelt ringe.

Påmelding

Frist for påmelding er søndag 21. august

Påmelding