båter og drivved Vis bildetekst
Foto: Sølve Kiviranta, Eid Røde Kors

Dramatiske timar i Jølster

Evakuering, mat, omsorg og overnatting for 160 personar. Det var eit hektisk døgn for Røde Kors under ekstremvêret i Jølster.

– Eg kom heim frå jobb og skimta at det hadde gått eit ras i nabolaget. Straumen, telefonen og internett var vekke. Det regna noko veldig, eg har aldri sett slikt regn før. Då byrja eg å tenke at vi i Røde Kors kanskje skal gjere eitkvart no, seier Else Drageset, leiar i Jølster Røde Kors Omsorg.

Ho sette seg i bilen og køyrde til Einar Helge Hansen, operativ leiar i Jølster Røde Kors Hjelpekorps. Som frivillig brannmann hadde han samband med brannvesenet via Nødnett. Dei fekk vite at det var starta evakuering til det lokale forsamlingshuset på Vassenden, Gjesthalla. Etter å ha snakka med brannsjefen, bestemte dei seg for å dra dit og hjelpe til.  

To frivillige
Else Drageset og Einar Helge Hansen i Jølster Røde Kors deltok begge i det frivillige arbeidet.

Bygda vart stengt av

Den kraftige nedbøren ville ikkje ta slutt. Ras etter ras kom nedover fjellsidene, og knuste seg veg gjennom alt det møtte. Bustader rundt i mange grender var truga, og E39 vart stengd fleire stader – med bilar ståande mellom rasa. 

– Det gjekk fleire og fleire ras, alle vegar vart stengde – heile bygda vart stengt av. Det byrja ganske fort å komme folk, stadig nye stader måtte evakuerast. Det var snakk om å få masse folk under tak i eit massivt regnvêr, seier Hansen.

Han byrja å organisere mottaket av evakuerte og forsøke å vere litt i forkant. Kor mange klarar ein å ta imot, få oversikt, dokumentere kven som var der. Det var ein uoversiktleg situasjon. Hansen opplevde at heile bygda, både rødekorsarar og andre, sprang til for å hjelpe, og rosar sambygdingane sine for måten dei stilte opp for andre på. 

Treng å kjenne seg trygge

– Personar som vert evakuert kan ofte vere redde, så vi tenkte at dei som kom skulle føle at her var dei trygge, at her var det godt å vere. Då treng ein tepper, mat og varm drikke. Min jobb vart å syte for maten og organisere arbeidet på kjøkenet. Det var mange turar på butikken – det kom mykje fleire folk enn vi hadde sett for oss, seier Drageset.

Over 160 personar vart til slutt ført opp på lista over evakuerte. Alle fekk mat og alle fekk anledning til å lufte opplevingane sin med frivillige i Røde Kors. Når natta kom, fekk dei organisert ein stad å sove for alle. Nokon fekk overnatte privat i området, men dei fleste fekk seg ei madrass og eit teppe i eit klasserom på skulen rett ved. 

Søk etter sakna

Samtidig sto alle hjelpekorps i Sogn og Fjordane klare til å rykke ut og bistå i Jølster. Stryn og Eid vart kalla til med sine båtar for å hjelpe til med evakuering. 

Ras i Jølster
Raset som starta i tusen meters høgde under Tindefjellet, gjekk rett igjennom sentrum av Vassenden i Jølster, over E39 og enda i Jølstravatnet. Hjelpekorpsa frå Eid og Stryn Røde Kors bisto politiet med båtar og mannskap, medan Jølster Røde Kors organiserte evakueringssenter i det lokale forsamlingshuset. Foto: Sølve Kiviranta, Eid Røde Kors Hjelpekorps.

– Då vi kom fram, fekk vi vite at det nett hadde gått eit ras som truleg hadde tatt ein bil, så oppdraget vart endra til søk etter person. Vi hoppa i båten og segla sørvest mot rasområdet, seier Kai Thomas Frislid i Eid Røde Kors Hjelpekorps. 

Då dei kom fram, var det alt fleire lokale båtar på vatnet som leita. Frislid og mannskapet frå Stryn fekk organisert ein søkekjede ut frå rasstaden på land, og segla fram og tilbake utanfor rasområdet.

Drivved og rot

– Det var mykje drivved og rot i vatnet, som var heilt brunt. Vi såg etter tause vitner, ting frå bilen. Då det vart mørkt, avslutta vi søket, seier han, som for tredje gong deltek i redningsarbeid etter denne type regn og ras.

– Ein vert overvelda. Det er utruleg kva krefter som er i sving. Du har ingen ting å stille opp med, du må berre få med deg dine næraste og springe. Det blir jo berre meir og meir av det, tydelegvis, seier han. 

Hjelpekorps deltok med båt og vannskuter

Nye mannskap frå Eid og Stryn kom til dagen etter, og bisto redningsetatane med transportoppdrag. Også mannskap frå Florø og Førde Røde Kors Hjelpekorps deltok med båt og vannskuter i søk etter den sakna personen.