Søkestang og spade samt skredsøkar skal alltid vere med i tursekken vinterstid. Her frå ei skredøving på Finse. Foto: Olav A. Saltbones/Røde Kors.

Nyt vinterfjellet - men planlegg turen godt

Skal du gå i fjellet vinterstid, må du vere klar over faren for snøskred. Røde Kors ber folk ta ansvar for eiga sikkerheit i skredsesongen og planlegge godt.

Tekst: Sara Myhren Kornberg, Røde Kors
Foto: Røde Kors

– Vi er opptekne av at folk skal ha gode opplevingar i vinterfjellet. Då er god planlegging, gode rutinar og eit forhold til sikker ferdsel essensielt, seier Hans Erik G. Kveum i Røde Kors.

Sjå korleis Røde Kors øver på skredredning i videoen under. 

Planlegg turen

Dei siste åra har store snømengder og skiftande vêrforhold skapt skredfare i perioden rundt jul. 

– Sjekk vêrmeldinga og skredvarselet for området før du spenner på deg skia. På NVE sin nettstad varsom.no får du alltid siste skredvarsel.

Skal du ut på tur i jula, meiner Kveum det er tre ting du alltid bør ha med:

– I litt bratt fjellterreng der det er snø, skal spade (helst i jern), søkestang og skredsøkar alltid vere med i sekken. Det er også viktig at du lærer deg å bruke utstyret i krevjande situasjonar. Ta eit kurs eller øv i grupper før turen, rår han.

Sjekk vêrmeldinga og skredvarselet for området før du spenner på deg skia. På varsom.no får du alltid siste skredvarsel.

Kameratredning reddar liv

I november i fjor kom ein mann frå det med livet i behald etter ei dramatisk snøskredulukke i Jotunheimen. Kameratane hadde med nødvendig utstyr og handla heilt riktig då skredet kom.

– Kameratredning er det einaste dokumentert livreddande i slike situasjonar, for å varsle og vente på nødetatane tek så lang tid at det er større sannsyn for at du døyr under snøen, seier Kveum.

– Statistikken viser at 50 prosent av dei som blir heilt gravlagt i snøskred mistar livet. I dette tilfellet har kameratane utvilsamt gjort ein viktig innsats for å grave ut og redde han som vart teken av skredet. Slik handlekraft gjer godt å sjå. 

Skredsikkerheit

  • Les snøskredvarselet for ditt område.
  • Planlegg turen din heime - legg opp til tur etter vêr-, snøforhold og kunnskapsnivå.
  • Ver i stand til å gjenkjenne snøskredutsatt terreng - kvar kan det gå skred, og kor langt går skredet?
  • Gjer alltid gjennomtenkte veival - still deg sjølv spørsmålet "Kvifor kan eg ferdast her"?

Fleire råd finn du på snøskredskolen.no

Husk Fjellvettreglane

Etter turen anbefaler Kveum å gå inn på varsom.no si nye teneste regObs og registrere eigne obersvasjonar.

– Vi oppmodar alle om å gjere dette og ha ei proaktiv haldning til vêret og situasjonen rundt seg.

Han anbefaler også å oppdatere seg på dei nye Fjellvettreglane under planlegginga av turen.

– Gå gjennom Fjellvettreglane og sjå kva du kan gjere for å ikkje utsette deg sjølv eller andre for fare. Det er også viktig å vere bevisst på at samansetninga til snøen er kompleks, slik at du ikkje tek unødvendige sjansar. Leig ein guide om nødvendig – lokalkunnskap er viktig også når det kjem til snø, seier han.

– Målet bør vere å gjennomføre turen utan å få bruk for noko som skal redde livet ditt, sjølv om du skal ha med deg dette både i sekken og i bakhovudet.