Ungdom_Samling16

Frifond støttar Røde Kors Ungdom

Frifond støttar igjen årsmøtet til Røde Kors Ungdom, og gjer at fleire kan vere med på heile årsmøtehelga.

5 ungdomar frå kvar lokalforeining kan få støtte til å delta på årsmøtet.

- Dette er veldig kjekt! No er det fleire som kan få moglegheit til å vere med på årsmøtet, seier leiar i distriktsrådet for Røde Kors Ungdom, Solveig Ugland.

Frifond støttar igjen årsmøtet, og gjer at ungdom frå lokalforeiningane kan delta på heile årsmøtehelga utan kostnad. 

- Det er veldig viktig for organisasjonsdemokratiet at så mange lokalforeiningar som mogleg er med på årsmøtet. Då er det ekstra bra at ikkje økonomi er ei hindring for å sende deltakarar, seier Ugland.

Røde Kors Ungdom er for alle ungdomar mellom 13 og 30 år i Røde Kors, uavhengig av kva aktivitet ein høyrer til. 

For å få frifondstøtte må ein likevel ha eit Røde Kors Ungdom lokalråd, eller ha eit ynskje om å opprette eit. I tillegg må ein delta på årsmøtet til Hordaland Røde Kors Ungdom laurdag 11. Mars og den faglige biten søndag 12. Mars.

- Årsmøtet er ein veldig bra plass å lære meir om Røde Kors, og å treffe Røde Korsarar frå heile Hordaland, seier Ugland.

Årsmøtet vert heldt på Clarion Hotel Bergen Airport.