Kypros Røde Kors Vis bildetekst
Migrasjonsoffiser Alexa Nikomani i Kypros Røde Kors i lageret i flyktningleiren utenfor Nikosia på Kypros.

Ei gåve med meining - sko til ein flyktning

Hordaland Røde Kors samarbeide med Kypros Røde Kors for å lage ei gåve med meining. Pengane går direkte til Røde Kors sitt arbeid for flyktningar på Kypros.

 

Kjøper ein eit julekort til 150 kroner, dekker det om lag ein halv nødhjelpskasse. Dersom me får inn meir pengar enn det trengs for å dele ut kassar til dei som kjem, vil pengane verte brukt på andre tiltak for flyktningar på Kypros.

– På Kypros er allereie 30 prosent av befolkninga flyktningar frå krigen på 70-talet, det gjer mange svært sensitive for flyktningproblematikken me opplever no.

Det fortel president for Kypros Røde Kors Ungdom i Limassol, Christina Alexandrou.

Situasjonen har blitt meir alvorleg i 2019

Dei siste åra har Hordaland Røde Kors hatt eit samarbeid med Kypros Røde Kors om å gi nødhjelpspakkar til flyktningar som opphalde seg på øyen. Sidan det starta, har dei på Kypros merka ei stor auke i talet på flyktningar som kjem over havet og i land på strendene på Kypros.

I 2019 har flyktningstraumen igjen auka betydeleg. No kjem fleire hundre flyktningar kvar månad. No ankommer dei fleste med fly frå Tyrkia, lander på den tyrkiske delen av øyen og går over grensen til den kypriotiske delen av øyen.  

Då ein delegasjon frå ei rekke forskjellige lokalforeiningar i Hordaland Røde Kors var på Kypros i 2017, peikte lokalforeiningane der på behovet for å kunne dele ut tørre klede og hygieneartiklar til flyktningane idet dei kom i land. Difor vart det felles prosjektet med gåvene starta.

Dette er eit unikt prosjekt, der dei innsamla midla går direkte fra Hordaland Røde Kors til Kypros Røde Kors og til å handle inn og å dele ut kassar med det mest naudsynte til dei som er på flukt idet dei kjem i land.

Christina
President for Kypros Røde Kors Ungdom i Limassol, Christina Alexandrou.

Berre over dei siste månadane har talet på flyktningar som kjem over grensen på Kypros auka drastisk. Men Christina hugsar veldig godt den fyrste båten som kom for rundt 4 år sidan.

– Eg fekk ein telefon midt på natta om at det var ein båt med flyktningar som var plukka opp av eit cruiseskip. Då eg kom til hamna ei stund seinare vart me ståande og vente lenge, medan politiet og havnevesenet var om bord og prata med flyktningane.

Tillit til Røde Kors

Men det var ingen av flyktningane som våga å gå i land, dei syriske flyktningane var redde for kva som kom til å skje dei om dei gjekk i land saman med politiet. Både kystvakta og sivilforsvaret var også på staden, og prøvde å forsikre dei om at dei trygt kunne gå i land. Det hjelpte ikkje.

– Me hadde blitt ei gruppe frå Røde Kors, og då me gjekk bort til skipet våga flyktningane omsider å komme ut. Den raude krossen var det som skulle til for at dei kjende seg trygge. Me tok imot dei med ein klem, og følgde dei vidare. Det var ei sterk oppleving, fortel Christina.

Ein ny start i ein kasse

Historia viser kor viktig Røde Kors er for flyktningane som kjem. Dei har ofte kryssa havet i berre ein gummibåt, dei er redde, våte og kalde.

Etter å ha snakka med fleire av dei, samt med frivillige og fagfolk i Røde Kors, er innhaldet i kassane nøye utvalgt. Det flyktningane får er:

  • joggedress
  • teppe
  • handduk
  • dei viktigaste hygieneartiklane
  • sko

Pakkane er delt inn etter alder og kjønn.

Kjøper ein eit julekort til 150 kroner, dekker det om lag ein halv nødhjelpskasse. Dersom me får inn meir pengar enn det trengs for å dele ut kassar til dei som kjem, vil pengane verte brukt på andre tiltak for flyktningar på Kypros.