Elvereddere fra Voss Røde Kors Hjelpekorps øver på elveredning i basseng.

Elveredning på Voss

Voss Røde Kors Hjelpekorps vil gjere Voss til regionssenter for elveredning.

Alt byrja å planleggjast under aksjon på Brekkhus for nokre år sidan på Voss, her blei Voss Active sine raftingguidar henta inn som hjelp for å leite i og attmed Teigdalselvi. Seinare var det og ein aksjon der nokre unge menn hadde teken seg nedover Vosso i gummibåtar med manglande kunnskap og utstyr. Dette utløyste ein aksjon der igjen Voss Active vart hanka inn til å vere med på søk og redning. Me tenkte at dette kan me og hjelpe til på, og dette vil me og vere med på.

Voss har eit enormt miljø på og attmed vatn

I hjelpekorpset fikk me folk med lang erfaring frå elv, og det var naturleg å byrja tenkje på å starte opp med elveredningsgruppe. Voss som geografisk område er omgitt av elvar, vatn og no, etter samanslåing med Granvin, også fjord. Vidare har Voss eit enormt miljø, kultur og aktivitet i, på og attmed vatn. Elvepadling, rafting, fiske, fritidsaktivitetar elles med bading, riverboarding, kano og robåtar gjev mange potensielle aksjonar i nær framtid. Dette krevjar at me og kan ferdast i og attmed vatn på ei god og trygg måte når me skal hjelpe andre.

Voss held og verdas største ekstremsportfestival der fleire av aktivitetane går føre seg i og på vatn. I 2020 vil og verdsmeisterskap i brattpadling vere på Voss under ekstremsportveko.

Elveredning-på-Voss-2.-83kb.

I nokre år no har det vore jobba mot å skapa ei ny elveredningsgruppe på Voss. Dette starta som eit samarbeid mellom Voss Røde Kors Hjelpekorps og Voss kajakklubb. Røde Kors har særs god kunnskap om fyrstehjelp og sit på god og lang erfaring innan kvalitetssikring. Vidare sit elvepadlarar med mykje praktisk erfaring og kunnskap om elv og vatn.

Denne kombinasjonen tenkte me var særs nyttig og kunne gleda båe dei frivillige laga. Med dette som tanke starta me derfor opp eit samarbeid og søkte samla om midlar hjå diverse. Me fekk ein fin pott frå Røde Kors, der me og fekk dekt inn eigenandel av ein annan pott frå ein bank.

Responsen i gruppa har vore god

I Voss Røde Kors Hjelpekorps har det tidlegare og vore ei elveredningsgruppe. Utstyret frå denne tida var både gått ut på dato og slitt, så ein oppfrisking var naudsynt. Me ville ikkje gå i utstyrsfella og kjøpe inn store mengder med utstyr utan at me hadde medlemmar som kunne nytta seg av utstyret. Eit beskjedent knippe med vestar, taug, kastelinar og noko anna tauteknisk utstyr vart kjøpt inn, vidare vart og midlane brukt til å dekke øvingar inne på Vossabadet på vinteren.  

Elvereddere

Responsen i gruppa har vore god, vidare har fleire frå elvekajakklubben vore med og tatt grunnutdanninga i hjelpekorpset. Nokre har og tatt elveredningskurskurs som var i pinsa 2019. Det er fleire frå båe laga som visar interesse.

Derfor ser me vårt snitt til å prøva å gjere Voss til regionssenter for elveredning! Ikkje meir og ikkje mindre. Me har fasilitetane å øve i, me har folk med lang erfaring i tryggleik i og på vatn, me har fleire aksjonar i og attmed vatn der me kan vere delaktige og me har ei interessert gruppe. Me har søkt om ein gedigen pott hjå Røde Kors for å kunne kjøpe det me treng for å kunne drive øvingar ute i større delar av året. Turdraktar, hjelmar, vestar og sko er naudsynte for å kunne drive øvingar, samt og aksjonar når temperaturane er låge.

Om me får tilskotet som me har søkt om er me særs godt i gang og kan blåsa i gang fleire øvingar med høve for omliggande hjelpekorps å slenga seg med!