Finse_0100[1]

Klare til å rykke ut i påska

Frivillige i Røde Kors Hjelpekorps øver hardt for å kunne vere der når det verkeleg gjeld. På påskefjellet er det folk som har brukt vinteren på Finsekurset for å verte enda betre til søk og redning.

Det er ikkje mange stader ein har moglegheita til å øve
på katastrofen og testa ut korleis ein faktisk taklar å leie
ein krevjande redningsaksjon. På Finsekurset får ein det.

Helteskulen

Med eit helikopter hengande over hovudet og ein jamn straum av rop om funn og nye meldingar over naudnettet, skal dei halde hovudet kaldt. Dei skal organisere, gjennomføre og  ha kontroll over ein stor og uoversiktleg situasjon. Minst 11 menneske er tekne av skredet, ifølge meldingane over sambandet. Ei stor gruppe ungdomar utan redningserfaring kjem til for å hjelpe. Politiet er der. Sivilforsvaret er der. Norske Redningshunder er der. Brannvesenet er der. På sambandet kjem det konstant inn nye meldingar frå folk som også vil ha svar.

Ein skal ikkje verte stressa, ein har ikkje råd til å gjere feil. Ein har ikkje tid å kaste vekk. Når desse situasjonane skjer i røynda, står alt på spel. Då er det viktig at øvingane er så realistiske som mogleg.

-Det har vore utruleg lærerikt å vere med, seier Sondre Kristiansen. Han har reist heilt frå Melhus for å vere med på Finsekurset, og er ein av 25 som tek kurset i år. Til vanleg er han frivillig i Melhus Røde Kors Hjelpekurs.

Kristiansen_oppå_dokka[1]
Stian Kristiansen øver på HLR på ein markør som er på veg til å verte frakta ut av øvingsskredet under Finsekurset.

Trening som beredskap

I 2016 vart det sett rekord i tal på redningsaksjonar i Noreg. Røde Kors Hjelpekorps rykka ut 1641 gongar til søk- og redningsoppdrag. For å vere klar når det verkeleg gjeld, må ein trene. For å vere sikker på at det fins nok kvalifiserte leiarar til aksjonane, må ein utdanne fleire. For å vete at leiaren faktisk står støtt i ein krevjande situasjon, må treninga vere krevjande også.

-Eg søkte sjølvsagt fordi eg ville ha fagleg oppdatering. Og så har eg ein viktig grunn til, nemleg at eg brenn veldig for å ha operative kurs, og å utvikle nye medlemar i hjelpekorpset. For å gjere det må eg ha kompetanse til det, seier Kristiansen.

Leiar for kurset er Agnete Gilbakken, som ber vidare tradisjonen med å evaluere og vidareutvikle kurset år for år. Ho trekker særskilt fram kor viktig det er å få trene saman både frivillige og beredskapsetatar.

-Finsekurset er ein utruleg god arena for redningstenestesamvirke. Dette er vel kanskje det einaste kurset i Noreg som er så tverrfagleg. Dei eksterne deltakarane lærer Røde Kors å kjenne, og me vert kjent med dei, seier ho.

DSC_0501
Leiar i Finsekurset Agnete Gilbakken.

I løpet av åtte dagar går deltakarane gjennom intensiv leiartrening, ei rekke praktiske øvingar på skred, søk og katastrofesituasjonar. Ei av dei fire skredøvingane er blant dei aller største i Noreg, då er over 100 personar involverte, og opplevinga kjem så nær ein verkeleg situasjon som ein kan kome. For ein må trene for å kunne vere helt i krevjande situasjonar. Ein må vere ein god leiar for å halde hovudet kaldt og å skaffe kontroll over ein krevjande situasjon når den skjer.

Avhengig av dei frivillige

På sidelinja står mellom anna politimeister i Vest Politidistrikt, Kaare Songstad, og ser på. I skredet er det i tillegg til folk frå Hjelpekorpset, deltakarar frå Sivilforsvaret, politiet og brannvesenet. Beredskapsarbeidet i Noreg er eit samarbeid. Dei frivillige har ei særs viktig rolle når det oppstår ei krise, seier Songstad.

- Dei er ekstremt viktige for oss. På mange måtar er det dei som gjer jobben og hjelper oss og løyse vanskelege situasjonar.

Han har teke turen til Finse for å følgje med på den store skredøvinga eine dagen.

- Det er mange øvingar på denne typen arbeid, men dette er den største og gir moglegheit til å prøve alle ressursane saman. Det er slik det vil gå føre seg i ein ekte situasjon, vi må kunne koordinere og trene godt på samspelet.

Stian_Kristiansen_i_midten_med_solbriller[2]
Samhandling er ekstremt viktig i store redningsaksjonar, under Finsekurset får ei lang rekke organisasjonar og etatar øve saman.

Det er stort sett politifolk med på kvart kurs, og det vil det fortsette å vere, trur Songstad.

- Det er viktig for oss å vere her. Det er enormt mykje lærdom og hente i tillegg til moglegheita til å øve på leiing i aksjon.

I Røde Kors er det dei frivillige som leier frivillige, Kristiansen ser det som ein viktig verdi å få moglegheita til å trene på det, i tillegg til å møte redningsetatane ute i felten rundt Finse.

- Det viser jo at kurset har eit høgt nivå når dei tek seg bryet og kostnadane med å komme. Det er eit kurs der alt sit hundre prosent, det er tydeleg at dette har vore prøvd mange gongar. Eg sit att med enormt mykje, men kanskje viktigast er å trene på å stole på eigne avgjersler. Som leiar må ein vete at ein er i stand til å ta gode avgjersler og så stole på eiga dømekraft, seier Kristiansen.