Trolltunga

Tyssedal Røde Kors

Vi har et aktivt Hjelpekorps, og flere aktiviteter for barn og unge.

Adresse
Naustbakken 3, 5770 TYSSEDAL
Telefon
94830629
E-post
Tyhjelp@gmail.com

Beredskapsgiver i Tyssedal Røde Kors

Både nær og fjern historie har vist oss at uønska hendingar skjer. Nokon gonger treff det nokre få, andre gonger treff det mange. Vi i Tyssedal Røde Kors vil bli enda betre rusta til å bidra når behovet oppstår her hos oss.

Blir du Røde Kors Beredskapsgiver i Tyssedal vil pengane dine bli brukt til fleire viktige beredskapsformål.  Vi vil kjøpe inn meir beredskapsmateriell og meir fyrstehjelpsmateriell til vårt  lager her i Tyssedal. Vi vil vidareutvikle vår kapasitet på søk og redning i svært bratt terreng ved å investere i meir og betre utstyr, opplæring og trening. 

Vi vil kjøpe inn meir og betre utstyr for søk og redning i snøskred og i vatn/elv. Vi vil også auke fokus på førebyggande aktivitetar, særlig retta mot born og unge i alderen 6-17 år, slik at dei lærer seg å unngå farlege situasjonar og veit kva dei skal gjere om dei opplever ein.

Eg oppfordrar alle i Tyssedal, og alle andre som vil støtte oss, om å bli Røde Kors Beredskapsgiver. Send TRYGG på SMS til 2272, og gje 100 kroner i månaden over telefonrekninga di. Det vil gjere det lettare for oss å trygge deg og dine.

Beste helsing 

Beate Weum
Leiar i Tyssedal Røde Kors

Aktiviteter i Tyssedal Røde Kors