Torill Kvalheim i Vågsøy Røde Kors pakkar inn 125 gåver til barn i familiar som slit økonomisk. Tiltaket er finansiert av Gjensidigestiftelsens juleaksjon, kalla Julegleder for barn i Sogn og Fjordane.  Vis bildetekst
Torill Kvalheim i Vågsøy Røde Kors pakkar inn 125 gåver til barn i familiar som slit økonomisk.

Pakkar gåver til 125 barn

Torill Kvalheim i Vågsøy Røde Kors brukar vekene før jul til å handle og pakke gåver til barn i familiar med dårleg råd. Det er ho ikkje åleine om. 1578 barn i Sogn og Fjordane får gåve av Røde Kors.

– Eg håpar dei får ei litt betre jul, seier Torill Kvalheim.

Ho sit på golvet i eit utflytta barnerom heime hjå seg sjølv. Rundt ho står det bæreposar fulle av gåver til barn i Måløyområdet.

Det einaste ho veit om dei, er personalia som “gut 10 år”, “jente 3 år”, og at dei lever i familiar som slit økonomisk. Så langt har ho pakka inn 100 gåver, men har enno 25 på lista.

Kvalheim er ikkje åleine. I heile landet driv no ivrige eldsjeler i Røde Kors og førebur noko ekstra til barn i familiar med såkalla varig svak økonomi.

Hjelp oss å hjelpe - bli støttemedlem!

 

Berre i Sogn og Fjordane har Røde Kors fått meldt inn 1578 barn i år. Det er ellevte året vi driv aktiviteten “Julegleder for barn”, og ellevte året med vekst i tal barn. Gåvene er i hovudsak finansiert av Gjensidigestiftelsen.

Tragisk utvikling

– Det er ei tragisk utvikling. Det ser ut som dei som har det trongt frå før, får det enno trongare. I år har nok også koronaen og aukt arbeidsløyse ein del av skulda, seier Arne Dale, leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Omsorg.

Familiane dette gjeld, har så låg inntekt dei ofte manglar ressursar til å delta i aktivitet og har ikkje ein levestandard som er vanleg i samfunnet rundt seg.

Negative sosiale og helsemessige konsekvensar er veldokumenterte. Det kan gå ut over framtidsutsiktene til barna det gjeld, i tillegg til alt det vi som fellesskap går glipp av grunna nokre sin vanskelege start.

Eg har lyst til å hjelpe folk, og har alltid hatt det. Det er difor eg melde meg inn i Røde Kors.

Torill Kvalheim

Gåvene, som har ein verdi på 400 kroner per barn, skal gå til dei som treng det mest. Det er lokale tenestekontor, som Nav, barnevernet eller flyktningkontora som kartlegg behov og melder inn tal barn, alder og kjønn til Røde Kors.

Stort engasjement

– Det er eit svært stort engasjement lokalt for å få dette til. Det er viktig for oss i Røde Kors at ungar ikkje skal kjenne seg tilsidesett, utanfor og annleis enn andre ungar. Vi håpar og trur at dette kan gjere ein forskjell, seier Dale, og legg til at Røde Kors av same årsak tilbyr “Ferie for alle” til målgruppa.

Torill Kvalheim på veg med gåver.

Tilbake på pakkeloftet i Måløy. Kvalheim gjer seg klar til sin første leveranse. Der i byen samarbeider Røde Kors med Frelsesarmeen. Røde Kors tek seg av julegåver til borna, medan Frelsesarmeen ordar med julemat og distribusjon.

– I fjor pakka vi inn til 77 born, i år blir det minst 125. Og eg fryktar at det er fleire. Det er ille. Eg får vondt inni meg, seier Kvalheim, som prøver så godt ho kan å lyse opp julaftan for dei som mottek gåver.

– Eg prøver å finne ut kva jenter og gutar i ulike aldrar kan ha glede av. Eg snakkar med folk, og så er eg jo bestemor sjølv, pluss at eg ser i butikkane kva ungane sjølv går etter. Så må alle få ein slik julestrømpe med godis og kanskje ein liten nisse, smiler ho.

Hjelp oss å hjelpe - bli støttemedlem!

 

Fødd på julaftan

Med all planlegginga, handlinga og pakkinga, går mykje av fritida hennar i desember med til dette. Kva er drivkrafta?

– Eg har lyst til å hjelpe folk, og har alltid hatt det. Det er difor eg melde meg inn i Røde Kors. Eg var med på dette for første gong i fjor. Eg hadde ei fantastisk julaftan, då eg visste kva eg hadde bidratt med. Eg trur eg har fått kallet mitt, humrar ho, som sjølv er fødd på sjølvaste julaftan, 24. desember.