Gruppe på fem. To prisvinnarar, ordførar, varaordførar og leiar i Røde Kors Vis bildetekst
F.v: Leiar i Førde Røde Kors, Norvall Nøringset, varaordførar Anne Lilleaasen, eldsjel Åslaug Brudevoll, eldsjel Kjellaug Ulltang og ordførar Jenny Følling.

Mangeårige besøksvener heidra med eldsjelpris

Åslaug Brudevoll (89) og Kjellaug Ulltang (98) mottok Sunnfjord kommune sin Eldsjelpris for sitt frivillige arbeid i Besøkstenesta i Førde Røde Kors.

- Åslaug og Kjellaug står som to gode representantar for alle dei kvinnene som gjennom mange tiår har ytt ein svært stor innsats for eldre og einslege i kommunen, sa ordførar Jenny Følling, då ho delte ut prisen på kommunestyremøte i Førdehuset.

- Dette er ein utruleg dag, eg hadde ikkje drøymt om at noko sånt skulle skje meg. Eg vil seie tusen hjarteleg takk for at eg får vere med å hjelpe folk, sa Åslaug Brudevoll frå talarstolen etter å ha motteke prisen.

Ordførar gjev prismottakar klem
Eldsjelpris-mottakar Åslaug Brudevoll fekk i tillegg til pris både blomar og klem frå ordførar Jenny Følling.

Aktivt, men stillfarent engasjement

Det er første gong eldsjelprisen vart delt ut i Sunnfjord Kommune. I samband med frivilligheita sitt år var det ekstra viktig for kommunen å løfte fram personar som har gjort uvurderleg frivillig innsats.

Til ståande applaus mottok dei to eldsjelene diplom og pengegåve.

- I besøkstenesta har dei vore svært aktive. Veke etter veke og år etter år har dei gjennom sitt viktige, aktive, stillfarande engasjement og arbeid hjelpt mange til ein betre kvardag og ein betre alderdom, sa Følling då ho gav si grunngjeving for kvifor desse damene var valt ut til å motta pris. 

Gleder med blomar og mjølkekaker

Besøkstenesta i Førde Røde vart skipa i november 1964 som ei pasientvengruppe. Dei vitja pasientar på sjukestova og aldersheimen, og helst dei pasientane som ikkje har pårørande i nærleiken. Besøkstenesta er svært aktive og aktiviteten er på mange måtar utvida. Besøksvenene arrangerar møteplassar for eldre og hjelper til slik at eldre får delta på sosiale tilstelningar. 

Kjellaug Ulltang vart i 2013 overrekt diplom og nål for 40 år med fortenestefull innsats i Røde Kors, og då særleg i Besøkstenesta. I artikkelen «90-åring i hundre» frå Røde Kors Avisa same året vart noko av hennar frivillige arbeid skildra:

"Kjellaug er på Helsetunet og steikjer mjølkekaker til bebuarane. Det har ho gjort i alle fall i 8 år. Aktivitørane Anna Hustveit og Åse Warvik kan ramse opp ei lang liste over Kjellaug sine gode gjerningar. Når nokon av bebuarane har runde- og halvrunde dagar er det Kjellaug som kjem med blomar til jubilantane. Ho hjelper til når vi har basar, "Syng med oss"-kveldar, juletrefestar, adventsmarkeringar, turar. Kjellaug er ei som står opp klokka fem om morgonen for å steike mjølkekaker, så vi får ta med på tur." Les artikkelen her. 

Prismottakar får gratulasjon
Prismottakar Kjellaug Ulltang fekk mange gratulasjonar etter å ha motteke pris.

Får mykje att 

Også Åslaug Brudevoll har brukt mykje tid på Omsorgssenteret i Førde og ho besøker framleis mange, sjølv om ho nærmar seg 90 år. Ho vert av mange kalla blomsterpiken, fordi ho ofte gleder andre med sine flotte, sjølvlaga blomeoppsatsar. For Åslaug betyr det mykje å bidra og å kunne hjelpe andre.

- Eg føler at eg lever med dei forskjellige tinga eg er med på, og det held meg oppe det at eg kan gå ut og å møte folk, fortalte Åslaug då ho tidlegare i haust vart intervjua som Vekas frivillig.