Tre personar held posar med julegaver Vis bildetekst
F.v: Randi Rusti, Gaute Haugen og Selina Fjeldsbø

Gleder barn med julegåver år etter år

I nærmare 15 år har Høyanger Røde Kors delt ut julegleder til barn i familiar med økonomisk utfordring.

Med aukande matvareprisar og skyhøge straumrekningar er det mange som opplev at det er vanskeleg å få endane til å møtast denne jula. Likevel er det kun ei lita auke i talet på barn som mottek julegleder frå Røde Kors i Høyanger i år.

Det er NAV, barneverntenesta og intregreringstenesta som melder inn talet på barn med behov for ei ekstra glede i jula. 47 barn i Høyanger får juleglede frå Røde Kors i år.

- Vi går ut i frå dei tala vi har fått, men dersom det dukkar opp fleire med behov, så ordnar vi noko til dei, det er lenge til jul enno, seier Randi Rusti, leiar i Høyanger Røde Kors.

Skal vere til barna

Integreringskoordinator Selina Fjeldsbø møter Randi Rusti og Gaute Haugen frå Høyanger Røde Kors på Bytorget i Høyanger for å ta i mot gåver til barna som er ein del av integreringstenesta i kommunen. Ho får med seg nærmare ti fulle bereposar.

- Det er fint at dei får julegåver, det er ikkje sikkert at foreldra har pengar å bruke på det i jula, seier Selina.

Randi Rusti er oppteken av at innhaldet i gåvene skal vere til glede for barna.

- Det skal vere leikar i gåvene, for det lille overskotet foreldra har vert brukt til nødvendige ting som vottar og huer og då er det ikkje pengar att til leikar, seier Randi.

Ulike løysingar har vore prøvd opp igjennom åra. Gåvekort til kino eller symjehall og gåvekort på matbutikken.

- Vi har prøvd litt forskjellig, som til dømes gåvekort på Mega. Då gjekk gjerne pengane til mat, men dette skal vere til ungane, seier Randi.

Dame gjev gåve i hendene på ein anna dame
Randi gjev ei av gåvene til integreringskoordinator Selina Fjeldsbø.

Handlar lokalt

Innhaldet i gåvene er valt basert på alder og kjønn. Randi er lærar og kjenner godt til kva som er populært hos dei ulike aldersgruppene. Randi har hatt med seg Silje Ruskedal til å velge ut gåver og pakke inn. Siv Kvamme har vore med år etter år, men ikkje dette året. Dei er opptekne av å kjøpe inn gåvene lokalt, og samstundes støtte lokale føretak.

Bokhandelen og Åse Kristin Sæbøe opnar opp på kveldstid og hjelper til med å pakke inn gåvene.

- Det er godt å kunne handle inn gåvene etter stengetid. Høyanger er ein liten plass, og det er fint å ha butikken for seg sjølv for å diskutere utan at nokon høyre det, seier Randi.

Med gåva ligg det eit kort og ei helsing frå Høyanger Røde Kors. Gåva er ikkje merka på noko anna vis og kortet kan takast vekk før gåva blir gjeven til barna, om det er ynskjeleg. Røde Kors gjer ikkje dette for å få merksemd og er opptekne av å skjerme barna.

- Vi har drive på med dette i nærmare 15 år, men har aldri gått ut i avisa. Eg veit sjølv at eg gjer det og at det går til ei god sak, seier Randi.

Pakkar med kort
Med gåva ligg eit kort frå Høyanger Røde Kors. Foreldra kan sjølv velje om dette skal vere på når barna mottek gåva.

Auka på talet julegleder distriktet

Høyanger Røde Kors er ikkje aleine om å gje ut julegleder til barn i familiar som slit med å få endane til å møtast. Mange lokalforeiningar i Sogn og Fjordane deler ut julegleder til barn. Ordninga er støtta av Gjensidigestiftinga, som dekkar 400 kr per gåve.

Sjølv om det i Høyanger har vore ganske stabile tal, har det auka på talet barn som mottek julegleder frå Røde Kors i Sogn og Fjordane. Då det i 2021 vart søkt om støtte til 1447 julegleder, vart det i år søkt støtte til julegleder til 1728 barn. Kriteriet for å bli meldt inn er vedvarande låg inntekt. Dette er ei inntekt som er 60 % lågare enn gjennomsnittsinntekta til alle husstandar i befolkninga i landet.

Ynskjer å skjerme barna

Etter å ha levert posar med gåver til Integreringstenesta går vegen vidare til Barnevernstenesta og NAV. Hjå Barnevernstenesta står juletreet klart, gåvene leggast under treet før dei skal leverast vidare til barna.

Både NAV og barneverntenesta er svært positive til ordninga. Røde Kors handlar og pakkar inn, medan dei ulike instansane deler ut gåvene.

- Det er ei så god ordning, det gledar mange småbarnsfamiliar. Vi er heldige som får gje gåvene til dei, seier Ingvild Auganæs.

Randi fortel at dei tidlegare har reist rundt for å dele ut gåver, men at det ikkje alltid var ei positiv oppleving for verken dei eller barna. For nokon kan det vere stigmatiserande å be om eller å få hjelp. På denne måten skjermar ein barna i større grad, og sikrar at dei er anonyme.

- Dei eg har snakka med blir glad for gåva, men det er nokon som tykkjer det er tabu, seier Anna Breidvik i NAV Høyanger.

Utdeling av julegleder til barnevernskontoret
Maria Senneseth i barnevernstenesta vart overraska då dei to "julenissane" frå Røde Kors kom på døra.

Rapport frå Røde Kors

Røde Kors publiserte nyleg rapporten «Når barn må være voksne», som omhandlar korleis det er for barn å vekse opp i familiar med vedvarande låg inntek. I rapporten her kjem det fram ulike konsekvensar dette kan ha for barn.

Ei rekke djupneintervju har blitt gjort og det er tydeleg at det å kjenne seg utanfor er ein konsekvens av å vekse opp i ein familie med låg inntekt. I eit sitat henta frå rapporten vert det skildra at dette med gåver og samtalar rundt gåver er vanskeleg. Dette fortel "Nora", ein av respondentane i rapporten:

"Når man går i andre [klasse], så snakker man plutselig litt mer om bursdagsgaver og jule­gaver, så sitter man der sjøl da og har liksom ikke så lyst å fortelle noe. Så folk hadde ikke lyst å være sammen med meg, da, for jeg hadde ikke noe å fortelle." 

Randi Rusti opplev som lærar at mange barn snakkar om gåver, sjølv om skulen er oppteken av å tone ned dette med kva ein har fått til jul.

- Det er godt å vite at vi i Røde Kors har gitt eit barn ein leike som kan vere til glede for dette barnet, seier Randi Rusti. 

Bidra til vårt viktige arbeid for barn og unge. Bli medlem!