To damer på veg ut av drosje Vis bildetekst
Signy Aspevik (t.v.) og frivillig i Røde Kors, Kårhild Brugrand

Omsorg og fredagsmiddag i Lærdal

Annakvar fredag samlast heimebuande med behov for å komme seg ut og dei som bur i omsorgsbustadar i Lærdal til middag og handletur.

Ein gjeng er samla og det er spent stemning i gangen på Lærdal bu og omsorgsheim. Det er fredag og i dag arrangerar Røde Kors utflukt.

- No skal vi på tur!, seier Knut Bjørkum fornøgd i det han kjem inn døra og møter resten av gjengen.

Då Røde Kors Omsorg i Lærdal vart kontakta av nokon eldre heimebuande damer som ynskja sosialt samvær, gjekk dei i lag med Frivilligheitssentralen og starta tilbodet Fredagsmiddag.

Dei heimebuande som har trong for transport vert plukka opp heime, og køyrt på handletur før det er middag på omsorgsheimen. Svanhild Mo er ein av dei som nyttar seg av tilbodet.  

- Det er voldsomt kjekt, for eg kjem meg ut og får snakka med folk, det er skikkeleg fint, seier Svanhild.

Samarbeid

Ei anna som brukar å vere med på fredagsmiddagane er Signy Aspevik. I dag skal ho og resten av gjengen på ein litt lenger tur enn vanleg, dei skal til nabobygda Øvre Årdal.

- Eg kjente meg trøtt i aftes, så eg var litt usikker på om eg skulle reise, men no går det greit. Det er godt å komme seg ut, seier Signy Aspevik.

Med på turen er frivillig Anna Kristine Damstuen og Kårhild Brugrand frå Røde Kors, Olaug Nundal og Astrid Bjørkum frå Frivilligheitssentralen og Margunn Hagen Mo som er aktivitør på omsorgsheimen.

Fredagsmiddagane er eit samarbeid mellom Røde Kors, Frivilligheitssentralen og Lærdal bu og omsorgsheim. Midlar frå Røde Kors har gjort denne turen mogeleg.

- Dette er eit sosialt tilbod i samband med at folk no bur lenger heime og samtidig er det er fint for dei som bur her å få snakke med nokon utanfrå, seier aktivitør Margunn Hagen Mo.

Eldre dame og eldre mann ler
Signy Aspevik og Knut Bjørkum pratar og har det kjekt

Fellesskap

Praten går lett i det drosja køyrer ut av tunellen og i retning Årdal. Det er samtalar om kven som vaks opp der og kven som bur der, og om det fine vêret. Drosja stoppar ved Årdalssenteret og Kaffistova. Her ventar eit godt måltid.

Over bordet går samtalar om minner frå barndommen, det er latter og det er glede. Nokon ord om kor god maten var kan også høyrast.

- Det var heilt nydeleg, no burde eg ha sprunge ei runde rundt huset, ler Inger Husum, som er ein av dei som er med på turen.

Eldre dame i drosje
Inger Husum er nøgd med dagens tur til Årdal.

Avsluttar med handel

Maten ligg i magen, kaffikoppane er tomme og det er tid for ei runde på kjøpesenteret, for dei som ynskjer. Her er det butikkar der ein kan få tak i ting som ein ikkje får heime i Lærdal.

Signy er på jakt etter eit par nye sko og med god hjelp klarer ho å finne nokon som passar perfekt på foten og til antrekket. På spørsmålet om ho ynskjer å ha dei på med ein gong, svarar ho:

- Neei, då er eg framand både i gatene og i skoa.

Signy skal sleppe å vere framand så mykje lenger, for no går turen attende til Lærdal.

- Det var ein heilt passeleg lang tur, men når eg kjem heim kjem eg nok til å sitte i ein stol resten av kvelden, seier ei fornøgd Signy.

Alle let vel over kor kjekt det har vore på tur og kor koseleg dei har hatt det saman. Signy uttrykkjer:

- Ein treng ikkje reise til Amerika for å ha det koseleg, det held å reise til Årdal.

Eldre kvinne prøver sko
Signy fann nokon sko som passa ho perfekt.

 

Sjå video frå turen her: