Tre jenter i Røde Kors Ungdom-jakke Vis bildetekst
F.v Ragne Myklebust, Alexandra Acevedo og Sunniva Kristiansen Buset er styret i Røde Kors Ung i Svelgen-Bremanger Røde Kors

Opnar møteplass for læringar

Eit tips om at det er få fritids-tilbod for dei mange læringane i Svelgen, gav styret i Svelgen-Bremanger Røde Kors Ungdom ein idé.

I Røde Kors-huset sto eit lokale ledig, og dei tre jentene Sunniva Buset Kristiansen, Ragne Myklebust og Alexandra Acevedo sette i gong å pusse opp. Nokon veker seinare står "Kjeller´n" klar for å ta i mot ungdommar.

- Det er mange lærlingar som kjem til Svelgen frå andre stadar, men her skjer det ikkje så mykje som dei kan vere med på, seier Sunniva Buset Kristiansen, som er leiar i Røde Kors Ung i Svelgen-Bremanger.

Koseleg klubblokale
I "Kjeller´n" vil ein til dømes kunne lage, mat, sjå film, spele brettspell og prate saman. Her er styret i Røde Kors Ung Svelgen-Bremanger og nestleiar i Røde Kors Svelgen-Bremanger, Lise Buset.

Møteplass for ungdom

Folk på bygda har donert møblar og spel, og i "Kjeller´n" er ein kjøkkenkrok og ein TV. Her er alt lagt til rette for ulike aktivitetar.

Styret i Svelgen-Bremanger Røde Kors Ungdom ynskjer at også lokal ungdom skal ta i bruk "Kjeller´n", og at den kan bli eit treffpunkt mellom ungdommar frå Svelgen og læringar som kjem utanfrå.

- Vi har lyst å engasjere ungdommen i bygda og at dei skal sjå at Røde Kors kan vere meir enn berre førstehjelp, men også sosialt og kjekt, seier Sunniva.

Kommode med brettspel
I "Kjeller´n" har dei ein heil kommode med brettspell, og eit eige spele-rom.

Sport eller ingenting

Røde Kors Ung planlegg i første omgang å halde "Kjeller´n" open ein kveld i månaden, men dersom det er behov og ynskje om det, utvidar dei gjerne tilbodet. Dei vurderar også å opne for ungdom i ungdomskulealder på andre kveldar.

- Det var ikkje eit sånt tilbod for oss då vi var yngre, vi hang på leikeplassar og sprang rundt for å leite etter Pokémon, fortel Ragne Myklebust.

Nestleiar i Svelgen-Bremanger Røde Kors, Lise Buset har vore engasjert i forbreding av lokalet og ho er imponert over engasjementet til ungdommane.

- Eg syns det er eit kjempetiltak dei har starta. Eg håpar verkeleg at lokale ungdommar og læringar støttar opp og brukar dette, seier Lise.