To damer og ein mann på kjøkken, smiler mot kamera Vis bildetekst
F.v. Anne Finnbotn, Eva Øverås Jensen og Vebjørn Leite Olsen kokar kaffi, steiker vafler og gjer det hyggeleg for ukrainarane som har møtt denne kvelden.

Skapar verdifull samlingstad i Florø

Røde Kors-huset i Florø byr på husrom, frivillige byr på hjarterom og når lukta av vaffel blandar seg med latter og drøs, då har ein det som skal til for å skape ein god møteplass.

- Har vi eit vaffeljarn til? spør frivillig Anne Finnbotn i det leiar i Flora Røde Kors, Vebjørn Leite Olsen kjem inn døra.

Rundt 35 ukrainske vaksne og barn er samla på Røde Kors-huset denne ettermiddagen. Det er ikkje berre vaflar som lokkar folk til å komme.

- Då eg kom tre kvarter før, sto allereie mange å venta, fortel Eva Øverås Jensen.

Eva er ein av initiativtakarane og saman med Anne Finnbotn og Eva Liset legg dei til rette for at ukrainarar som er busett i Florø har ein plass å møtast ein gong i veka.

Røde Kors frivillig steiker vafler medan barn ventar
Vaflane Anne steiker luktar så godt at dei forsvinn i det dei er ferdig stekte.

Såg eit behov

I tillegg til å vere frivillig i Røde Kors jobbar Eva på Solbakken asylmottak. Eva har dermed kjent mange av ukrainarane sidan dei kom til Florø. Då dei vart busett i lokalsamfunnet såg Eva at det dukka opp eit behov for å skape ein møteplass.

- Dei mista sjansen til å vere i lag slik som dei brukte å vere på asylmottaket, og ein fast møtestad vart viktig, fortel Eva.

55 av 90 Ukrainarar i Florø møtte då Flora Røde Kors inviterte til samling for første gang i påska. Det var kaker, song og musikk og det vart eit sterkt møte. Då fire små jenter song nasjonalsongen, kom det tårer frå både deltakarar og frivillige. Leiar i Flora Røde Kors, Vebjørn Leite Olsen er ofte med på treffa og var med også første gongen.

- Vi er glad for å ha skapt ein stad der dei kan komme og få litt pause, seier Vebjørn.

Fleire har truleg behov

- Det er like gale i Afganistan og mange andre stadar også, men då ukrainarane kom til Noreg så hadde dei lite nettverk, fordi det knapt var nokon frå landet her frå før. Alt var framandt for dei og dei hadde ingen her. Det var difor eg tenkte vi måtte lage denne møteplassen, seier Eva.

Eva legg til at det sannsynlegvis er andre folkegrupper som har same behov og at det er mogeleg å lage same tilbod for dei også. 

Røde Kors-frivillig og ukrainsk dame klemmer og er glade
Olena og Eva har blitt godt kjent både gjennom Røde Kors, men også gjennom tida på asylmottaket. Olena set stor pris på tilbodet som Røde Kors har laga for dei.

Aktivitetar for barna

Ungane sit i djup konsentrasjon i hesteskoformasjon. Dei blandar fargar og målar julemotiv. Når kameraet nærmar seg viser dei villig fram sine flotte arbeid og smiler bredt. Olena er ein av dei som møter fast kvar tysdag saman med mannen og tvillingjentene sine.

- Det er viktig for oss å ha ein plass der barna våre kan møte andre barn og snakke ukrainsk. Og det er viktig at vi gjer noko meiningsfult, seier Olena.

Det vert lagt til rette for ulike aktivitetar for ungane, særleg innan kunst og handverk.

- I Ukraina var barna engasjert i mange ulike aktivitetar, men her er Røde Kors einaste aktivitet, seier Olena.

Barn malar og blir vist korleis dei blandar fargar
Barnespsykolog Ira Hyttenlokher syner barna korleis ein blandar fargar.

Barnepsykolog Ira Hyttenlokher leiar aktivitetane for ungane. Denne tysdagskvelden lagar dei julekort for å få julestemning, men ofte teiknar eller malar dei som ein slags terapi.

- Mange av barna har erfaringar knytt til krig og det er viktig å reagere på det dei har opplevd gjennom å male og å kommunisere med kvarandre, seier Ira.

Olena og mannen hennar er veldig glad for at Ira legg til rette for aktivitetar for ungane, og at ho nyttar den kunnskapen om barn som ho har.

Barn viser fram sitt sjølvmala julekort
Barna viser stolt fram julekorta dei held på med. Barna syns det er spanande å bli fotografert.

God hjelp frå tolk

Eva fortel at ukrainarane styrer aktivitetane sjølv, men at dei frivillige frå Røde Kors er med for å hjelpe til med utstyr og servering.

- I utgangspunktet kunne dei haldt aktiviteten sjølv, men dei ynskjer at vi skal vere her, også for at dei skal kunne trene på norsk, seier Eva.

Språk kan vere ei barriere, men Røde Kors i Flora har vore så heldige å få med seg ein tolk som er med som frivillig så ofte som han kan. Oleksii Renkas har budd i Noreg sidan 2014 og kom til Florø for to år sidan. Då han høyrde om samlingsstaden meldte han seg til å bli med som tolk. Han opplev at Ukrainarane set stor pris på tilbodet til Flora Røde Kors, nokon kjem dit for å lære noko og nokon kjem berre for å prate.

Eva får hjelp av Oleksii til å gje informasjon om samlingsstaden til ukrainarane, han sender avgårde beskjedar til deltakarane på Telegram.

Mann I fin kontakt med to barn I like klede.
Oleksii Renkas er med som tolk. Han har fått god kontakt med ungane og spesielt har tvillingane til Olena, Milada og Oriana har blitt veldig glad i Oleksii.

Varme vaflar og varme klemmar

Planen er å etterkvart dele opp i ei avdeling for vaksne og ei avdeling for barna, slik at det vert lettare for dei vaksne som kjem utan barn å prate saman. Ynskjet er også å få med ukrainarar frå asylmottaket, men det krev transport, og det er ei økonomisk utfordring.

Vaffeljarnet har blitt kaldt og vaflane er for lengst ete opp. Dagens samling går mot slutten og Eva mottek klemmar av deltakarane som er på veg ut døra. Både vaflar og klemmar varmar og alle ser fram til å møtast igjen neste veke.

Røde Kors-frivillig og ukrainsk deltakar klemmer
Ukrainarane syner takksemd for tilbodet til Flora Røde Kors.