Barn og vaksne på ski i sirkel rundt mann med norsk flagg

- Når barnet er glad, er eg glad.

60 barn kom denne veka attende til skule og barnehage med historier å fortelje frå vinterferie-leir med Røde Kors.

Fugledansen ljomar utover skiarenaen ved Nordfjord Fritidssenter medan barn og vaksne med ski på beina forsiktig prøver seg på rørslene som høyrer til. Å stå på ski kan vere utfordrande i seg sjølv, men å danse fugledansen på ski krev ekstra god balanse og koordinasjon. For nokon enda diverre fugledansen på rumpa.

Vidare stiller deltakarane seg på rekke og fremstemann held stolt fram det norske flagget. Det er barna sin eigen Vinter-OL, og det er klart for opningsseremoni. I ekte OL-and går deltakarane på ski i sirkelformasjon på arenaen under hoppbakkane. Nokon misser balansen, men ingen misser humøret. Det skal konkurrerast i ulike greiner – skistafett, snøfotball, «kulestøyt» og skiskyting.

Stolt gut held flagg
Gretar (7) står fremst og held stolt det norske flagget.

Barn har rett på leik og fritid

FN-konvensjonen om barn sine rettigheiter, også kjent som FN sin barnekonvensjon, slår fast at barn har rett til kvile, fritid, leik og deltaking i kulturelle og kunstnarlege aktivitetar. Å delta i OL er neppe ein rettigheit, men barnekonvensjonen understrekar viktigheita av at barn får mogelegheit til å delta i leik og fritidsaktivitetar.

"Ferie for alle" gjev barnefamiliar som lev med vedvarande låg inntekt høve til å delta på ferieaktivitetar og å få opplevingar som elles kanskje ikkje hadde vore tilgjengelege for dei.

Ved å arrangere ferieleir bidreg Røde Kors til å sikre at barn og barnefamiliar har tilgang til fritidsaktivitetar og ferie, noko som er essensielt for barn sin trivsel og utvikling.

Jente får hjelp til å skyte med luftgever
Ein av dei mest populære OL-greinene var skiskyting, sjølv om det vart både ei og to strafferunder.

Tid saman med far

Natnael (snart 9 år) er ein av barna som deltek i dei olympiske leikane og er på ferieleir på Nordfjord Fritidssenter denne vinterferien. Natnael er på leir saman med far, medan mor er heime med to andre ungar.

Far og son på leir
Natnael og Ambachew er glade for å vere på leir.

- Han har to søsken med spesielle behov, så det er fint for Natnal å komme ut og å vere med på aktivitet, og å få litt tid med pappa, fortel Ambachew, far til Natnael.

Natnael går på skiskule kvar mandag, og det kan ein sjå. I OL-greina stafett rasar Natnael fram og kjem i mål lenge før nestemann. Ein stolt pappa spring lett bak og filmar med telefonen.

Natanal tykkjer det er bra å vere på leir, og han tykkjer det kjekkaste med leir er å få stå masse på ski.

- Det er gøy å stå på ski, fortel Natnael.

I tillegg til å få øve på skiferdigheitene, er far Ambachew glad for mogelegheita til å bli kjent med andre familiar. Han ser at sonen har det kjekt på leir.

- Når barnet er glad, er eg glad, seier Ambachew.

Gutt feirar seier
Natnael er feirar sigeren i OL-greina skistafett.

Viktig og populært tilbod

«Ferie for alle» skal fremje sosial inkludering og gjev familiane høve til å skape positive minner og styrke banda seg imellom.

I år fekk 19 familiar med samla 84 deltakarar vere med på vinterferie-leir på Nordfjord Fritidssenter. 57 % av dei som søkte på opphald fekk plass. Røde Kors i Sogn og Fjordane arrangerer to leiarar i vinterferien og tre leirar i sommarferien.

Barn kaster kuler
OL-greina "kulestøt" er ein variant av bocca.

Frivillige sørger for at for at barn og foreldre som elles ikkje ville hatt råd til å reise på ferie får eit godt ferieopphold. I tillegg til tre tilsette frå Nordfjord Feriesenter er det tre-fire Røde Kors-frivillige på kvar leir som jobbar for at familiane skal få oppleve glede saman, få servert måltid og vere i aktivitet.

Jan W. Sande er leirsjef på ein av leiarane. Han tykkjer han får mykje igjen for den tida han investerer.

- Det kjekkaste er når ein ser kor fornøgde ungane er. Eg vert glad når eg ser barn og vaksne leike og ha det kjekt saman, fortel Jan.

Olympiaden går mot slutten og alle er vinnarar. Både vaksne og barn har fått kjenne på meistring og glede. Nokre har stått på ski for første gang, nokre har fått nye vener og alle har fått minner, som dei kan fortelje om på skulen og som dei kan ta med seg vidare i livet.