2403_distriktsårsmøtet_laurdag-154 kopi

- Det er mitt stoltaste augeblikk.

Anita Kristin Vik er tildelt Røde Kors Hjelpekorps si fortenestemedalje for hennar engasjement og langvarige arbeid for Røde Kors og dei Røde Kors er til for.

«Frå 2003, og nær sagt samanhengande fram til i dag, har kandidaten hatt verv i distriktet. Kandidaten har bidrege til god dialog og samarbeid i rådet, og har vore viktig for utviklinga av fagmiljøa i distriktet».

Alle ser i retning Anita Vik i det visepresident i Røde Kors, Åsmund Mjåland les opp grunngjevinga for det som snart skal skje. Alle som sit i Spisesalen på Kviknes Hotell i Balestrand skjønar kven som vert skildra, sett vekk i frå hovudpersonen sjølv.

Kvinne ved bord ser undrande ut
På dette tidspunktet byrjar Anita å forstå kva som skjer.

Visepresidenten fortset å lese:

«Kandidaten har bidrege til det høge talet frivillige i Røde Kors Hjelpekorps i Sogn og Fjordane, og har vore ei viktig årsak til at Røde Kors Hjelpekorps fungerer så godt som i Sogn og Fjordane».

Visepresidenten avsluttar med å lese opp namnet, og først då er Anita sikker på at det er ho som skal motta heider.

- Det var ei fantastisk, men absurd oppleving. Det var så uventa. Eg var så stolt, men det vart nesten litt for mykje, fortel Anita.

Nokre timar tidlegare har Anita haldt sitt siste valmøte for Hjelpekorps på Distriktsårsmøtet til Sogn og Fjordane Røde Kors. Der plukka ho av seg dei gule stripene på skuldrane og gav dei vidare til ein ny leiar. Med det la Anita bak seg 25 år som leiar i Røde Kors Hjelpekorps. Både lokalt og på distrikt.

Heltar frå barndommen

Det heile starta med ein barndomsdraum.

- Då eg var barn såg eg opp til dei med blå kjeledress og raudt kors på armen. Dei var dei tøffaste eg visste om og eg hadde veldig lyst å bli ein av dei, fortel Anita Vik.

Då ho såg at Olden Raude Kross skulle halde 30-timars førstehjelpskurs, meldte og seg på og var eit steg nærmare draumen. Anita tok kurset, meldte seg inn i Røde Kors og tok grunnutdanninga for å bli hjelpekorpsar. Ikkje lenge etterpå kom spørsmålet om ho ville bli korpsleiar.

Engasjementet som korpsleiar vart lagt merke til og det tok det ikkje lang tid før ho vart spurt om å bli nestleiar i Distriktsråd Hjelpekorps.

- Det har aldri vore eit mål for meg å nå lengst mogeleg på nokon måte. Eg ynskja i utgangspunktet å vere medlem, å vere ein av dei som er ute og leitar, fortel Anita.

Kvinne i Hjelpekorpsuniform
Anita Vik har vore leiar i Distriktsråd Hjelpekorps i Sogn og Fjordane i 7 år.

Drivkrafta har heile vegen vore å gjere ein forskjell når nokon er sakna. Målet er at ein skal løyse oppdraget på ein rask, trygg og effektiv måte.

- Det har vore motiverande å vere med på å utvikle oss til det beste for dei som er sakna, slik at dei kan komme heim, fortel Anita.

Anita har vore med på store endringar i hjelpekorpset og innan fagfeltet søk og redning. Mellom anna har det vore endring søksmetodikk, digitalisering og endring i måten ein kursar seg på. Som leiar har en måtte jobbe smart for å få med seg medlemmane på endringane. Anita er oppteken av at ho ikkje har gjort denne jobben aleine og skryt av rådsmedlemmane som har vore med.

Det er vi i Røde Kors

Heideren ho har motteke vil Anita dele med andre frivillige i Røde Kors Hjelpekorps og dei ho har samarbeida med i D-rådet.

- Det er ikkje meg i Røde Kors, det er vi, seier Anita Vik.

Dette har vore eit mantra gjennom heile perioden som leiar både lokalt og på distrikt. Alle medlemmane er verdt like mykje. Som leiar har Anita vore oppteken av å bygge opp andre, og har ikkje alltid vore like flink å ta til å ta æra sjølv. Litt av æra for at ho har blitt den leiaren og hjelpekorpsaren ho har blitt, gjev ho til Margrethe Skåden og Stian Antonsen.

Stian Antonsen var leiar i Distriktsråd Hjelpekorps då Anita var nestleiar. Då han vart valt inn i Landråd for Hjelpekorps, tok Anita over som leiar i «d-rådet».

- Stian hadde vore ein solid leiar over mange år, og no skulle vesle meg ta over, fortel Anita.

Planen var å vere leiar fram til årsmøtet og til ein ny leiar var på plass.

- Stian var veldig flink til å fortelje at eg var flink. Han bygde sjølvtilliten min.

På den måten fekk Anita trua på at ho kunne klare det.

- Når eg tvilte på eigne evner så snakka eg med han og gjekk alltid ut av av samtalen med heva hovud og ny motivation, fortel Anita.

Stian og Anita har vore sentrale i å bygge opp det Stian kalla for «vårens vakraste eventyr». Grunnkurshelga for nye hjelpekorpsarar på Nesholmen er ein av dei gode tiltaka for å få engasjert nye frivillige hjelpekorpsarar i Sogn og Fjordane. Rettleiarar og nye frivillige saman og bidreg til ein felles grunnmur.

Då Stian brått forlot denne verda i 2022 hadde mista Anita ein mentor og ein god ven. Sorga vart tung å bere, men tilbake sto ein leiar som Stian hadde bygd opp til å handtere motstand og tunge utfordringar. Etter ei lita pause frå leiarvervet var ho tilbake, og motivasjonen for å fortsetje var større enn nokon gong.

Kvinne mottek pris, mann gjev lommetørkle
Sambuar Johnny Rustøen er også engasjert hjelpekorpsar og har vore ei god støtte for Anita. Han har vore spesielt god å ha når det har vore innført nye digitale system og verktøy.

Tida framover

Det vert kanskje færre timar Røde Kors-arbeid for Anita framover, men Røde Kors vil framleis vere ein stor del av kvardagen. I heimen har Anita ein engasjert rødekorsar, og Røde Kors vert eit naturleg samtaletema. Sambuar Johnny Rustøen er operativ leiar i Stryn Røde Kors Hjelpekorps.

-Det blir jo mykje Røde Kors i heimen. Eg har måtte sei at sofaen min, den er Røde Kors-fri, seier Anita.

Sjølv om Anita no gjev frå seg leiarvervet i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps, har vi ikkje sett det siste frå Anita Vik. Anita ser fram til å bidra lokalt i Stryn, vere med på å oppretthalde den gode utviklinga i område Nordfjord, og til å delta i søk- og redningsaksjonar som mannskap eller aksjonsleiar.

Anita brenn sterkt for å utvikle fagfeltet ettersøk, og vil vere ein ressursperson for distriktet. I tillegg vil ho fortsetje å utdanne og motivere nye hjelpekorpsarar. Ansvaret for «Vårens vakraste eventyr» ligg no på nokon andre, og Anita vel medvitent å halde seg unna, og å sleppe nye til. Men ho skal halde kurs i førstehjelp lokalt i starten av april.

Før det har Anita framfor seg ei påske utan vakttelefon.

Grunngjeving for tildeling av Røde Kors Hjelpekorps si fortenestemedalje:

Kandidaten starta sin Røde Kors-aktivitet i 1998, då kandidaten vart medlem av lokalt Røde Kors.

Kandidaten var leiar, nestleiar eller rådsmedlem i sitt lokale hjelpekorps fra 1999 til 2007.

Kandidaten har tilegna seg kompetanse som har bidrege til eit rykte som dyktig aksjonsleiar.

I søknaden opplysast det at kandidaten som frivillig og tillitsvalt har vore oppteken av opplæring av frivillige.

Kandidaten har i mange år mellom anna vore ein viktig bidragsyter til distriktet si årlege grunnkurshelg på Nesholmen.

Med si erfaring har kandidaten bidrege som veiledar både på aksjonsleiing søk og redning og på kurs i operativ veiledning.

I søknaden skildrast kandidaten som eit leiartalent med engasjement, og som vart lagt merke til på distriktsnivå.

Frå 2003, og nær sagt samanhengande fram til i dag, har kandidaten hatt verv i distriktet.

I åra som tillitsvalt på distriktsnivå har kandidaten bidrege til eit godt samarbeidsklima i distriktsstyret og med distriktskontoret.

Kandidaten har bidrege til god dialog og samarbeid i rådet, og har vore viktig for utviklinga av fagmiljøa i distriktet.

Kandidaten har vore oppteken av å framsnakke dei lokale hjelpekorpsa, og korpsa sine behov og kvalitetar, både internt i Røde Kors og for samarbeidspartnarar som Politi og helse.

Kandidaten har bidrege til det høge talet frivillige i Røde Kors Hjelpekorps i Sogn og Fjordane, og har vore ein viktig grunn til at Røde Kors Hjelpekorps fungerer så godt som i Sogn og Fjordane.  

Gjennom sin positive leiarskap har kandidaten satt eit solid avtrykk både på lokal- og distriktsnivå.