241504-Demenskor Hyllestad-3toppbilete

Syng og ver glad

Hyllestad Røde Kors Omsorg har starta demens- og seniorkor på Hyllestad omsorgssenter Eiklund.

 Daglegstova på Eiklund er fylt med songglade bebuarar og raudkledde songfuglar. Nokre syng for full hals og nokre nøyer seg med å trampe takta, men alle er med. Songen fyller rommet.  

Syng, syng, syng og ver gla', syng med den stemma du har. Syng, syng, syng og ver gla', syng og hald sorga for narr.

Gleda sprer seg like fort som tonane frå koret.

Engasjerte songdamer

- Eg er så glad for at eg tok dei telefonane. Eg ringte rundt og alle var positive, og dermed var Demens- og seniorkoret etablert, seier Ann-Lise Birkeland, leiar i Røde Kors Omsorg i Hyllestad.

Ann-Lise tok kontakt med songarar frå koret Fjordklang, samt frivillige frå Røde Kors for å høyre om dei var interessert i å vere med å starte med korsang på omsorgsheimen.

- Eg er engasjert i alt mogeleg, men eg klarte ikkje å sei nei til dette. Eg pleier å synge her på 17. mai, og då ser eg kor glade dei blir. Det er lett å sei ja når du kan vere med å glede andre og du sjølv vert glad på same tid, seier Karin Tonning Hatløy, ein av dei frivillige songarane frå koret Fjordklang.

Også Kirsten Gravdal Ryland er ei engasjert og travel dame, men dette ville ho vere med på.

- Eg har sett mange gongar kva song gjer med folk, både den som syng og den som høyrer på. Og for dei som er eldre så tek det fram gode minner. Når ein byrjar å synge med dei, så er dei heilt med, fortel Kirsten.

Kvinner i Røde Kors jakke
Desse damene bidreg til sang og glede på Eiklund omsorgssenter. Frå venstre: Svanhild Avedal, Marit Rønneseth, Torunn Haukøy, Aud Berge, Ann-Lise Birkeland, Kari Nordbø Systad, Arnhild Systad, Karin Tonning Hatløy, Bente Stølen, Kirsten Ryland Gravdal og Lisa Giil.

Verdsatt av bebuarar og tilsette

Neste song i permen er Fager kveldsol smiler. Alle syng med, høgt og tydeleg og kan teksten utanåt. 

- Det er diverre slik at ungane som veks opp i dag ikkje har like mykje song på timeplanen som de hadde. Eg kan høyre at at alle de som er her har hatt songtimar på skulen, seier Aud Berge, som leiar songen.

Margit Hatlem er ein av bebuarane som deltek når Røde Kors inviterar til song, og er veldig nøgd med stunda. 

- Eg tykkjer det er veldig kjekt, både no og forje gang. Det kjekkaste vi har her på Eiklund er song og musikk, seier Margit.

Administrativ leiar for Omsorg i Hyllestad Kommune, Unni Systaddal sit på kontoret ved sidan av daglegstova og har høyrt den flotte songen.

- Røde Kors gjer ein kjempejobb her ute. Det at dei gjer dette er gull for oss. Dei gamle vert så glade, snakkar om det og spør oss når dei kjem neste gang. Det betyr mykje for dei, og det betyr mykje for oss som jobbar her, fortel Unni Systaddal.

Røde Kors frivillig hjelper med å bla i songperm
Leiar for Røde Kors Omsorg i Hyllestad, Ann-Lise Birkelland hjelper til med å finne fram til riktig song.

Tilbod også til einslege som bur aleine

I tillegg til Demens- og seniorkor arrangerer Røde Kors Omsorg i Hyllestad trivselsstund ein gang i månaden med ulike aktivitetar som live musikk, barseltreff, grilling og busstur. Det er ei aktiv omsorgsgruppe som stiller opp gang etter gang. Dei faste frivillige frå Omsorg er også med i demens- og seniorkoret. I tillegg til å synge, hjelper dei til med å finne riktig song i kormappa og å serverer noko å drikke når det er behov for det. I første omgang vert det invitert til korsang omlag ein gang i månaden.

- Vi byrja med å kalle det demenskoret, men koret er for alle bebuarane, så difor la vi til senior, fortel initiativtakar og leiar for Røde Kors Omsorg i Hyllestad, Ann-Lise Birkeland.

Framover er det ynskjeleg at også einslege som bur aleine i kommunen kan komme til omsorgsheimen når det er kor. Og gjerne pårørande til dei som bur på «heimen».

- Takksemda som dei eldre viser oss, den kan vi leve lenge på, seier Ann-Lise Birkeland.

Eldre kvinne
Margit Hatlem set stor pris på at det vert tilrettelagt for song og musikk på Eiklund.

Margit Hatlem ser fram til neste korøving. Margit har vorte utfordra til å synge solo på songen Frøken Johansen og jeg

- Etter eg hadde korona har eg fått litt hes stemme, men som det står i sangen, du skal synge med den stemma du har. Syng, syng, syng og ver glad, syng med den stemma du har, seier Margit.