Steinar Grønsberg i Aurland Røde Kors tek i mot æresmedlemsskap. Vis bildetekst
Steinar Grønsberg i Aurland Røde Kors tek i mot æresmedlemsskap.

Har rykt ut i 43 år

Etter 43 år i hjelpekorpset, er leiar Steinar Grønsberg i Aurland Røde Kors framleis først på depotet når alarmen går. Sist veke vart han heidra med æresmedlemsskap.

Det byrja med ei drukningsulykke i 1977. Steinar Grønsberg vart spurt om å hjelpe til. Hendinga fekk han til å melde han seg inn i hjelpekorpset. Sidan har han vore aktiv i Aurland Røde Kors. Han har hatt dei fleste roller fleire gonger. Dei siste åra leiar i hjelpekorpset og husansvarleg. Vi stilte han nokre spørsmål om kva innsatsen går ut på.  

– Kva medfører det å vere leiar i Hjelpekorpset? 

– Eg går rundt med vakttelefonen 24 timar i døgnet, så eg må vere nokolunde klar til å rykke ut. Så er det jo mi plikt å syte for at vi har korpskveldar ein gong i månaden. Der er det andre som får ansvar for å lage til litt aktivitetar. Så må eg prøve å få folk på kurs. Vi treng utstyr som må finansierast, men der har vi heldigvis ein god kasserar og leiar i lokalforeininga, som er frampå og prøver å skaffe pengar.  

DSC07993
Her sit Steinar grønsberg saman med ordførar Noralv Distad på Røde Kors sin pratebenk. Dette er i samband med Norges Røde Kors 150-års jubileum i 2015. Arne Løland er konferansier.

– Kor mange aktive er det i hjelpekorpset i Aurland? 

– Vi er nær 40 stykk med id-kort no, etter å ha rekvalifisert åtte stykk nyleg. Dei er flinke til å stille opp når det er noko. I fjor fekk vi ei utfordringa frå havnevesenet, som trengde folk til ei brannøving i cruiseskip på kort varsel. 20 hjelpekorpsarar stilte opp på eit kvarter. Då vart eg imponert, og det trur eg andre vart også.  

– Kva er det som driv deg? 

– Det vert ein livsstil. Eg starta den hausten vi fekk ambulanse i Aurland, i 1977, og eg har sete i verv frå den dagen. Etter kvart vart eg tilsett som stasjonsleiar i ambulansen, der eg sat til den vart tatt over av Helse Førde i 2005. Då tenkte eg at eg ville berre vere vanleg medlem, men vart valt inn som leiar i Hjelpekorpset i 2006. Eg trivst med det, og føler at eg gjer ein god jobb for mine medmenneske.  

Eg vil bli med i hjelpekorpset!

– Det får meg til å tenke på ei natt i haust, i Aurlandsdalen. Ein familie med to barn vart overraska av mørknet og kom seg ingen stad. Den kvelden var det berre eg som kunne stille frå hjelpekorpset. Så ei dame frå politiet og eg gjekk framover dalen og fann dei, og fekk dei heim att. Det er slikt som gjer godt.  

rka14-2 steinar grønsberg
I oktober 2014 er det eit forferdeleg regnver. Steinar Grønsberg og eit 20-tals mannskap frå Røde Kors i Aurland er med å evakuere ut 250 personar frå Flomsdalen. Foto: Arild Blomkvist, Norges Røde Kors.

– Det opplevest nok som dramatisk for dei involverte, men det er vel ikkje det mest dramatiske du har vore med på? 

– Eg har prøvd det mest. Det første eg var med på, som gjorde at eg vart med i hjelpekorpset, var ei drukningsulykke. Det har vore folk som har avslutta eige liv. Folk har dotte ned frå store høgder. Elles er jo brannen i Lærdal og flaumen i Flom dei største hendingane eg har vore med på. Brannen i Gudvangatunnellen var jo også dramatisk, der var jo ikkje vi inne i tunellen, men i mottak ute.  

Kva gjer det med deg? 

– Det set spor i meg, det gjer det. Av og til når eg skal legge meg om kveldane, dukkar det opp hendingar som skjedde for 15-20-25 år opp. Men det har ikkje plaga med veldig mykje. Eg trur ein lærer seg til ein forsvarsmekanisme når ein er ute, og lærer seg til å ikkje sjå på det verste.  

IMG_3549
Sommaren 2015 brann det i Gudvangatunnellen. Ein turistbuss var råka. Hjelpekorpset med Steinar Grønsberg i spissen stilte seg til rådvelde i mottak.

Det er vel også hendingar med lukkeleg utfall? 

– Å ja, litt fødslar var eg jo med på i ambulansen. Så har eg jo hjelp heimatt ein del folk frå nokon fjellsider. Då føler ein at ein har gjort ein god jobb.  

– Viss det ikkje går bra, bebreidar ein seg sjølv då? 

– Ein gjer det ein kan. Så lenge ein gjer det, så kan ein ikkje bebreide seg sjølv. Dersom ein gjer det, kan ein ikkje halde på med dette. Då trur eg belastninga vert for stor.  

– Eg har gått med vakttelefonen fast dei siste åra. I snitt er det vel 10-12 utrykkingar på eit år. 

– Kor ofte har du sjølv høve til å møte opp på aksjon? 

– Eg møter stort sett opp, og er stort sett den første på depotet om eg er i bygda.  

– Kor gamal er du, forresten? 

Steinar Grønsberg fortjenestemedalje 2015
I 2015 fekk Steinar Grønsberg Norges Røde Kors Hjelpekorps fortenestemedalje for innsatsen sin.

– Eg blir snart 68. Eg gjekk av med avtalefesta pensjon då eg var 64, og sidan det har det stort sett berre vore Røde Kors. Nesten 100 prosent stilling. Så har eg også ansvar for Røde Kors-huset, som også er ein stor jobb med vedlikehald og utleige.  

– Kva tenkjer du om æresmedlemsskapet? 

– Det er utruleg kjekt å bli sett pris på, men eg håpar jo den oppveksande generasjonen snart vil overta.   

CV Steinar Grønsberg Aurland Røde Kors
Steinar Grønsberg har hatt verv sidan han byrja i Røde Kors i 1977.