Sollaug Hafstad i Bremanger har vore isolert lenge, men her får ho vite av Røde Kors-leiar Jan Børge Monsen at den sosiale møteplassen for eldre i bygda opnar opp att - smittetrygt. Vis bildetekst
Sollaug Hafstad i Bremanger har vore isolert lenge, men her får ho vite av Røde Kors-leiar Jan Børge Monsen at den sosiale møteplassen for eldre i bygda opnar opp att - smittetrygt.

Røde Kors bekymra for dei eldste

Eit halvt år etter at korona-pandemien stengde ned landet, er det framleis mange som lever isolerte liv. Røde Kors er bekymra for helsa til dei eldre som har få mogelegheiter for felleskap med andre.

– Du er på ein måte fanga i din eigen heim. Du kan jo ikkje gå fritt som før, det vil du jo ikkje. Men eg set meg ikkje ned og grin for det, seier Sollaug Hafstad i Bremanger.

Sjølv om ho nesten ikkje har vore heimanfrå, og ikkje tek imot særleg med besøk etter korona-utbrotet, er ho ikkje rådlaus. Ho strikkar, broderer, passar blomar både ute og inne, saftar, syltar og ho er alt ferdig med årets julepålegg.

– Det må jo gå seg til. Vi har ikkje noko anna val, seier ho.

 

Mange er bekymra

Samtidig syner ei undersøking Opinion har laga for Røde Kors, at annankvar innbyggar er bekymra for at eldre familiemedlemmer ikkje har det så bra for tida, grunna koronaen. Av dei 1331 personane som vart spurte i eit representativt utval frå heile landet, er 55 prosent bekymra for at dei eldre i familien har blitt meir einsame. Det er også urovekkande å høyre at ein av ti har opplevd at eldre i familien ikkje har fått hjelpa dei treng frå kommunen. Dessutan har fire av ti unngått å møte eldre i familien grunna korona – den siste månaden.

Eg vil bli besøksvenn!

– Undersøkinga stadfestar at det er grunn til å bekymre seg for alle dei som framleis ikkje har høve til å ha særleg sosial omgang med andre. Dette gjeld spesielt personar som bur på institusjon, og det gjeld dei eldre som av ulike grunnar er isolert i heimen sin. Det er ikkje tvil om at det å ha fellesskap med andre er viktig for livskvalitet og helse, seier Arne Dale, som er leiar for Røde Kors Sogn og Fjordane Omsorg.

Arne Dale, leiar Sogn og Fjordane Røde Kors Omsorg
Arne Dale, leiar Sogn og Fjordane Røde Kors Omsorg

Røde Kors har lite tilgang

I Sogn og Fjordane tilbyr Røde Kors besøksteneste i dei fleste kommunane. Over 600 frivillige besøksvener går på besøk eller arrangerer populære, sosiale aktivitetar for bebuarar på eldre-institusjonar og andre eldre som søker fellesskap. Dette tilbodet har vore sterkt redusert det siste halvåret grunna korona-restriksjonar. Dei fleste eldre-institusjonar er stengt for Røde Kors. Mange har dermed mista viktige tilrettelagte sosiale møtepunkt i livet sitt.

– Det var veldig trasig då Røde Kors måtte legge ned handlefellesskapet, seier Hafstad. Eg saknar veldig det å bli henta ein gong i veka for å handle og møte andre over ein kopp kaffi og kaker. Men eg har jo familien til sonen min i nabohuset, telefon og tv, seier Hafstad.

Ho er likevel ein av dei heldige. Aktiviteten til Svelgen-Bramanger Røde Kors startar no opp att - på ein smittetrygg måte.

Ulik praktisering av smittevern

Røde Kors er bekymra for at smittevernreglane vert praktisert ulikt ute i kommunane, og at unødig mange eldre vert isolerte som følge av besøksrestriksjonar. Vi oppmodar kommunane om å jobbe saman med Røde Kors og andre frivillige organisasjonar for å finne måtar å legge til rette for sosial aktivitet på, som ikkje går på akkord med tryggleiken. Enkelte kommunar har funne løysingar for sosial aktivitet som skal vere trygg for alle.

– Vi i Røde Kors oppmodar dessutan alle om å syne ekstra merksemd og stille opp for alle dei eldre som framleis lever meir isolerte liv. Dei treng dykk no. Sjølv eit møte på avstand gjennom vindauget er betre enn ingen møte. Kontakt over telefon er betre enn ingen kontakt. Mange har lært seg å møtest andlet til andlet digitalt – vi oppmodar dei som ikkje har prøvd, om å prøve, og be om hjelp om nødvendig. Det er kjekt å sjå barnebarna og oldebarna, seier Dale.