To unge jenter smiler

Gleder med besøk

- Det er kjekt å glede andre, men ein får jo ei glede sjølv også av å gå på besøk, seier Synne Skrede.

Guro Gjernes Nedrevåg (23) og Synne Skrede (22) er ein del av Besøksteneste Ung som Førde Røde Kors Ungdom satte i gong i 2020. Konseptet er det same som den ordinære besøkstenesta, frivillige besøker nokon som treng eller ynskjer kontakt med andre menneske.

- Det er kjekt å gje nokon den gleda. Dei som får besøk er jo gjerne folk som er mykje aleine og har lyst på besøk. Det er kjekt å gje dei noko positivt i kvardagen, seier Guro.

Besøker saman

Guro og Synne er studentar på Høgskulen og har dermed vore vekke frå Førde i sommar. Dei ser no fram til å starte opp att med besøk etter sommaren. Å vere besøksven som student er fint for å utvide nettverket.

- Eg tenkte at det var kjekt å bli med på noko og å engasjere seg, og samtidig bli kjent med fleire i Førde, også utanfor studentmiljøet, seier Guro.

Guro og Synne er besøksvener saman og går i lag når dei skal besøke sin ven. Det kan vere fint å vere to om ein syns det er litt skummelt i starten, eller om den ein besøker ikkje pratar så mykje.

To jenter går på veg og ser på kvarandre
Synne (t.v) og Guro besøker sin ven saman ein gong annakvar veke.

Sosialt på fleire måtar

Dei som er med i Besøksteneste Ung møtast mellom besøka for å dele erfaringar og for å ha det hyggeleg saman.  

- Det er eit sosialt opplegg rundt oss som er med i Besøksteneste Ung der vi treffast og har samlingar, gjer aktivitetar og snakkar i lag. Det er veldig kjekt og sosialt, seier Synne.

Det å vere på besøk kan like gjerne vere å gjere kjekke aktivitetar saman eller å gå ein tur i nærområdet. Det er opp til ein sjølv og den ein besøker kva ein ynskjer å bruke tida på.

- Ein finn fort ut kva ein syns er kjekt å gjere i lag, seier Synne.

Guro og Synne går gjerne tur saman med den dei besøker og som student kan det vere ein fin måte å bli kjent med byen dei no bur i, og gjerne litt historie.

- Det har vore veldig kjekt å høyre kva den personen har gjort i livet, og å gå rundt i Førde og bli fortalt om ting. Det er jo ein som er ein del år eldre enn oss, så det er fint å bli kjent med nokon i den aldersgruppa, seier Guro.

Fleksibel ordning

Dei besøker vanlegvis ein gang annakvar veke, men det er veldig fleiksibelt. I periodar er Guro og Synne i praksis, og då kan det gå lenger tid, eller kanskje besøker berre ein av dei.

- Det er lite jobb, det krev ikkje så mykje av oss for oss å besøke annakvar veke, men det er veldig kjekt for den ein besøker, seier Synne og legg til at det er veldig kjekt for dei som besøker også.

For Synne og Guro som skal bli sjukepleiarar kan det å vere besøksven vere ei nyttig erfaring før yrkeslivet tek til.

- I jobben som sjukepleiar kjem vi til å vere mykje med folk og då er det er kjekt å bli kjent med nokon der ein kan gjere dei hyggelege tinga. I yrket vårt får ein nok ikkje tid til det, å berre bli kjent og prate, seier Guro

Ynskjer fleire unge besøksvener

På spørsmålet om kvifor fleire unge bør bli besøksvenar svarar Synne:

- Det er sosialt, kjekt og gjevande å vere frivillig. Om ein tenker at det å gå på eit besøk annakvar veke er noko ein kan gjere, så er dette ein veldig fin måte å vere frivillig på.

Guro er einig og legg til:

- Det er fint at vi er ein del av Røde Kors Ung, og får bli kjent med andre gjennom det, og blir kjent med nokon som vi ikkje hadde blitt kjent med elles.

Aktiviteten vart naturleg nok litt avgrensa gjennom korona, og det vart vanskeleg å besøke i periodar, men no er Besøksteneste Ung i gang igjen og fleire besøksvener er ynskjeleg.

Les om Besøkstenesta her

30 prosent av dei eldre kjenner seg einsame

I rapporten “Glemt i eget hjem – hvordan hindre at hjemmet blir en institusjon uten sosial kontakt i alderdommen”, som Røde Kors Noreg nyleg har lansert, kjem det mellom anna fram at tre av ti eldre ynskjer å vere mer aktive enn dei er i dag. Barrierene handlar mellom anna om at dei eldre ikkje vil vere til bry for andre og at dei ikkje har nokon å vere aktive saman med. Rapporten seier også at 30 prosent av dei eldre sier at dei kjenner seg einsame.

Ein besøksven kan vere med på å lyse opp ein elles så monoton kvardag. Ved å vere besøksven i Røde Kors kan ein vere med å spre kvardagsglede og bidra til å hindre einsemd. 

Trykk på knappen under for å bli besøksven. Du melder deg då som frivillig i Røde Kors. Skriv kva aktivitet du ynskjer å delta på og så tek vi kontakt for å høyre om du vil vere med i den ordinære Besøkstenesta eller i Besøksteneste Ung. Vi set opp kurs når det vert behov for det.

Eg vil bli besøksven!