Ferie for dei som treng det mest

- Dette er akkurat det vi trengte! Det er kjempedeilig for familien å få ein sånn ferie saman, seier Marwa, 13 år.

Måndag morgon klokka ti ringer telefonen hos familien til Marwa. Nokon har meldt avbod grunna sjukdom og dermed har det dukka opp ein ledig plass for ein familie på «Ferie for alle».

- Vi sat heime og kjeda oss og vart veldig glad då vi høyrte at det var ein ledig plass, fortel Marwa.

Familie med fire barn
Far Enad, Mohammad (8, snart 9), mor Rokayia, Marwa (13), Aya (15) og Riham (19) er ekstra glade for å vere på Haugland denne godvêrsveka.

Heiv seg rundt

Det var ingen tvil, familien ville på leir. Dei heiv seg rundt, pakka sakene sine og tre timar seinare var dei på plass på Haugland.

Familien på sju har vore deltakarar på «Ferie for alle» fire gangar før, og dei tenkte at det var difor dei ikkje fekk plass denne gangen, fordi nye skulle få komme til.

- Sist var det berre regn, men denne gangen er der fint vêr, difor var det ekstra kjekt å få vere med, seier mor i familien, Rokayia.

Storebror har sommarjobb i barnehage og er difor ikkje med på leir denne veka, medan storesøster, Riham er med som frivillig. Storebror skal også vere frivillig ei av dei andre vekene. At barna går frå å vere deltakar til å bli frivillig, seier nok sitt om kor fint familien har hatt det på leir.

Aktivitetar på fjorden

I år er det rundt 300 deltakarar og 60 frivillige fordelt på tre veker med leir på Haugland. Leirane skal gje ein etterlengta ferie for dei som treng det mest. Å ha kjekke dagar saman som familie er eit viktig avbrot i ein hektisk kvardag. På Haugland er alt lagt til rette for å få gode opplevingar saman.

Tilbodet er eit samarbeid med leirskulen UWC connect på Haugland. Dei har eit stort aktivitetstilbod, spesielt ved og i fjorden. Gjestane bur i internatet til UWC og et i kantina. 

Familien til Marwa har deltatt på dei ulike aktivitetane. Mor har ridd på hest medan far har stått på SUP-brett.

- SUP var det kjekkaste, seier Marwa, og ho legg til at det var gøy at pappa også var med.

To barn og mor padlar i kano
Deltakarane på "Ferie for alle" får prøve ulike vatnaktivitetar som til dømes å padle i kano.

Avhengig av frivillige

For å arrangere leirane er vi avhengig av å få nok frivillige. På kvar leir har vi om lag 20 frivillige som står på og gjer ferieleiren til ei god oppleving for familiane.

Storesøster Riham skal vere frivillig på alle dei tre ferieleirane på Haugland i år, i heile tre veker i strekk. Ho følger opp ei gruppe deltakarar, passar på at dei har det bra og er orientert om programmet. Dei frivillige byrjar sitt opphald med ein dags opplæring. Vidare held dei på kvar dag frå morgonmøtet klokka ni, to runder med aktivitetar, og vidare er det måltid, bading, bingo, kino og ungdomskveldar - det går i eitt heile dagen.

Deltakar skyt med pil og boge medan frivillig heiar.
Eldste datter i familien er frivillig på ferieleiren. Som frivillig støttar og motiverar man deltakarane i aktivitetane.

- Det er noko å passe på heile tida. Det er veldig gøy, men også litt skummelt, men vi frivillige hjelper kvarandre, fortel Riham.

Riham er glad for at familien fekk vere med i siste liten. For familien betyr det mykje å få ei veke avbrekk frå kvardagen.

- Det hadde ikkje blitt noko ferie på oss om vi ikkje hadde fått plass her, så vi er veldig glad for å ha fått denne veka saman som familie, seier mor Rokayia.

Bli frivillig i Røde Kors

 

Sjå videoen frå årets leir over.