Vitnestøtte i Fjordane tingrett Vis bildetekst
Førde Røde Kors vitnestøtte feirar ti år i 2019. Desse har vore med sidan oppstarten.

Har trygga 2325 vitne

Ti år etter at Røde Kors sine frivillige vitnestøtter byrja arbeidet sitt i Fjordane tingrett, har 2325 vitne fått støtte før dei har gått i retten. Det betrar rettstryggleiken.

– Vitna kjem som oftast med høge skuldre, mange er i ein vanskeleg situasjon, seier Per Atle Holmøyvik, som har vore vitnestøtte sidan byrjinga hausten 2009.

Oppgåva til vitnestøttene, er å gjere vitna trygge. Dei fleste har aldri vore i ein rettssal før, og mange trur det er som i amerikanske filmar. God informasjon om kva som skal skje i rettssalen, kven som er der, og kva roller dei har, er det grunnleggande.

Norvall Nøringset og Terje Mowatt.
Under markeringa av ti-årsjubileet for vitnestøttene i Førde, signerte Førde Røde Kors sin leiar Norvall Nøringset og sorenskrivar Terje Mowatt, ei avtale om å halde fram med aktiviteten vitnestøtte.

– Dei har mange spørsmål, som om tiltalte sit i rettssalen medan dei skal vitne, om tiltalte vert dømt ut frå det dei skal sei, om dei må stå heile tida, seier han.

Informasjon gjev tryggleik, men det gjer det å møte eit menneske som bryr seg også. Ein person som kan lytte og prøve å svare på sprømål, ein person som kjem med kaffi og hjelper vitnet med å vere på rett stad til rett tid.

– På desse ti åra har eg snakka med 385 vitne. Eg føler at eg gjer ein sosial jobb som kjem folk til gode, seier han.

Fjordane tingrett sin vitnestøttekoordinator, Inger Huus, er svært glad for innsatsen som er lagt ned desse åra, og er stolt over alle dei frivillige arbeidstimane som er lagt ned for at så mange vitne skal kjenne seg trygge.

– Slagordet vårt er at eit trygt vitne, er eit godt vitne. Trygge vitne gjev betre forklaringar, og det gjev betre rettstryggleik, seier Huus.