Bli frivillig på Ferie for alle!

Vi søker ferietanter, ferieonklar, ferievener og feriebesteforeldre.

Som frivillig på våre ferietilbod er du engasjert i lag med andre med å legge til rette for ei god og etterlengta oppleving for våre feriefamiliar. Du er med på leik, aktivitetar, utflukter, festlegheiter - ja, det ein god ferie har å by på.

Kven kan vere frivillig?

Alle kan vere frivillig på "Ferie for alle". Din viktigaste eigenskap er ditt store hjarte, men vi treng alle typar frivillige med ulik kompetanse. Den aktive, omsorgspersonen, gledesspreiaren, den språkmektige, du som likar deg på sjøen, du som likar å lage mat, spele spel og drive med handarbeid, yngre og eldre. Vi treng ferietanter og ferieonklar, feriebesteforeldre, og ferievener. Du kan bidra med det du kan og trivast best med!

Vi har trong for frivillige i veke 27 og 28.

Eg vil bli frivillig på ferieleir! 

Frivillig Hedda på sommarleir
Frivillig Hedda Andrine Skår Indrebø: "Med ein gong ein kjem inn døra første dagen, vert ein møtt av stor smil og praten går. Som frivillig på "Ferie for alle" er ein med verdas finaste gjeng. Vi er så ulike, men alikevel jobbar vi så ekstremt godt i lag".

Aktivitetar

Vi har ulike aktivitetar kvar dag. Døme på aktivitetar er kano, tubekøyring, symjing og fisking. På vinterleiren er det ski, aking, grilling og meir. Dei frivillige er med på dei ulike aktivitetane, og hjelper den som er aktivitetsansvarleg og foreldre/følgjepersonar med det dei har behov for.

2021-07-06_14-30-00_ffa kopi
Frivillig Daniel Andreassen: "Alle aktivitetane her er ting eg sjølv tykte var gøy å halde på med som barn. Det er kjekt å kunne gjere det same som vaksen, med ei større meining bak. Ein gir noko tilbake til familiane som deltek. Det gir meg noko."

Praktisk i leirveka

Vi har 15-20 frivillige på kvar leir på Haugland, og om lag 5 frivillige på vinterleir. Som frivillig møter du søndagen før leirstart. Ved oppmøte får du omsyning på leirstaden og meir detaljert informasjon om leirveka og dine arbeidsoppgåver. På denne måten verte du betre kjend med dei andre frivillige. Du vil også få førstehjelpskurs.

For kvart leiropphald er det utarbeidd ein beredskapsplan for uventa hendingar, og denne vert gjennomgått søndagen.

Dei frivillige overnattar på eigne rom.

På kvar leir er det ein leirsjef som har hovudansvar for alt som skjer på leiren. Leirsjef er næraste kontaktperson for alle dei frivillige. Elles er det faste møtepunkt, der ein fordeler oppgåver og elles tek føre seg det som har skjedd eller skal skje.

2021-07-06_12-04-46_ffa kopi
Frivillig Ireen Pemphere Mbuna: " Eg trur berre det er i meg, å hjelpe. Eg elskar å hjelpe folk der eg kan. Viss eg gjer noko og ser eit menneske smile på grunn av noko eg har bidratt med, så kjenner eg ei lukke".

Ynskjer til frivillige:

  • Du er over 18 år, men vi gjer unntak dersom ein er særleg eigna og/eller har god Røde Kors erfaring frå før.
  • Du er pliktoppfyllande
  • Du er leiken og trygg.
  • Du er hjelpsam og støttande.
  • Du er varm med eit stort hjarte.
  • Du er glad i å vere med andre og ein lagspelar.
Frivillig Ala Daoud
Frivillig Ala Daoud: "Eg vert så glad av å vere med ungane. Når dei vert glad vert eg glad."

Som frivillig får du:

  • God og gratis opplæring for å bli trygg i rolla som frivillig
    • Introduksjon til Røde Kors.
    • Førstehjelpskurs.
    • Temakurs oppvekst.
  • Sogn og Fjordane Røde Kors dekkjer alle utgifter for dei frivillige (reise, kost og losji)
  • Attest i etterkant av leiropphaldet.
  • Hjelp og oppfølging i for- og etterkant av leiren.
2021-07-06_11-52-09_ffa-2 kopi
Frivillig Hedda Andrine Skår Indrebø: "Ein får først og fremst gje noko til andre, bidra til ei god ferieoppleving. Eg har alltid veldig godt samvit når eg reise herifrå – eg har brukt tida mi for å gje desse familiane eit godt ferieminne. Så ser ein jo at alle er så glad, og då føler ein jo at ein saman har oppnådd noko bra med denne veka".

Les meir om Ferie for alle her. 

Ta kontakt med Katja for å få svar på spørsmål.

Katja Nielsen
Katja Gulhaugen (Katja Nielsen)
Jobbar med Ferie for alle, Julegleder for barn, Barnas Røde Kors og anna aktivitet innan barn og omsorg.
E-post
katja.nielsen@redcross.no
Mobil
411 72 494