Gruppebilete av deltakarar Fylkestreff Nesholmen Vis bildetekst
Foto: Jostein Vedvik

Rekorddeltaking på Fylkestreff for unge

70 ungdommar var samla på Nesholmen i varm haustsol for å lære om viktige Røde Kors-tema og for å ha det kjekt i lag.

- Dette er det viktigaste de har i heimen, innleiar brann- og beredskapssjef i Gloppen Kommune, Kjell Aske medan han held ein røykvarslar i handa.

Ungdom i alderen 13-18 år frå heile Sogn og Fjordane er samla på Fylkestreff på Nesholmen, og brannøving er på timeplanen. Brannsjefen med det klingande etternamnet Aske fortset med å oppfordre ungdommen til å sjekke om røykvarslarane heime fungerer når dei kjem heim etter leiren.

Frivillig slukker brann i gryte ved å legge på lokk
Frivillig Denice van Dijken legg eit lokk over gryta for å slukke brannen. Brannsjef Kjell Aske i bakgrunnen.

Fellesskap og førstehjelp

På leir med Røde Kors er det klart at ein må lære om førstehjelp, beredskap og samband. Ein del av ungdommen har kjennskap til Røde Kors ved å vere med i Røde Kors førstehjelp og friluftsliv (RØFF), medan for andre er det første møte med Røde Kors.

- Ungdommane kjem hit for å lære førstehjelp og branntryggleik på ein kjekk og praktisk måte, fortel leirsjef Olaug Søvde-Berg.

Tre ungdommar øver på hjerte-lungeredning og hjertestarter ute med fjell og vatn i bakgrunnen.
Ungdommen fekk øve på vanleg hjarte-lungeredning og hjartestartar.

Ungdommane vert delt inn i ulike grupper og sendt rundt på ulike stasjonar. På kvar stasjon får ungdommane prøve seg på praktiske utfordingar og mellom anna øve på hjarte-lunge-redning, sideleie, bandasjering og på å sløkke brann.

- Eg har lært mykje nyttig, som eg tek med meg vidare, til dømes frå brannøvinga. No veit eg meir om korleis eg kan redde liv, seier deltakar Wafaa Shwan frå Florø.

Tre ungdom øver på sideleie
Wafaa (på golvet) og hennar nye vener øver på sideleie.

Vennskap på tvers av kommunegrenser

I tillegg til å lære nyttig kunnskap er det også viktig at ungdommen har det sosialt og kjekt i lag. Wafaa kom som einaste deltakar frå Florø, men det tok ikkje lang tid før ho fekk nye vener.

- Eg trur det betyr mykje for ungdommen å komme hit, det er mykje sosialt og det er kjekt for dei å møte ungdommar frå andre kommunar og lokallag, seier Olaug Søvde-Berg.

To unge frivillige med framfor raudt hus med vatn og fjell i bakgrunnen.
Olaug Søvde-Berg (t.h.) og Denice van Dijken er frivillige på fylkesleiren, og Olaug er leirsjef. Dei møttes sjølv på fylkesleir for nokon år tilbake og har vore vener sidan.

Signe Grøttebø Undal frå Lærdal har vore med i RØFF sidan dei starta opp der for to år sidan, og dermed kan ho ein del om både førstehjelp og friluftsliv, men likevel er det noko nyttig ho har lært meir om på Fylkesleiren.

- Eg har lært meir om å bli kjent med nye folk, for det er eg ikkje så flink til vanleg, så eg har blitt flinkare til det, seier Signe.

Fem ungdommar lagar bål og ly.
Ungdommane vart delt inn i grupper og fekk utdelt ein situasjon dei skulle øve på. Her er gruppa til Signe i gang med å lage ly og bål for ein kamerat som har skada foten. I tillegg skulle dei lage spjelk og båre for den skada. Signe er til venstre i bilete.

Livsviktig kunnskap

I tillegg til brannøving og førstehjelp fekk ungdommane øve seg på bruk av samband, dei fekk lære å legge katastrofesminke og dei fekk prøve seg på ei situasjonsøving. Dette er kunnskap som ein kan ha trong for dersom ein i framtida ynskjer å verte frivillig i Røde Kors, men det er også kunnskap det er nyttig å ha i livet elles.

To armar syner sminka sår som ser heilt realistisk ut
Ungdommane fekk prøve seg på å legge katastrofesminke. Ein kunnskap som kan vere nyttig om ein skal vere markør på øving med Hjelpekorpset.

Målet med Fylkestreff for unge, ved sidan av å vere eit sosialt treffpunkt og ein introduksjon til Røde Kors, er å gje ungdommen nyttig og livsviktig kunnskap som dei tek med seg heim, men forhåpentlegvis ikkje får bruk for.

Kanskje kan dei gje klassekameratar nokon tips om kva dei skal gjere om dei kjem til ein stad der nokon er i fare eller har skada seg. Og kanskje kom det 70 ungdommar heim til familien sin på søndag for å teste røykvarslarane?

Støtt vårt arbeid, bli medlem!